hareid_il_logo_135.png









 

Ingen negative svar til no

Klubbane i lokalmiljøet verkar veldig positive til at Hareid 2 får spele i 5. divisjon avdeling 1 i 2009. Vi har fått formelle svar frå Gjerdsvika, Haddal og Hasundgot, og munnelege positive tilbakemeldingar frå Gursken/Larsnes, Flø og Bergsøy 2. Alle har sagt at dei gledar seg kjempemykje til å spele mot Hareid 2 i 2009, og at 18 kampar i staden for 16 berre er kjekt. Kvamsøy, Tjørvåg og Åheim har vi enno ikkje høyrt noko frå, heller ingen frå andre sida av fjorden.

Hareid 2 kan kome i avdeling 1 likevel

Etter nokre dagar med hektisk telefon- og mailkommunisering mellom Sunnmøre Fotballkrets og Hareid IL Fotball, kan det no ordne seg med tanke på at nyoppstarta Hareid 2 får stille i 5. divisjon avdeling 1, med lokale lag som Hasundgot, Flø etc.
Alle laga i 5. divisjon avdeling 1 og 2 får mail om at Hareid vil bytte avdeling, og med mindre eit lag blånektar på dette, så ordnar dette seg. Endeleg avklaring vil kome over helga.

Hareid droppar Nevstad og Eid

Hareid-trenarane har bestemt seg for ikkje å prøve på å få Hødd-veteranane Sindre Eid og André L. Nevstad til å bli Hareid-spelarar, sjølv om minst ein av dei var positiv til ein dialog. Hareid vil heller satse på sine eigne gode og unge talent.

Hareid stiller lag på Oddencupen

Oddencup som den blir kalla, etter primus motor Odd Arne Seljeset, blir arrangert komande fredag og laurdag. Turneringa er for 4. og 5. divisjonslag, pluss at Island Offshore , SUFH og eit juniorlag frå Åram stiller opp. Hareid stiller eit lag basert på Hareid 2-stallen, men sidan halve Hareid 2-stallen er i England og Italia denne helga, har også eit par andre fått plass i troppen.
Hareid er i gruppe med Åram, Island Offshore og Flø 2. lag. Kor god denne gruppa anar vi ikkje. Underteikna har aldri spelt denne cupen før heller.

Troppen ser slik ut no: Stig Andor Engen, Fredrik S. Bøe, Alexander Teigene Paus, Magne Kjell Wingsternes, Christer Adrian Mork (?), Einar Orten Trovåg, Åge Møgster, Erdal Aydin, Benjamin Reite (?), Erdal Aydin, Steffen Uldbæk.
Arve Haugland kan vere aktuell som keeper laurdag sidan Stig Engen då skal på sonesamling. Haugland må dessverre prioritere eit pokerlag fredag. EOT

Gunnarstein skal trene med Hareid framover

Marius Gunnarstein vil trene med Hareid framover, og ein skal slett ikkje sjå vekk frå at venstrekanten blir å sjå i den raude drakta i år. Marius var ikkje på treningsfeltet onsdag, men kompisen Thomas Sætre Hauge kunne fortelle at Marius dukkar opp på torsdagstreninga. Sætre Hauge forresten klar for spel for Hareid. Overgangspapira ligg no i heimen til Thomas, men han kjem til å levere dei til støtteapparatet torsdag.
Andre nye eksterne spelarar i årets Hareid-stall er Andreas Johann Kurseth, Steffen G. Lilleås og Robert Ulfstein.

- Vi kan også melde at den lyskeplaga Per Ståle Nykrem er tilbake på treningsfeltet. Situasjonen rundt fjorårets kaptein og årets spelar Martin Andreas Molnberg er framleis uavklart, men det må nok skje noko ganske snart om Martin (som forresten er nygift) skal spele for Hareid i år.
- Fire mann som trente alternativt onsdag var Kim-Tore Husøy, Benjamin Slettebakk, Joar Møller og Kjell "Kjellen" Skarshaug. Dei tre sistnemnte er ute med kortvarige skadar, medan Kim-Tore Husøy har ein lang veg å gå før han er tilbake i kampform.
- Ein mann som var med på a-treninga onsdag var Kevin Hestholm, f. 1992. Ein tidlegare spiss på guttelaget som no satsar som keeper.

