hareid_il_logo_135.png









 

Guttelaget tapte 4 av 4

I sin fjerde og siste kamp i vinterens kvalik tapte guttelaget til Hareid 7-4 mot Aksla tysdag. Dermed tapte laget alle sin fire kampar, og det har aldri noko Hareid-lag gjort i ein kvalik tidlegare. Men årets guttelag er svært ungt, skal det seiast.

Lilleås skadd i handa

Det er store skadeproblem i Hareid-leiren i vinter, og ein av dei mest skadeutsette er Steffen G. Lilleås. No har han skadd handa etter å ha spelt handball, og påført både brot og fleire andre skadar i handleddet. Høgrevingen må no gå to veker med gips før legane kan gi han status på ny.

9 av 9 ja til Hareid 2!

Alle dei ni laga i 5. divisjon avdeling 1 har no akseptert at det nyoppstarta laget Hareid 2 i 2009 spear i deira avdeling. Hareid IL Fotball ventar no berre på endeleg bekrefting frå Sunnmøre Fotballkrets.

Guttelaget spelte treningskamp

Eit ungt Hareid guttelag spelte torsdag treningskamp mot Hødd, som også stilte ungt. Hødd vann 3-2 etter det som blir omtala som ein jamn kamp frå våre kjelder. Hareid sitt guttelag skal i år stille i 2. divisjon for andre år på rad.

Måndag er skjebnedagen for Hareid 2

Får Hareid 2 stille lag i 5. divisjon avdeling 1 - og dermed sleppe å trekke laget? Måndag blir det avgjort. Kretsen har sett fristen til å svare på Hareid og kretsen sin førespurnad til klokka 12.00 måndag. Mot tidlegare skrive er det berre laga i avdeling 1 som skal svare, og det halvparten av laga der har svart formelt. Alle som har svara har sagt ja til no, og det er Gjerdsvika, Haddal, Hasundgot og Flø.  I tillegg har Bergsøy 2-oppmannen munnleg vore veldig positiv. Dermed manglar vi svar frå Tjørvåg, Gursken/Larsnes, Kvamsøy og Åheim.
Hareid IL Fotball Nett følgjer saka.

Tapte jamn kvartfinale

Hareid rauk ut i kvartfinalen av Oddencupen etter eit 2-1-tap mot Flø 1.
Flø tok leiinga etter ein kommunikasjonsfeil mellom keeper Arve Haugland og Fredrik Bøe, for Steffen Sjåstad "Uldo" Uldbæk utlikna for Hareid. Etter at Flø hadde taket på kampen dei første minutta, var Hareid klart beste resten av oppgjeret. Men medan Hareid bomma på sine sjansar og truleg vart vekkdømt ein del av dommar Thor Henning Andersen, scora Flø på eit frispark som Alexander Teigene Paus laga på kort hald.

Alt i alt ei OK turnering av Hareid. Mange av spelarane hadde aldri spelt saman med kvarandre før, og med marginane imot i kvarten, så var dei ei heiderleg skuring.

Uavgjort mot dei regjerande meisterane

Hareid 2 spelte 3-3 mot Åram/VanKam i siste kamp i gruppspelt i Oddencup laurdag morgon. Dei regjerande meisterane frå Vanylven leia både 2-0 og 3-2, men eit godt Hareid-lag henta opp igjen leiinga begge gongane. Erdal Aydin og Fredrik Bøe scora to av måla, og eg lurer på om ikkje Erdal scora endå eit også. Keeper Arve Haugland traff forresten vinkelen og ut på eit skot frå sin keeperposisjon. Laga var ganske jamngode, men det var ein bra prestasjon av Hareid å sikre eitt poeng. Vi trur likevel at Åram/VanKam vinn gruppa på betre målskilnad.
Hareid møter truleg arrangørane Flø sitt beste lag i kvartfinalen.
-EOT-, som no treng skyss tilbake til Vik sidan han kræsja bilen i i dag tidleg etter Åram-kampen.

