Skriv ut

28.10. BRANDAL I GJÆVT SELSKAP

"Rub" før sesongstart.
"Rub" før sesongstart.

Ruben-Kenneth Brandal vart endeleg årets spelar, medan Andreas Nesset jr. vart den tredje som er kåra til årets unge spelar to gongar dei siste 11 sesongane. Vi ser på historikken.

Brandal låg lenge an til å bli årets spelar i 2016, men vart skadd tidleg på hausten og kom ikkje opp i mange nok kampar. Også i 2017 var han ein heit kandidat. 

Men i år lykkast det endeleg for "Rub" å vinne den gjævaste av årets spelar-prisane.

Her er alle vinnarane dei siste 22 sesongane:

1998: Are Pilskog
1999: Bjørge Worren og Egil Øvrelid
2000: Sigbjørn Skeide
2001: Remi Helleseth
2002: Sturla Pilskog
2003: Vagn Scheide Mork
2004: Kim-Tore Husøy
2005: Marius Rise
2006: Even Hansrud og Kim-Tore Husøy
2007: Ronny Jørgensen
2008: Martin Andreas Molnberg
2009: Steffen Uldbæk
2010: Kim-Tore Husøy
2011: Fredrik Aursnes
2012: Vagn Scheide Mork
2013: Marius Rise
2014: Martin Nikolai Longva
2015: Ulrik Wingsternes
2016: Runar Stranden
2017: Henrik Grimstad
2018: Martin Nikolai Longva
2019: Ruben-Kenneth Brandal

*

Andreas Nesset jr. vart også i år kåra til årets unge spelar. Han fekk rett nok svært tett kokurranse frå Henrik Hareide Holstad, som vann prisen i 2017. Ingen tvil om at begge har hatt ein god sesong. 

Desse karane er faktisk så unge at Nesset kan vinne prisen både i 2020 og 2021 også, medan HHH kan slå tilbake og vinne den neste år.

Her er dei 11 siste vinnarane:

2009: Joachim Røyset
2010: Tore Bjørge Mjønes
2011: Joachim Røyset
2012: Martin Mork Breivik
2013: Audun K. Øvrelid
2014: Runar Stranden
2015: Runar Stranden
2016: Simon Holstad Grimstad
2017: Henrik Hareide Holstad
2018: Andreas Nesset jr.
2019: Andreas Nesset jr. 

Når det gjeld damelaget og Hareid 2, så vi sule opp litt dei siste sesongane før vi har fullgode oversikter.

Men her ser du korleis stoda var per 2015.

Og kven som stakk av med alle prisane på årsfesten laurdag finn du i gårsdagens artikkel.