Skriv ut

21.10. FRÅ ARKIVET: DÅ HAREID VAR BETRE ENN HØDD

Ein vårdag i 2016 møtte vi Harald Møller for å prate om 1988-sesongen, den beste Hareid sitt a-lag for menn har hatt. Her ser vi Harald saman med lagbiletet frå 88, som har fått sin plass på klubbhuset.
Ein vårdag i 2016 møtte vi Harald Møller for å prate om 1988-sesongen, den beste Hareid sitt a-lag for menn har hatt. Her ser vi Harald saman med lagbiletet frå 88, som har fått sin plass på klubbhuset.

For vel 30 år sidan lukta Hareid sitt herrelag på det som i dag heiter Obos-ligaen. Både i 1987 og 1988 enda Hareid på tredjeplass på nivå tre, og i 1988 var Hareid også betre enn Hødd. Den åttande artikkelen frå jubileumsheftet (2016) handlar om nettopp denne sesongen. Trenar var Harald Møller. (Også ein niande artikkel med Lasse Flø som kjelde ligg ved her.) 

1988: Året då Hareid var betre enn Hødd

Ein einaste sesong har Hareid vore betre enn Hødd og kjempa om opprykk til nivå to i norsk fotball.

Det var i 1988. Og suksessen kom overraskande på mange.  Dei to føregåande sesongane hadde Hareid satsa stort med Reidar Vågnes som trenar. Sesongen 1987 var den beste til då med tredjeplass i 3.-divisjon (nivå tre). Men Hareid var i realiteten aldri nær å rykke opp.
   Framfor 1988-sesongen tok Harald Møller over som hovudtrenar.
   - Det var ikkje slik at vi ikkje hadde ambisjonar. Men vi forventa vel ikkje meir enn ein rimeleg bra sesong. Og vi var heller ikkje tippa opp i favorittsjiktet. At vi skulle gjere det så godt så lenge, og kjempe om opprykk til sesongen nesten var over, kom nok overraskande på mange, fortel Harald i 2016.

Slo Hødd heime. Hareid gjekk ut i hundre og leverte ein prikkfri vårsesong med seks sigrar, fem uavgjorte og ingen tap. Blant anna vann Hareid 2-1 heime mot Hødd, som var tilbake på dette nivået. Haustsesongen starta også bra med fire poeng på dei to første kampane (Dette var første sesongen med poengsystem som i dag, etter ei overgangsordning i 1987). Men så kom heile fire uavgjorte kampar på rad.
   - Det var ekstremt mange uavgjorte kampar utover i sesongen. Eg trur kanskje det hadde å gjere med at vi vart litt feige. Ubevisst torde vi ikkje nok og ville først og fremst unngå å tape, forklarer Harald Møller.
 
- Ekstremt gira. Og så, i fjerde siste serierunde, kom det første tapet. I ein kamp som mange framleis hugsar tapte Hareid 3-2 borte mot Volda, som også kjempa om opprykket. Frå at Hareid hadde alt i eigne hender, ville dei no vere avhengige av andre lag for å kunne rykke opp. Etter to sigrar var det ein liten sjanse for opprykk før siste serierunde mot Stryn. Men Hareid tapte. Og om det hadde blitt siger hadde det heller ikkje hatt noko å seie. Clausenengen vann avdelinga med 45. Volda følgde med 43, og vidare Hareid med 40 og Hødd med 37.
   - Vi vart jo etter kvart ekstremt gira på å rykke opp. Og det var mykje snakk om det. Men det var nok først og fremst dette tapet mot Volda som øydela opprykkssjansane. Vi spelte i grunnen ein bra kamp, men var litt uheldige, minnest Harald.

Botnsolid forsvar. Det heldt altså ikkje heilt inn. Men dette er jo den beste sesongen Hareid har hatt. Og kva var det som gjorde at akkurat denne sesongen vart så god?
   Harald Møller tenkjer først og fremst på at Hareid hadde vore stabilt gode sidan 1980, og at mange av spelarane hadde vore med heilt sidan den gong. Og fleire av dei som no var blant dei eldste spelte no utan noko stort press på seg. Dette var karar som ville ha det kjekt. Og Hareid hadde ei veldig fin gruppe med eit godt sosialt miljø.
   Og så skal det sjølvsagt nemnast at Hareid var svært solide bakover. 15 baklengs på 22 kampar let seg høyre, og var klart færrast i avdelinga. I mål var Lars Atle «Lasse» Flø god og rutinert, og stopparparet Lars Pedersen og Einar Pieroth var svært solid.
   - Vi hadde eit så godt stopparpar at vi nærast spelte med ein trebackslinje i periodar, minnest Harald.
   Også framover på bana var det fleire profilar. Harald Åsland Riise hadde etablert seg på laget og var målfarleg dette året. Knut Strande, toppscoraren, heldt framleis stand på topp. Arve Holstad, Idar Vattøy og Mardon Hjelle var andre viktige spelarar som hadde vore med ei stund. Og fleire yngre banka på døra. Dette året var også brørne Elling og Torstein Woldsund frå Vartdal med. Torstein var ein solid back, medan Elling var angripar. Men han spelte ikkje heile sesongen.
   - Det var nokre av dei eldre som ikkje var med like mykje denne sesongen, som Dag Audun Eliassen. Og Erling Hareide var vel i ferd med å trappe ned. Men vi hadde eit jamt godt lag, er konklusjonen til Harald.

Tilbake til normalen. Harald Møller trena laget også i 1989. Det var ein meir ordinær sesong. Vårsesongen var brukbar, men resultata var ikkje allverda utover hausten – og det vart ei plassering godt ned på tabellen.
   - Det vart ein kamp om å ha nok spelarar til ei kvar tid. Vi var bra ganske lenge, men det vart for tynt. Etter den gode sesongen i 1988 kan du seie det vart meir normalt året etter, seier Harald.
   Han slutta som a-trenar etter 1989-sesongen. Men både før og seinare har han gjort ein kjempejobb for Hareid IL både på trenarsida og på andre måtar. Han trena gutelaget i 1983, før han var hjelpetrenar under først Kjell Tynes og Hans Gisle Holstad. Etter trenaroppdrag i Vartdal og Bergsøy vart det altså to sesongar som hovudtrenar for Hareid. Så trena han Ørsta ei stund. Men sidan er det på Hareid Harald har engasjert seg. For å ta kortversjonen har han vore trenar for aldersbestemte lag i mange år, Grendacup-sjef i ni år, oppmann for a-laget i to år og leiar i yngres avdeling. I 2015 og 2016, etter å ha vore vekke nokre år grunna alvorleg sjukdom, har Harald vore hjelpetrenar for a-laget. Dessutan har han vore primus motor for seniorgruppa, som held på med ulikt anleggsarbeid på stadionområdet i sommarhalvåret.

Kampar og mål for Hareid i 88 (alle kampar rekna inn): Lars Atle Flø (37-1), Mardon Hjelle (33-1), Kurt M. Berge (14-2), Arne Åsland Riise (7), Torstein Woldsund (36), Magnus Holstad (25-10), Roar Riise (28-1), Einar Pieroth (33-2), Harald Åsland Riise (34-15), Knut Stranden (33-17), Stein Vik (28-6), Gullvald Kløvning (9), Tore Hareide (2), Egil Øvrelid (9), Lars Pedersen (34-1), Idar Vattøy (37-1), Ronny Hansen (14), Elling Woldsund (18-4), Arve Holstad (36-11), Erling Fjelly (5), Dag Harald Moldskred (1), Roger Hauknes (18-3), Erling Hareide (3), Kjartan Mork (6), Dag Audun Eliassen (18), Sigurd Barstad (1), Egil Rødskar (4), Harald Møller (1).

***

- Eg skulle vel hatt ti raude kort for protestar

Kampen mellom Volda og Hareid i 1988 er enno ikkje gløymt.

Kunne Hareid hatt noko på nivå to i norsk fotball å gjere – det som i dag blir kalla OBOS-ligaen? Det får vi aldri svar på. Men hadde Hareid slått Volda i fjerde siste serierunde i 1988, hadde alt lege til rette for Hareid-opprykk.

Omdiskutert scoring. Dessverre tapte Hareid 3-2. Volda gjekk dermed til topps i avdelinga med 39 poeng, mot Hareids 34. Med omvendt utfall i Volda hadde Hareid hatt initiativet tre rundar før slutt. Overskrifta i Sunnmørsposten måndagen etter kampen gir oss svaret på kvifor mange framleis snakkar om «hadde ikkje vi tapt den kampen mot Volda…». Dei slo stort opp «- Linjedommaren avgjorde». På stillinga 1-1 halvtimen før slutt fekk nemleg Volda ei svært omdiskutert scoring.
   «Hareid-spelarane meinte at Holsvik var i offside, og sjeldan har vi sett Lasse Flø tenne slik som han gjorde då han sprang til linjedommaren saman med Pieroth for å protestere», melde Sunnmørsposten.

Observatøren var einig. 28 år etter møter vi Lars Atle «Lasse» Flø, som var keeper for Hareid i mange år, blant anna i 1988. Han hugsar godt både kampen mot Volda og utskjellinga av linjedommaren i etterkant.
   - Det er ingen tvil om at det var offside. Eg kunne fått ti raude kort for det eg sa etter det målet, humrar Lasse. 
   Fleire gonger opp gjennom åra har han støytt på Robert Iversen, som var dommarobservatør den kampen.
   - Iversen brukar å seie «Du hadde rett. Det var offside», fortel Lasse.

- Det beste Hareid-laget. Framfor sesongen 1988 kom Lasse tilbake til Hareid etter korte opphald i Hødd og Hareid. Og ser ein på statistikken må Lasse ha hatt ein god sesong. 15 baklengs på 22 seriekampar let seg høyre på nivå tre i norsk fotball.
   - Eg trur 1988-laget var det beste laget vi hadde i Hareid. I alle fall det beste eg spelte på. Men dei mange uavgjorte kampane øydela for opprykket, minnest Lasse.
   - Men hadde Hareid hatt noko å gjort i den nest øvste divisjonen om det vart opprykk?
   -  Eg tvilar i grunnen på det. Spesielt økonomisk hadde det vore vanskeleg for klubben. Men det hadde vore artig å ha prøvd eit år, smiler Lasse Flø.