Hareid 2 vidare i Oddencupen - men utan å imponere

Hareid sitt lag i Oddencupen er i kvartfinalen i Oddencupen, om ikkje noko sært skjer i morgon. Fredag kveld vann dei raudkledde 7-2 mot Island Offshore og 2-1 mot Flø.
Den første kampen hadde Hareid full kontroll og burde ha vunne meir. Erdal Aydin var i ein klasse for seg, og noterte seg for fire mål. Dei andre måla scora keeper Kim-Tore Husøy, som kom inn på kort varsel for ein sjuk Stig Engen, samt Benjamin Reite og Fredrik Bøe. I andre kamp mot Flø sløste Hareid med sjansane mot eit rutinert men relativt svakt Flø-lag. Flø scora på sin einaste sjanse. Dei fekk ein del frispark som Hareid laga unødvendig, men dei hadde Kim-Tore Husøy god kontroll på.
Hareid sine mål vart scora av Einar Orten Trovåg og Fredrik Bøe.

Hareid stilte med dette laget fredag: Kim-Tore Husøy (keeper), Einar Orten Trovåg, Benjamin Reite, Alexander Teigene Paus, Åge Møgster (berre andre kamp), Magne K. Wingsternes, Steffen Uldbæk, Fredrik Bøe, Erdal Aydin, Christer Adrian "Bromle" Mork (berre første kamp).

I siste kamp i gruppespelet møter Hareid 4. divisjonslaget Åram/VanKami morgon kl. 09.10. Sannsynlege motstandarar i kvarten er Flø sitt beste lag eller Hasundgot. Flø sitt beste lag var kanskje det einaste laget vi såg i hallen fredag som imponerte litt (kanskje saman med Gjerdsvika). Gursken/Larsnes til dømes skuffa voldsomt, men lag som Kvamsøy, Sæbø, Åram junior og Åram/VanKam begynner ikkje cupen før i morgon.

Hareid må klare seg utan Kim-Tore Husøy i morgon, som jobbar. Arve Haugland står i mål i staden tyder mykje på. Christer Adrian Mork er usikker grunna skade.
Kvartfinalane begynner 14.50. Ta deg ein tur ut i Ulsteinhallen og sjå oss! EOT

Ingen negative svar til no

Klubbane i lokalmiljøet verkar veldig positive til at Hareid 2 får spele i 5. divisjon avdeling 1 i 2009. Vi har fått formelle svar frå Gjerdsvika, Haddal og Hasundgot, og munnelege positive tilbakemeldingar frå Gursken/Larsnes, Flø og Bergsøy 2. Alle har sagt at dei gledar seg kjempemykje til å spele mot Hareid 2 i 2009, og at 18 kampar i staden for 16 berre er kjekt. Kvamsøy, Tjørvåg og Åheim har vi enno ikkje høyrt noko frå, heller ingen frå andre sida av fjorden.

Hareid 2 kan kome i avdeling 1 likevel

Etter nokre dagar med hektisk telefon- og mailkommunisering mellom Sunnmøre Fotballkrets og Hareid IL Fotball, kan det no ordne seg med tanke på at nyoppstarta Hareid 2 får stille i 5. divisjon avdeling 1, med lokale lag som Hasundgot, Flø etc.
Alle laga i 5. divisjon avdeling 1 og 2 får mail om at Hareid vil bytte avdeling, og med mindre eit lag blånektar på dette, så ordnar dette seg. Endeleg avklaring vil kome over helga.

Hareid droppar Nevstad og Eid

Hareid-trenarane har bestemt seg for ikkje å prøve på å få Hødd-veteranane Sindre Eid og André L. Nevstad til å bli Hareid-spelarar, sjølv om minst ein av dei var positiv til ein dialog. Hareid vil heller satse på sine eigne gode og unge talent.

Hareid stiller lag på Oddencupen

Oddencup som den blir kalla, etter primus motor Odd Arne Seljeset, blir arrangert komande fredag og laurdag. Turneringa er for 4. og 5. divisjonslag, pluss at Island Offshore , SUFH og eit juniorlag frå Åram stiller opp. Hareid stiller eit lag basert på Hareid 2-stallen, men sidan halve Hareid 2-stallen er i England og Italia denne helga, har også eit par andre fått plass i troppen.
Hareid er i gruppe med Åram, Island Offshore og Flø 2. lag. Kor god denne gruppa anar vi ikkje. Underteikna har aldri spelt denne cupen før heller.

