hareid_il_logo_135.png









 

12.09. Hareid G16 med ny siger heime mot Volda

lagbilete_g16452.jpg

Hareid G16 spelte i dag heime mot Volda. Kampen enda tilslutt  3-2 til Hareid, mykje takket vere at Hareid var svært effektive framfor mål.

|

09.09. Hødd-kaptein har signert for Hareid

bastian_rasmussen.jpg

Den tidlegare Hødd 2-kapteinen Bastian Rasmussen har i dag signert for Hareid A-lag. Bastian Rasmussen håper å kunne vere med å bidra til at Hareid sikrar plassen i årets 4. divisjon.

|

09.09. JENTETRENING NUMMER 3 I MORGON

Då er det klart for den tredje treninga for jenter 6-10 år. Treninga går frå klokka 17.00 til 18.00 på Hareidsmyrane stadion tysdag, og det ryktast gode vermeldingar. Det har vore bra frammøte dei to første gongane, så vi satsar på ei ny god økt. Og ja, det er sjølvsagt høve for nye spelarar å kome også. Trenarar blir spelarar frå Hareid sitt damelag. Vel møtt!

09.09. TEKNISKE PROBLEM

Grunna tekniske problem har ikkje Hareid-sida blitt oppdatert dei siste dagane. Men det har skjedd mykje spennande. Og du finn glimt frå mellom anna a-kampen og G16-kampen på vår Facebook-side. Dei tekniske problema skal no vere løyste, etter det vi erfarer.

05.09. Før Rollon - Hareid: Hareid går for siger, kanskje kan nysigneringa vere med å avgjere?

Hareid A-lag spelar no på fredag borte mot Rollon. Vi ser litt meir på Rollon si gode forma, og korleis det gjekk då desse to laga møttast i vår på Hareid Stadion. Samtidig skal vi sjå litt meir på A-laget si nyaste forsterkning, Steffen Ekern Glosvik.

steffen_glosvik.jpg

01.09. KLART FOR ØKT NUMMER 2 FOR JENTENE

69122137_441416843383411_464069031912433254790.jpg

Ny økt med jentefotball (6-10 år) tysdag 17.00-18.00. 

31.08. STATISTIKKHJØRNET: 0-0, 0-0, 0-0 OG 0-0, MEN IKKJE KLUBBREKORD ENNO

Rikard J. Osnes har heldt nullen i seks seriekampar så langt i år.
Rikard J. Osnes har heldt nullen i seks seriekampar så langt i år.

Eit kjenneteikn på lag som slit langt nede på tabellen brukar å vere at dei har mange baklengsmål. 

30.08. Hareid - Emblem: Hareid pressa og pressa, men ballen ville ikkje i mål...

hareid_emblem_a-lag.jpg

Hareid A-lag spelte i kveld 0-0 heime mot Emblem. Sjølv om Hareid pressa voldsomt på i 2. omgong klarte dei ikkje å få ballen i mål, og då enda det med poengdeling mellom laga. 

|

29.08. HAREID 2 SIGRA I COMEBACKET

Hareid 2-leiren før kampen mot Tjørvåg.
Hareid 2-leiren før kampen mot Tjørvåg.

I årets første Hareid 2-kamp, og den første seriekampen for dei fleste i denne gjengen sidan oktober 2017, vart det ein knapp siger i ein svært tett kamp mot Tjørvåg.

29.08. Viktig siger for damelaget heime mot Stordal

damelaget_lagbilete.jpg

Damelaget tok i går ein svært viktig siger heime mot Stordal. Stillinga blei til slutt 2-1, og Hareid ligg med det på 6. plass i 3. divisjon.

|

27.08. VIKTIG HEIMEKAMP FOR KARANE FREDAG

Hareid, her ved trenarane Rune Holstad og Kenneth Molskred, hadde ikkje med seg marginane mot Emblem i andre serierunde og tapte 1-0.
Hareid, her ved trenarane Rune Holstad og Kenneth Molskred, hadde ikkje med seg marginane mot Emblem i andre serierunde og tapte 1-0.

Hareid møter Emblem på Hareid stadion fredag kl. 18.30. 

27.08. NY HEIMEKAMP FOR DAMELAGET ONSDAG

Hareid-damene i 3.-divisjon spelar heimekamp også denne veka. I morgon, onsdag, er Stordal motstandar på Hareidsmyrane stadion. Hareid tapte 2-1 heime mot FK Sykkylven sist veke. Laget har mista nokre spelarar sidan i vår, men må nok finne seg i å vere favorittar mot Stordal. Dette laget ligg nemleg sist på tabellen. Men dei har vore involvert i ei rekkje jamne kampar, så ein veit aldri. Kampstart 18.30. Fri inngang. Vel møtt! 

27.08. OG SÅ SKAL OGSÅ HAREID 2 SERIEOPNE

Allsidigheit er viktig i sjuarfotballen. Odd-Magne Brandal er ein av fleire i stallen som både kan spele ute og stå i mål.
Allsidigheit er viktig i sjuarfotballen. Odd-Magne Brandal er ein av fleire i stallen som både kan spele ute og stå i mål.

Som sannsynlegvis det siste laget på Sunnmøre i år serieopnar sjuarlaget Hareid 2 heime mot Tjørvåg 2 torsdag kveld kl. 20.00. 

27.08. VELLUKKA START FOR JENTEFOTBALLEN

69122137_441416843383411_4640690319124332544_n.jpg

Tysdag ettermiddag var det oppstart for jentefotballen på Hareidsmyrane stadion. 13 jenter i alderen seks til ti år møtte, og det gjekk også rykte om at fleire andre har lyst til å slenge seg med etter kvart. Humøret og innsatsen blant dei frammøtte var det ingenting å utsetje på. Så vi køyrer på med ny økt neste tysdag. Nøyaktig tidspunkt kjem vi tilbake til seinare. Dyktige trenarar i dag var Anita Waage, Cecilie Bjørlykke, Victoria Røren, Helene Sjåstad Kleppe og Andrine Øvrelid. 

23.08. Sterkt poeng borte mot eit av seriens beste heimelag

lagbilete_a-lag572.jpg

Hareid spelte i dag sin tredje 0-0 kamp for sesongen borte mot Valder. Sjølv om Hareid gjerne skulle hatt med seg to poeng til heim, skal vi sjå litt på kvifor det likavel er eit veldig sterkt bortepoeng.

|

20.08. G10 starta haustsesongen med kanonkamp

68723790_508081886606389_5649731312668377088_n.jpg
|

18.08. Heimekampar veke 34

Denne veka byrjar haustsesongen for dei aller fleste Hareid-laga. Under ser du ei oversikt over alle heimekampar i veke 34. 

Dato: Dag: Tid: Kamp:     Alder/Klasse Div./Avd.
19.08.2019 måndag 18:30 Hareid Tornado - MSIL Grønn G10 Avd. 8 - Haust
19.08.2019 måndag 18:30 Hareid - Hasundgot Kvit J11 Avd. 7 - Haust
21.08.2019 onsdag 18:30 Hareid   - FK Sykkylven Kvinner 3. Div
22.08.2019 torsdag 18:30 Hareid 9er - Spjelkavik G16 2.Div Haust

18.08. NO VIL VI HA JENTENE PÅ BANA

Her ser vi 10-årsjentene til Hareid i 2012. No håper vi å få opp lag i klubben for jenter under 11 år. Det manglar vi per no.
Her ser vi 10-årsjentene til Hareid i 2012. No håper vi å få opp lag i klubben for jenter under 11 år. Det manglar vi per no.

Om ni dagar startar vi opp treningar for jenter under 11 år. Det håper og trur vi er eit etterlengta tilbod. 

16.08. SPAREBANKEN MØRE FOTBALLCAMP: EIN SUKSESS I VÅRE AUGE

Håkon Husøy Vik var ein av nærare 70 deltakarar.
Håkon Husøy Vik var ein av nærare 70 deltakarar.

Fire lange dagar med mykje fotball og andre aktivitetar skulle ein kanskje tru ville slite ut dei fleste.

15.08. Marginane imot heime mot Bergsøy - Men ballgutane ser framover!

Etter ei veke med fotballcamp avslutta nokre av deltakarane med å vere ballguttar. Sjølv om resultat ikkje var det beste holdt dei humøret oppe!
Etter ei veke med fotballcamp avslutta nokre av deltakarane med å vere ballguttar. Sjølv om resultat ikkje var det beste holdt dei humøret oppe!

Hareid tapte i dag med 1-4 heime mot topplaget Bergsøy. Kampen enda dessverre med eit klart tap, men det var mykje takket vere at Bergsøy scora på nesten alt av sjansar i første omgong, samtidig som Hareid hadde stong ut fleire gongar.

|
Forhånd.123456...343Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR