Skriv ut

25.10. Det blei dessverre ikkje siger for Hareid, no får vi håpe at Herd eller Volda vinn!

lagbilete_a-laget.jpg

Til årets siste seriekamp møtte Hareid eit toppa Norborg/Brattvåg 2. I kveldens kamp trengte Hareid enten å vinne eller få hjelp ved at Emblem og Ørsta spelte uavgjort for å sikre plassen i 4. divisjon. Det blei dessverre verken siger eller rett resultat i den andre kampen, og Hareid må difor håpe at Herd eller Volda vinn framover.

Hareid møtte som sagt eit svært godt Norborg/Brattvåg 2 i kveld. Dei stilte med fire spelarar som til dagleg spelar i 2. divisjon, men det var likavel Hareid som opna kampen best.

For etter nokre få minutt måtte August Brandal byttast ut etter skade. Då blei Kim Andre Alvestad bytta inn, og det tok ikkje mange sekunda før han skulle score kveldens første mål. For i det sjette minutt slo Ruben Kenneth Brandal eit godt frispark inn i feltet. Etter mykje rot i feltet fekk Kim Andre Alvestad ei tå på ballen, og scora 1-0 målet med sitt første touch på ballen. 

Etter målet fortsatte Hareid å presse på, og kom til fleire store sjansar, men ballen ville ikkje i mål. I staden kom Norborg/Brattvåg 2 meir og meir inn i kampen, og i det 24. minutt kom utlikninga. Målet kom etter ein godt slått corner, og laga var då like langt.

Resten av omgongen var relativt jamn, der begge laga kom til fleire store sjansar, men det var Hareid som skulle komme til den største. For etter 30 minutt spelt slo Ruben Kenneth Brandal ein god corner som blei heada mot mål, men på ein annan utruleg måte blei ballen stoppa på streken, og laga gjekk med det til pause med 1-1.

1-1 var også stillinga mellom Emblem og Ørsta på det tidspunktet, og Hareid var der og då sikra fornya kontrakt i 4. divisjon. Men i 2. omgong gjekk det meste imot Hareid. For Norborg/Brattvåg 2 tok meir og meir kontroll over kampen, og skapte sjanse etter sjanse. I det 80. minutt fekk dei utteljing då dei scora 1-2 målet etter eit godt innlegg. I løpet av andre omgong skapte Hareid fleire farlege sjansar som fort kunne ha enda i scoring, blant anna ved Andreas Nesset som traff tverrliggaren etter skot frå 35 meter. Men Hareid makta ikkje å snu kampen, og det enda difor med eit surt 1-2 tap.

Samtidig vann Emblem sin kamp 3-1 over Ørsta etter to mål i 2. omgong. Det har ført til at Hareid enda på tredje-siste plass i årets 4. divisjon. A-laget er med det enten avhengige av at Herd vinn imorgon over Træff, eller at Volda slår KBK 2 i kvaliken til 3. divisjon for å holde seg i 4. divisjon. Vi kryssar altso alt av fingrar og tær på at hareidsdølingen Martin Mork Breivik og han sitt Herd vinn i morgon!

Girri, girri! 

Ref. 

Hareid stilte med følgjande lag: Rikard Osnes - Håvard Bjåstad(Nauris Driksna), Martin Longva, Ørjan Engen Grimstad, Henrik Hareide Holstad - Tarje Riise(Benjamin Reite), Andreas Nesset, Sebastian Bjørlykke, Ruben Kenneth Brandal, Bastian Rasmussen(Steffen Glosvik) - August Brandal(Kim Andre Alvestad)

***Martin Longva **Henrik Hareide Holstad *Tarje Riise

Tilskodartal: ca. 90-100