Troppen ser slik ut no: Stig Andor Engen, Fredrik S. Bøe, Alexander Teigene Paus, Magne Kjell Wingsternes, Christer Adrian Mork (?), Einar Orten Trovåg, Åge Møgster, Erdal Aydin, Benjamin Reite (?), Erdal Aydin, Steffen Uldbæk.
Arve Haugland kan vere aktuell som keeper laurdag sidan Stig Engen då skal på sonesamling. Haugland må dessverre prioritere eit pokerlag fredag. EOT

Gunnarstein skal trene med Hareid framover

Marius Gunnarstein vil trene med Hareid framover, og ein skal slett ikkje sjå vekk frå at venstrekanten blir å sjå i den raude drakta i år. Marius var ikkje på treningsfeltet onsdag, men kompisen Thomas Sætre Hauge kunne fortelle at Marius dukkar opp på torsdagstreninga. Sætre Hauge forresten klar for spel for Hareid. Overgangspapira ligg no i heimen til Thomas, men han kjem til å levere dei til støtteapparatet torsdag.
Andre nye eksterne spelarar i årets Hareid-stall er Andreas Johann Kurseth, Steffen G. Lilleås og Robert Ulfstein.

- Vi kan også melde at den lyskeplaga Per Ståle Nykrem er tilbake på treningsfeltet. Situasjonen rundt fjorårets kaptein og årets spelar Martin Andreas Molnberg er framleis uavklart, men det må nok skje noko ganske snart om Martin (som forresten er nygift) skal spele for Hareid i år.
- Fire mann som trente alternativt onsdag var Kim-Tore Husøy, Benjamin Slettebakk, Joar Møller og Kjell "Kjellen" Skarshaug. Dei tre sistnemnte er ute med kortvarige skadar, medan Kim-Tore Husøy har ein lang veg å gå før han er tilbake i kampform.
- Ein mann som var med på a-treninga onsdag var Kevin Hestholm, f. 1992. Ein tidlegare spiss på guttelaget som no satsar som keeper.

Hareid 2 vart sett opp i "feil" avdeling

Mot lova frå kretsen vart nyoppstarta Hareid 2 sett opp Hareid i avdeling 2 saman med lag som Stranda 2, Sykkylven 2, Stordal og Sæbø.
Som Hareid har sagt heile tida, er dette heilt uaktuelt for oss.
Om ikkje kretsen setter Hareid 2 opp i avdeling 1 saman med våre lokale lag må vi dessverre trekke laget frå divisjonssystemet. Vi ser ikkje noko problem med at kretsen endar på oppsettet. No ventar vi på endeleg svar frå Geir Ringstad og co i kretsen. Håper dei "tar til vet".

Vikebladet si sak om temaet: http://www.vikebladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20090203/SPORT/621427744/1037

Ronny Jørgensen i betring

Før måndagens trening sa Hareid-spiss Ronny Jørgensen det alle Hareid-fans vil høyre: Kneet hans er i betring. At kondisen ikkje er heilt patent kan vi leve med.

Ronny har 52 mål på 55 Hareid-kampar, men måtte stå over heile 2008-sesongen grunna ein kneskade. Ronny kan bli ei viktig brikke på Hareid i 2009, men vi kan vel neppe forvente at han skal ha inne 2007-forma med det første.

Gunnarstein på Hareid-trening

Marius Gunnarstein (21) var måndag på Hareid-trening og viste seg fram. Kor vidt larsnesingen, som er kompis med Thomas Sætre Hauge er aktuell for Hareid-overgang er ukjent.

Gunnarstein er primært ein angripar eller midtbanespelar med god og presis venstrefot. Han er også ganske kjapp. Marius er broren til Hødd-spelar Oskar og son av Larsnes-legenda Jarle, og har spelt a-fotball for Larsnes  og Gursken/Larsnes, i tillegg til kortare opphald innom Lillestrøm og Bergsøy.

