Skriv ut

18.10. Ein heilt ufatteleg viktig siger!

Dagens målscorar.
Dagens målscorar.

Når det gjaldt som mest tok Hareid, med kaptein Ruben Kenneth Brandal i spissen, tre heilt ekstremt viktige poeng heime mot Larsnes/Gursken. Etter ei heilt vanvittig avslutting på kveldens kamp enda det tilslutt med 5-2 siger til Hareid. 

Det er nesten som om det er eit anna Hareidslag vi har fått sett dei to siste kampane. Både mot Blindheim førre veke, og Larsnes/Gursken i dag har det vore ekstremt tydeleg at kampane berre skal vinnast, noko anna har ikkje vore eit alternativ. Desse kampane har virkeleg vist at spelarane har gitt alt for kvarandre, og den innstillinga har no gitt to sigerar på rad, og håp om fornya konrakt i 4. divisjon.

Om vi skal gå over til sjølve kampen so starta den på best tenkeleg vis. Dagens bestemann, kapteinen som stod for tre mål og to assist, Ruben Kenneth Brandal scora sitt første mål etter berre seks minutt spelt. Då vann han ballen høgt i bana, dribla seg forbi Larsnes/Gursken sin sistemann, og trilla ballen enkelt til side for keeper.

Tjue minutt seinare auka Hareid ledelsen til 2-0. Då slo Ruben Kenneth Brandal eit hardt frispark inn i feltet. Ballen blei klarert utover, men på 20 meters hold venta August Brandal, som skaut ballen vakkert i mål på volley. Hareid hadde altso fått ein draumestart. Men i det 34. minutt reduserte Larsnes/Gursken på det som fleire meinte var ei relativ billig straffe. Heilt på tampen av omgongen hadde Hareid og Ruben Kenneth Brandal ein enorm sjanse til å auke ledelsen til 3-1, men ballen sneik seg utanfor stolpen, og laga gjekk med det til pause med stillinga 2-1.

Hareid avslutta 1. omgongen klart best, men det var Larsnes/Gursken som var det det beste laget i store delar av 2. omgong. Då var Hareid rett og slett heldige med at bortelaget ikkje klarte å score, for Larsnes/Gursken skapte nokre enormt store sjansar. Men når bortelaget ikkje makta å utlikne såg dagens bestemann, Ruben Kenneth Brandal, heller sjansen til å auke ledelsen. I det 88. minutt fekk han nemleg ballen ca. 35 meter frå mål. Derifrå skaut han like so enkelt berre ballen over keeper, og i mål. Eit heilt fantastisk mål frå Hareid sin kaptein, som auka ledelsen til 3-1. 

Når dei fleste lag ledar med 3-1 brukar dei som regel å legge seg bak på for å sikre sigeren, men slik valgte ikkje Hareid å gjere det. I staden for fortsatte dei å angripe, og i det 90 minutt scora Ruben Kenneth Brandal sitt tredje mål for kvelden etter ein god frisparksvariant frå Hareid. To minutt på overtid reduserte Larsnes/Gursken til 4-2 etter eit innlegg, og ein skulle hvertfall tru at Hareid såg seg fornøgde med resultat no, men ikkje denne kvelden. For Sebastian Hansen Bjørlykke rakk og score Hareid sitt femte mål åleine med keeper før dagens dommar valgte å blåse av kampen. 

Takket vere dagens siger ligg Hareid no på 9. plass og trygg grunn før årets siste heimekamp, heime mot Nordborg/Brattvåg. På Hareid IL sin Twitter kan du lese meir om dei avanserte forutsetningane før den kampen. Her nøyer vi oss med å konstatere at ved Hareid siger i neste kamp blir det fornya kontrakt i 4. divisjon.

Bra jobba karar! Girri, girri!

Ref.

Publikum: ca. 250

Hareid stilte med følgjande lag:Rikard Osnes - Henrik Hareide Holstad, Lars Roar Holstad, Ørjan Engen Grimstad, Håvard Bjåstad(Kim-Andre Alvestad) - Andreas Nesset (Benjamin Reite), Tarje Riise, Ruben Kenneth Brandal (K) - Sebastian Hansen Bjørlykke(Steffen Ekern Glosvik), August Brandal, Bastian Rasmussen

***Ruben Kenneth Brandal **Henrik Hareide Holstad *Lars Roar Holstad