Hareid 2 vart sett opp i "feil" avdeling

Mot lova frå kretsen vart nyoppstarta Hareid 2 sett opp Hareid i avdeling 2 saman med lag som Stranda 2, Sykkylven 2, Stordal og Sæbø.
Som Hareid har sagt heile tida, er dette heilt uaktuelt for oss.
Om ikkje kretsen setter Hareid 2 opp i avdeling 1 saman med våre lokale lag må vi dessverre trekke laget frå divisjonssystemet. Vi ser ikkje noko problem med at kretsen endar på oppsettet. No ventar vi på endeleg svar frå Geir Ringstad og co i kretsen. Håper dei "tar til vet".

Vikebladet si sak om temaet: http://www.vikebladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20090203/SPORT/621427744/1037

Ronny Jørgensen i betring

Før måndagens trening sa Hareid-spiss Ronny Jørgensen det alle Hareid-fans vil høyre: Kneet hans er i betring. At kondisen ikkje er heilt patent kan vi leve med.

Ronny har 52 mål på 55 Hareid-kampar, men måtte stå over heile 2008-sesongen grunna ein kneskade. Ronny kan bli ei viktig brikke på Hareid i 2009, men vi kan vel neppe forvente at han skal ha inne 2007-forma med det første.

Gunnarstein på Hareid-trening

Marius Gunnarstein (21) var måndag på Hareid-trening og viste seg fram. Kor vidt larsnesingen, som er kompis med Thomas Sætre Hauge er aktuell for Hareid-overgang er ukjent.

Gunnarstein er primært ein angripar eller midtbanespelar med god og presis venstrefot. Han er også ganske kjapp. Marius er broren til Hødd-spelar Oskar og son av Larsnes-legenda Jarle, og har spelt a-fotball for Larsnes  og Gursken/Larsnes, i tillegg til kortare opphald innom Lillestrøm og Bergsøy.

Nupen vender heim

André Egset Nupen flyttar heim til Hareid, etter å ha budd eitt og eit halvt år i Bergen.
Nupen har fleire sesongar bak seg på a-laget, og står med 162 kampar og tre mål på adelskalendaren. Nupen har spelt både stoppar og back på Hareid, og som 19-åring var han kaptein på det svært unge Hareid-laget i 2003. Nupen var som regel alltid bankers på laget, men då Martin Molnberg dukka opp våren 2007 vart han benka. 25-åringen er faktisk den einaste som har blitt kåra til årets spelar i herreklassen på Grendacupen to gonger (2000,2005).

Ifølgje rykta skal André trene med a-laget og sjå kva nivå han held, men spel for Hareid 2 er visst nok slett ikkje uaktuelt.

Nupen er utdanna lærar, og ifølgje rykta skal han inn i det yrket når han no flyttar heim.

Hareid vurderer Eid og Nevstad

Hareid IL Fotball har retta ei formell henvending til Hødd om kontraktsstaus til høddarane Sindre Eid og André Nevstad, som begge gjorde comeback for endte gong for Hødd i fjor. Hareid har fått løyve til å snakke med dei to om ein eventuell overgang, men det blir no opp til André Skotheim om kor mykje han vil legge i å hente dei to over Hareidseidet.

Skadenytt: KurZ må operere

Hareid sin nye midtbanemann Andreas Johann Kurseth må gjennomføre ein leggoperasjon. Det er ikkje gode nyheiter at han blir ute ei stund, men seriestarten skal ikkje vere i fare.
KurZ sin kompis og også ny Hareid-spelar, Steffen G. Lilleås, har også problem med leggane for tida.
Elles kan vi melde at Ronny Jørgensen er tilbake i forsiktig trening, medan Thomas Sætre Hauge er småskada. Per Ståle Nykrem har lyskestrekk.
Martin Molnberg, fjorårets Hareid-spelar og tidvis også kaptein, har ikkje begynt å trene endå. Vi reknar med ei avklaring på om Martin blir med eller ikkje i år om kort tid.
Joar Møller er også ein mann som er skada, han har problem med eine låret. Vi trur heldigvis ikkje at det er alvorleg for mannen som var fast venstreback på a-laget i 2006, men sidan har slite med skadar.
Ein annan skadeforfulgt Hareid-spelar, Kjell Roger Skarshaug, spelte ca. 35 minutt på midtbanen til Hareid 2 fredag, før han måtte ut med ein skade...