Nupen vender heim

André Egset Nupen flyttar heim til Hareid, etter å ha budd eitt og eit halvt år i Bergen.
Nupen har fleire sesongar bak seg på a-laget, og står med 162 kampar og tre mål på adelskalendaren. Nupen har spelt både stoppar og back på Hareid, og som 19-åring var han kaptein på det svært unge Hareid-laget i 2003. Nupen var som regel alltid bankers på laget, men då Martin Molnberg dukka opp våren 2007 vart han benka. 25-åringen er faktisk den einaste som har blitt kåra til årets spelar i herreklassen på Grendacupen to gonger (2000,2005).

Ifølgje rykta skal André trene med a-laget og sjå kva nivå han held, men spel for Hareid 2 er visst nok slett ikkje uaktuelt.

Nupen er utdanna lærar, og ifølgje rykta skal han inn i det yrket når han no flyttar heim.

Hareid vurderer Eid og Nevstad

Hareid IL Fotball har retta ei formell henvending til Hødd om kontraktsstaus til høddarane Sindre Eid og André Nevstad, som begge gjorde comeback for endte gong for Hødd i fjor. Hareid har fått løyve til å snakke med dei to om ein eventuell overgang, men det blir no opp til André Skotheim om kor mykje han vil legge i å hente dei to over Hareidseidet.

Skadenytt: KurZ må operere

Hareid sin nye midtbanemann Andreas Johann Kurseth må gjennomføre ein leggoperasjon. Det er ikkje gode nyheiter at han blir ute ei stund, men seriestarten skal ikkje vere i fare.
KurZ sin kompis og også ny Hareid-spelar, Steffen G. Lilleås, har også problem med leggane for tida.
Elles kan vi melde at Ronny Jørgensen er tilbake i forsiktig trening, medan Thomas Sætre Hauge er småskada. Per Ståle Nykrem har lyskestrekk.
Martin Molnberg, fjorårets Hareid-spelar og tidvis også kaptein, har ikkje begynt å trene endå. Vi reknar med ei avklaring på om Martin blir med eller ikkje i år om kort tid.
Joar Møller er også ein mann som er skada, han har problem med eine låret. Vi trur heldigvis ikkje at det er alvorleg for mannen som var fast venstreback på a-laget i 2006, men sidan har slite med skadar.
Ein annan skadeforfulgt Hareid-spelar, Kjell Roger Skarshaug, spelte ca. 35 minutt på midtbanen til Hareid 2 fredag, før han måtte ut med ein skade...

Treningskampane til a-laget

14.02 Langevåg
21.02 Bergsøy
14.03 Spjelkavik
21.03 Træff
28.03. Hødd junior

A-laget har til no spelt ein treningskamp, over ser du dei andre kampane som er planlagte til no.
Medan Hødd sitt juniorlag valsar over det som er i kvaliken i Sunnmørshallen, som i fjor, er det vanskelegare å seie kvar Bergsøy står. Dei spelte sin første treningskamp under nyetrenaren Lars Petter Rønnestad i dag søndag, då dei slo Åheim 5-2. Åheim vann 6. divisjon avdeling 2 i fjor. Bergsøy har mista mange spelarar dei siste åra, spesielt til Hareid, og har i tillegg det vanlege problemet med at mange er sjøfolk. Så spørs det om LPR klarer å få pilkarane opp igjen i 3. divisjon, etter tre år på nivået under.

Hødd a-lag, som Hareid spelte 4-4 mot tidlegare i veka, spelte to kampar på CLS denne helga. 2-1 mot Levanger og 0-0 mot Ranheim (tap på straffekonk). Hødd stilte omtrent det same laget som mot Hareid. Ørjan E. Grimstad, som vi kjenner godt, kom inn begge kampane. Mange vil nok bli overraska om ikkje Ørjan blir fast på Hødd i år.

Kor gode Langevåg og Vika blir i år veit vi lite om, men Vika satsar hardt og har for andre vinteren på rad bytta ut over halve stallen.

eot

Forhånd.1...340341342343344Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR