Skriv ut

17.10. Før Skjebnekampen Hareid- LGFK: Har Hareid ni liv?

lagbilete_a-laget.jpg

I morgon klokka 18:30 spelar Hareid ein ekstremt viktig kamp heime mot Larsnes/Gursken. Det er ikkje første gong Hareid ligg i faresona for å rykke ned, det har dei nemleg gjort åtte gongar sidan 2000, og alle gongar har dei klart å unngå nedrykk. Vi satsar på at denne trenden fortsett!

Hareid tek altso imot Larsnes/Gursken til ein ekstremt viktig kamp i morgon. kveld. Ein kamp der Hareid må ta tre poeng, noko det burde vere gode sjasnar for. For Larsnes/Gursken har nemleg berre vunne ein kamp av dei siste åtte, og har berre fire poeng meir enn Hareid.

For Hareid sin del reknar vi med at dei går inn med mykje sjølvtillit etter den ekstremt viktige sigeren mot Blindheim i forrige runde. I tillegg er det verdt å nemne at ein av Hareid sine beste spelarar denne sesongen, Ruben Kenneth Brandal, er tilbake etter å ha sona for gule kort. Men historikken talar også i favør Hareid. Dei har nemleg unngått nedrykk i 19 strake sesongar!

19 sesongar på rad har Hareid spelt i øvste krinsserie på Sunnmøre – eller høgare. Ikkje mange andre lag kan vise til noko liknande, berre Aalesund, Aalesund 2, Hødd, Skarbøvik IF, Spjelkavik og Volda (sistnemnde lag måtte ved eitt høve ha hjelp av ei spesiell divisjonsutviding der det vart 13 lag i 3.-divisjon).

Men åtte gongar har Hareid kjempa om å unngå nedrykk til nest øvste krinsserie – og altså klart å halde seg:

2001: Hareid var tilbake i det som då heitte 3.-divisjon etter to sesongar på nivået under. Det var ein spesiell sesong fordi det var 13 lag i 3.-divisjon dette året (ein nabokrangel mellom Volda og Hovdebygda enda med at begge fekk vere med i 3.-divisjon). Sidan 13 lag var eitt for mykje måtte det nødvendigvis bli fleire lag som rykte ned i 2001. Som vanleg visste ein ikkje før sesongen nøyaktig kor mange, sidan det var avhengig av kva som skjedde i divisjonen over og om avdelingsvinnaren vann kvaliken. Hareid gjennomførte ein ujamn comebacksesong og det gjekk langt ut på hausten før plassen var sikra, men sigrar mot ÅVK og Hovdebygda ordna åttandeplass ny kontrakt.

2002: Ein ny ujamn sesong av Hareid i 3.-divisjon. Før siste serierunde borte mot HaNo var det framleis ein sjanse for at Hareid kunne rykke ned. Men på det vart 3-1-siger på Nordøyane og dermed sjuandeplass og ny kontrakt. Etter kampen sa avtroppande trenar Knut Jens Ertesvåg at det hadde blitt tøft å halde seg om ikkje Sturla Pilskog og Hallvar Møller hadde blitt henta heim frå Trondheim dei siste kampane.

2003: I Kenneth Moldskred sin første sesong som a-trenar var det opplest og vedteke før sesongen at det skulle bli nedrykk. Og det såg ut som ekspertane skulle få rett då Hareid verken tok poeng eller scora mål på dei fem første rundane. Men eit ungt Hareid-lag som vart supplert av den heimvende keeperen Vagn Scheide Mork og spissen Remi Helleseth heva seg utover i sesongen. Sigrar mot andrelaga til Aalesund og Hødd i runde 20 og 21 gjorde at Hareid sikra plassen éin runde før slutt.

2009: I perioden 2004 til 2008 enda Hareid på øvre halvdel kvart år. I 2009 vart det derimot motgang igjen. I løpet av vinteren forsvann tre spelarar til Hødd, i tillegg til at Martin Molnberg la opp og Ronny Jørgensen sleit med skadar. Nysignerte spelarar slo ikkje til. Det vart dermed ein sesong med ryggen mot veggen. Fire rundar før slutt var det klart at Hareid måtte vinne alle for å stå. Det gjekk  berre nesten. Tre av kampane vart vunne og Hareid enda nest sist. Men så vann Aalesund 2 kvaliken mot Træff og Hareid stod likevel.

2014: No var det 4.-divisjon som var øvste krinsserie. (I mellomtida hadde Hareid både rykt opp og ned frå den nye 3.-divisjonen, ein regional serie). Hareid enda til slutt på ein solid femteplass. Men eit Hareid-lag som sleit mykje med skadar dette året sikra faktisk ikkje plassen før i siste serierunde, grunna stor usikkerhet kor mange lag som ville gå ned. Faktisk vann Hareid dei tre siste kampane i det som var ein svært merkeleg sesong. Hareid vann faktisk fire av dei fem første kampane og var nær ved å ta ein skalp mot Volda i runde 6, men ein svak midtperiode sende altså Hareid ned i sumpa – før den heroiske sluttspurten. Dette var forresten Hans Gisle Holstads siste sesong som a-trenar.

2015: Ein ny merkeleg sesong. Med Stig Monsen som trenar leverte Hareid ein haug gode treningskampar og vann 5-1 borte mot Valder i serieopninga. Men sesongen totalt sett var frykteleg ujamn, frå heimetap mot Vartdal til bortesiger mot LGFK. Hareid vart til slutt nummer 10 og stod fordi det viste seg at berre to lag skulle ned dette året.

2016: Den største divisjonsomlegginga skjedde i 2010, men det kom ein ny tvist med ei ny spissing av 3.-divisjon frå 2017 av. Det betydde at heile fire lag skulle rykke ned dette året. Med Ruben-Kenneth Brandal tilbake som spelar leverte Hareid ein god vårsesong. Han vart skadd midtvegs og Hareid sleit meir utover hausten. Til slutt måtte Hareid slå Stranda borte og Skodje heime dei to siste. Det klarte Hareid så vidt det var, mellom anna med ei scoring av heimvende Kim-Tore Husøy i siste runde. Hareid vart faktisk nummer seks til slutt, men berre eitt poeng framfor Ørsta på niande, som rykte ned.

2018: Etter ein god 2017-sesong gjekk det langt tyngre for Hareid i 2018. Eit ferskt lag samla til slutt 16 poeng, noko som normalt sett ville ha gitt nedrykk. Men heldigvis var både FK Sykkylven og Godøy endå svakare – og berre to lag rykte ned denne sesongen. 

Vi håper at vi kan føye 2019 til statestikken, og at vi om to runder kan seie at Hareid har unngått nedrykk endå ein gong!

Lykke til i morgon! Girr, girri!