hareid_il_logo_135.png









 

15.08. Marginane imot heime mot Bergsøy - Men ballgutane ser framover!

Etter ei veke med fotballcamp avslutta nokre av deltakarane med å vere ballguttar. Sjølv om resultat ikkje var det beste holdt dei humøret oppe!
Etter ei veke med fotballcamp avslutta nokre av deltakarane med å vere ballguttar. Sjølv om resultat ikkje var det beste holdt dei humøret oppe!

Hareid tapte i dag med 1-4 heime mot topplaget Bergsøy. Kampen enda dessverre med eit klart tap, men det var mykje takket vere at Bergsøy scora på nesten alt av sjansar i første omgong, samtidig som Hareid hadde stong ut fleire gongar.

|

13.08. VELLUKKA FOTBALLCAMP SÅ LANGT

To av fire dagar av Sparebanken Møre Fotballcamp er no over. Det har vore to fantastiske dagar med full aktivitet. Det har nærare 70 born, 15 instruktørar og 10-12 andre vaksne bidrege til. Sjekk mange fleire bilete på vår Facebook-profil. 

10.08. TAKK FOR INNSATSEN, KARE'!

Daniel Skare Haanes har flytta til USA.
Daniel Skare Haanes har flytta til USA.

I likskap med mange andre lag på denne tida av året mistar Hareid ein del spelarar i sommar. Vi ønskjer med dette å takke dei som går av for innsatsen.

08.08. FOTBALLCAMPEN NÆRMAR SEG

camp_planlegging.jpg

Hareid IL Fotball si storsatsing denne seinsommaren er ein fotballcamp, som blir arrangert frå måndag til torsdag neste veke i samarbeid med Sparebanken Møre, Sportssenteret og Bunnpris. Heile 65 born er påmelde. På biletet ser vi om lag halvparten av arrangementsgruppa. Frå venstre: Christine Ottesen (med Kjell Ottesen Mork), Evelyn Røren og Anita Waage. Girri, girri!

08.08. HAREID 2 ER I GANG

Vinnarlaget på treninga. Frå venstre: Håvard Øvrelid, Håvard Knudsen Bjåstad, Thomas Bøe Østrem, Robel Berihu og Øyvind Grimstad Gryt.
Vinnarlaget på treninga. Frå venstre: Håvard Øvrelid, Håvard Knudsen Bjåstad, Thomas Bøe Østrem, Robel Berihu og Øyvind Grimstad Gryt.

04.08. HAUSTSESONGEN NÆRMAR SEG FOR HERRELAGET

Hareid opplevde både medgang og motgang i løpet av vårsesongen. Her er Markus Hareide, Rikard J. Osnes, Lars Roar Holstad og Henrik Hareide Holstad etter ein heimekamp på stadion.
Hareid opplevde både medgang og motgang i løpet av vårsesongen. Her er Markus Hareide, Rikard J. Osnes, Lars Roar Holstad og Henrik Hareide Holstad etter ein heimekamp på stadion.

Hareid mistar ein del spelarar, men skal gi alt i kampen om ny kontrakt.

02.08. NORWAY CUP OVER FOR DENNE GONG, STERKE PRESTASJONAR AV HAREID

Hareid sitt J14-lag.
Hareid sitt J14-lag.

01.08. VELKOMEN TIL FOTBALLCAMP

Her kjem deltakarinfoen. Den er sendt ut på mail til foreldre/føresette, men sidan nokre hadde gløymt å legge ved mailadresse kjem den her også:

31.07. HAREID LEVERER VARENE PÅ NORWAY CUP

Hareid IL har sterke tradisjonar i Norway Cup, og også i år har laga våre levert sterke prestasjonar. Per klokka 14.00 onsdag heng alle Hareid-laga med i anten a- eller b-sluttspelet.
* J14 er klare for 1/8-finale i a-sluttspelet. Rosendal er motstandar klokka 17.15 i ettermiddag.
* G16 er også klare for 1/8-finale i a-sluttspelet. Røa blir motstandar klokka 18.15.
* J16 spelte uavgjort i sine to første kampar i puljespelet, men tapte 3-2 i tredje kamp og hamna dermed i b-sluttspelet. Hareid sin første kamp i dette sluttspelet går klokka 20.15 i kveld. Motstandar er ikkje klar enno.
* G14 (som er einaste Hareid-lag som spelar 11-ar) hadde stong ut i gruppespelet og mangla berre eitt mål på å gå vidare frå "dødens gruppe". Men laget har opna godt i b-sluttspelet. Neste kamp der går klokka 19.00 i kveld mot Fron.
** Hugs at du får mykje meir info, mange foto, liveoppdateringar ++ på vår Facebook-side. Girri, girri!