Treningskampane til a-laget

14.02 Langevåg
21.02 Bergsøy
14.03 Spjelkavik
21.03 Træff
28.03. Hødd junior

A-laget har til no spelt ein treningskamp, over ser du dei andre kampane som er planlagte til no.
Medan Hødd sitt juniorlag valsar over det som er i kvaliken i Sunnmørshallen, som i fjor, er det vanskelegare å seie kvar Bergsøy står. Dei spelte sin første treningskamp under nyetrenaren Lars Petter Rønnestad i dag søndag, då dei slo Åheim 5-2. Åheim vann 6. divisjon avdeling 2 i fjor. Bergsøy har mista mange spelarar dei siste åra, spesielt til Hareid, og har i tillegg det vanlege problemet med at mange er sjøfolk. Så spørs det om LPR klarer å få pilkarane opp igjen i 3. divisjon, etter tre år på nivået under.

Hødd a-lag, som Hareid spelte 4-4 mot tidlegare i veka, spelte to kampar på CLS denne helga. 2-1 mot Levanger og 0-0 mot Ranheim (tap på straffekonk). Hødd stilte omtrent det same laget som mot Hareid. Ørjan E. Grimstad, som vi kjenner godt, kom inn begge kampane. Mange vil nok bli overraska om ikkje Ørjan blir fast på Hødd i år.

Kor gode Langevåg og Vika blir i år veit vi lite om, men Vika satsar hardt og har for andre vinteren på rad bytta ut over halve stallen.

eot

Svart dag for hareidsfotballen

Guttelaget tapte sine tre første kvalikkampar, det same gjorde juniorane, som i dag tapte 9-0 for Herd. Tidlegare i kvaliken har Hareid tapt 7-4 mot Bergsøy (som var ein grei prestasjon sidan Hareid berre mønstra 11 mann) og så 1-9 for Volda.

Dette blir første gong at Hareid verken får gutte-eller juniorlaget til 1. divisjon, etter at det nye systemet med vinterserie som kvalik vart innført.

Ein får berre tenke framover, og hugse på at det er mange talent i hareidsfotballen. Men no når tre svært sentrale spelarar har gått til Hødd er det ikkje ei sjølvfølge at juniorlaget går til 1. divisjon.

Guttelaget ute av dansen

Det blir spel i 2. divisjon på det svært unge guttelaget til Hareid i år. Laurdag morgon tapte Hareid heile 22-1 mot AaFK. Høgreback Håkon Orten Trovåg scora for raudtrøyene.

Sidan gutane tidlegare har tapt både mot Herd og Spjelkavik, vil det truleg ikkje ha noko å seie om Hareid skulle slå Aksla i Ratvika tirsdag 10. februar - som er den siste kvalikkampen.

B-treningane framover

Det er framleis ikkje for seint å hive seg på den nystarta laget Hareid 2. Laget trenar to gonger i veka, måndag og onsdag kl. 20.45. Som regel blir det ei innetrening og ei ute no i vinter. Spelarane får tilsendt sms med kvar treningane blir heldt før kvar økt.

Som dei som har lest artikkelen til Sondre Åkervik lenger nede har forstått, så har Hareid 2 alt spelt to treningskampar, begge mot Hødd junior B. Først vann Hareid 8-2, og i går enda det 10-0, sjølv om Hødd stilte med eit sterkare lag då.

Kan Hareid 2 vere noko for deg, ring Einar Orten Trovåg (90137211) eller Espen Beiermann (95112743).

Hareid 2 kan gjerne tenke seg treningskampar mot lag frå 4. eller 5. divisjon, eller juniorlaget. Ta kontakt med EOT.

Hareid overraska alle

Eit B-prega Hareid spelte 4-4 mot eit så godt som toppa Hødd i ein treningskamp onsdag.

Nettsida manglar web-redaktør

Etter at Kristian Angelsen gav seg som web-redaktør etter førre sesong har sida no stått utan redaktør ei stund. Dette er ikkje heile grunnen til at sida har vore dårleg oppdatert ei stund. Tekniske problem skal også ha sin del av skulda.

Yngres avdeling er dei som skal styre med sida og organisering av den, og vi trur ei ny og god løysing vil kome på plass snart. Inntill vidare får vi berre prøve å oppdatere så godt vi kan.

 

Mvh Einar Orten Trovåg, styreleiar Hareid IL Fotball senior

Hareid med ny samarbeidsavtale med Hødd

Etter tre veker med forhandlingar har Hareid og Hødd inngått ein ny samarbeidsavtale.

 

50-åring med hattrick

Hareid 2 slo Hødd 2 junior 10-0 i ein treningskamp på Hareidsmyrane stadion fredag kveld. I sentrum av hendingane: Stig Andor Engen med tre mål.

Ny laginndeling G16 og G19

Det vert prøveordning med ny laginndeling for G16 og junior fram til påske. Les under for meir informasjon.

Forhånd.1...341342343344345Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider-hadarhallen-vinteren-20_21.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR