Skriv ut

30.10. STATISTIKKEN ER KLAR: HHH SPELTE FLEST KAMPAR

Henrik Hareide Holstad har spelt det aller meste dei siste tre åra og er oppe i 80 kampar.
Henrik Hareide Holstad har spelt det aller meste dei siste tre åra og er oppe i 80 kampar.

A-lagsstatistikken for sesongen 2019 er klar.

Vi merkar oss at ingen spelte alle dei 31 kampane, som inkluderte 22 seriekampar og ni treningskampar.

Henrik Hareide Holstad var nærast med 30 kampar. Han stod over éin treningskamp.

Også Rikard J. Osnes spelte alle dei 22 seriekampane. Kim Alvestad og Andreas Nesset jr. spelte 21 seriekampar.

Men i statistikken i vedlegget er det ikkje skilt mellom privat- og seriekampar. På adelskalenderen er uansett alle kampar med.

*

Vi merkar oss at to spelarar passerte 100 kampar i 2019. Benjamin Reite har fått pokal for det, medan Ola Kalvø Vattøy får ved eit seinare høve.

*

10 spelarar a-lagsdebuterte for Hareid i år. Av debutantane spelte Sebastian Hansen Bjørlykke flest kampar (25). 

Ruben-Kenneth Brandal vart toppscorar både totalt (11) og i serien (9). Brandal har aldri tidlegare blitt toppscorar for a-laget. I fjor var August J. Brandal mestscorande, medan Martinus Røyset Bakken vart toppscorar i 2017. 

Brandal og Bakken er forresten begge opp i 28 mål. Men to som spelte kampar i år har endå fleire mål: Georg Eikrem Olsen og Ola Kalvø Vattøy. 

statistikk_hareid_a_2019_pdf.pdf