26.07. Før Norway Cup: Klar tale frå G16 spelar - "Vi skal springe, score og vinne!"

lagbilete_g16.jpg

No er det dagen før dagen, og difor er det på høg tid at vi presenterar fjerde og siste lag frå Hareid som skal spele Norway Cup, nemleg Hareid G16.

|

23.07. Før Norway Cup: Hareid G14 i dødens gruppe

I dag er det på tide å presentere Hareid G14. Hareid G14 er eit lag som består av eit godt kollektiv, samtidig som det finst fleire spelarar som kan gjere det lille ekstra. Laget har blant anna landslagsspelarar, kretslagsspelarar, og spelarar som har hospitert med eldre lag.

lagbilete_g14.jpg
|

21.07. MINNER OM PÅMELDINGSFRISTEN TIL FOTBALLCAMPEN

Fristen til å melde seg på Sparebanken Møre Fotballcamp er 31. juli. Påmeldingsskjema finn ein i menyen til høgre. Så langt er 56 born påmelde. Planlegginga er godt i rute. Det blir dyktige a-lagsspelarar (både menn og damer) som blir instruktørar. I pausane blir det ulike aktivitetar inne og ute, i tillegg til sponsa lunsj. Det blir også gåver frå sponsorane. Vi ser fram til fire dagar med fotball og moro frå 12. til 15. august. Så bli med, bli med! PS. Om nokon av dei yngste vil ha halv dag så er det sjølvsagt heilt greitt. Ein må berre hugse å gi skikkeleg beskjed til instruktørane når ein eventuelt kjem og hentar. 

21.07. Før Norway Cup: J16 vil ha fokus på gode opplevingar og felleskap

hareid_j16_lagbilete.jpg

Før Norway Cup byrjar neste helg skal vi presentere alle dei fire Hareid-laga som reiser til Oslo. Først ut var J14, men no er det dei eldste jentene sin tur, nemleg J16. 

|

14.07. HAREID 2 OPNAR MOT TJØRVÅG 2

Vinnarlaget på HIL2-treninga torsdag denne veka.
Vinnarlaget på HIL2-treninga torsdag denne veka.

Hareid 2 er sannsynlegvis det laget på Sunnmøre med seinast sesongstart i år.

11.07. Før Norway CUP: J14 har høge ambisjonar

j14-vika.jpg

Før Norway Cup byrjar den 27. juli skal vi presentere alle dei fire laga frå Hareid IL som skal delta på verdas største fotballturnering. Først ut er årets debutantar på Norway Cup, nemleg Hareid J14.

|

09.07. 35 PÅMELDE TIL FOTBALLCAMPEN SÅ LANGT

Det er framleis ei god stund igjen til påmeldingsfristen til fotballcampen går ut (31. juli). Men allereie no ser vi at det blir god påmelding. 35 er klare så langt, og nokre har sagt at dei kjem til å gjere det. Uansett om det skulle bli 40 eller 50 (eller eit anna tal) som melder seg på til slutt lovar Hareid IL Fotball eit godt opplegg rundt campen. Det er allereie fleire instruktørar og andre hjelparar som er booka, og fleire kjem etter kvart.

Sjekk påmeldingsinfo i menyen til høgre. 

09.07. STYRELEIAREN: - TRENG BREIDDA FOR Å FÅ FRAM TOPPANE

Les sommarintervju med styreleiar Einar Orten Trovåg i Vikebladet Vestposten her. Tema er fotballcampen, ekstratreningar, lag som er starta opp, ulike utfordringar vi har, litt om topp og breidde ++. 

09.07. CRUISEJAMIN REITE I VINDEN - HAR BLITT RIKSKJENDIS

Benjamin Reite i ein treningskamp mot Hødd 2 i 2010. Det blir nok varmare når han no skal på cruise.
Benjamin Reite i ein treningskamp mot Hødd 2 i 2010. Det blir nok varmare når han no skal på cruise.

Benjamin Reite seglar i medvind for tida. I slutten av juni spelte han sin 100. a-kamp for Hareid og rydda opp i stor stil då det vart 0-0 borte mot LGFK.

06.07. Vi har snakka med Hilde Årsbog Bjåstad etter ei veke saman med landets største talent

.
.

Hilde Årsbog Bjåstad har no komt heim til Hareid etter å ha vore på Equinor talentleir frå den 29. juni til den 3. juli i Porsgrunn. Der har ho fått målt krefter mot dei aller beste jentene i landet.

|

01.07. SOMMARHELSING FRÅ STYRELEIAREN I FOTBALLGRUPPA

eot2127.jpg
Forhånd.1234567...343Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR