Skriv ut

20.10. Hareid G14 knuste Hødd, Molde og Clausenengen

Foto: Arne Flatin
Foto: Arne Flatin

Hareid G14 har i helga deltatt på 9-ar turnering på Høddvoll. Der møtte dei andrelaga til nokre av dei beste klubbane i fylket, og vann stort over dei alle.

G14 spelte totalt tre kampar denne helga. I går, laurdag, møtte dei Molde FK 2 og Clausenengen 2. Medan dei i dag, søndag, møtte Hødd 2. Hareid spelte som sagt tre kjempekampar og vann stort mot dei tre laga. I første kampen mot Molde FK vann dei tilslutt med heile 12-2. Målkalaset fortsatte i andre kampen mot Clausenengen. Der enda kampen med stillinga 7-3 til Hareid.

I dag, søndag, var det Hødd som venta i tredje og siste kampen. Nok ein gong var Hareid det klart beste laget, og vann med 5-0 etter å ha scora alle måla i 1. omgong. 

Ei kjempeturnering av Hareid G14 der alle fekk vere med å bidra, enten med scoring, assist eller hard jobbing! 

Troppa til Hareid G14 bestod av: Stian K. Roset, Jack Alme, David L. Karlsen, Laurits D. Riise, Andreas Knardal, Daniel H. Pilskog, Hilde Bjåstad, Gabriel Peterson, Christoffer Ottesen, Iben Breivik, Odin Bakke-Hareide, Olavius B. Vikebakk.