Skriv ut

16.10. FRÅ ARKIVET: Kisse: Supertrenar i gullalder for Hareid-fotballen

Hans Gisle «Kisse» Holstad fotografert ein flott vårdag i 2016. Her på Hareid stadion har mange gode minne, både frå tida det låg grus på bana då han var spelar i ungdommen. Då «Kisse» vende tilbake som trenar i 1979 var grasbana 11 år gammal.
Hans Gisle «Kisse» Holstad fotografert ein flott vårdag i 2016. Her på Hareid stadion har mange gode minne, både frå tida det låg grus på bana då han var spelar i ungdommen. Då «Kisse» vende tilbake som trenar i 1979 var grasbana 11 år gammal.

I den sjette historiske artikkelen frå jubileumsheftet frå 2016 har vi kome til slutten av 70-talet og starten av 80-talet. Då fekk Hareid-fotballen seg eit stort oppsving. Bak spakane sat ein kar som blir kalla "Kisse". 

Kisse: Supertrenar i gullalder for Hareid-fotballen

Nesten dagleg blir Hans Gisle Holstad minna om den kampen.

Og med den kampen meiner vi sjølvsagt Hareid sin sensasjonelle 4-0-siger borte mot Hødd andre pinsedag i 1981. For første gong på over 30 år spelte Hareid og Hødd i same divisjon. Og sidan den gongen, hausten 1949, hadde Hødd vore oppe i øvste divisjon i fleire år, medan Hareid hadde vore heilt nede i 6.-divisjon.
   - Folk hadde gått og venta på kampane mellom Hareid og Hødd heilt sidan terminlista kom om vinteren. At Hareid skulle vinne ein slik kamp var heilt uhøyrt. Sjølvkjensla til hareidsdølingane vaks mykje etter den 4-0-sigeren, mimrar Hans Gisle «Kisse» Holstad, når vi møter han på Hareid stadion ein vårdag i 2016.
   - Eg hugsar eg brukte mykje tid på eit bestemt taktisk opplegg til denne kampen på Høddvoll. Eg kjende jo Hødd godt, sidan eg hadde trena dei nokre år tidlegare. Men ein ting var å legge ein plan. Noko anna var det at spelarane gjennomførte planen til punkt og prikke. Spelarane viste ein veldig disiplin, smiler Kisse, den legendariske fotballtrenaren.

Frå Bergsøy til Hareid. Men la oss gå litt tilbake i tid først. Kisse vaks opp på Holstad og spelte fotball på Hareid som ung. Han fekk seg nokre sesongar som a-lagsspelar før han gjekk til Hødd. Og der fekk Kisse med seg fleire av sesongane i Hødd si stordomstid, som vi kan seie går frå 1965 og litt ut på 70-talet.
   Vidare var Kisse trenar både for Kongsvinger, Hødd og Bergsøy. Hausten 1978 var Hareid på trenarjakt. Og det var liten tvil om at Hans Gisle Holstad var førstevalet. Han sa ja.
   - Det var fleire grunnar til det. Eg trena Bergsøy i 1978. Vi hadde som mål der ute å rykkje opp frå nivå tre til to. Det klarte vi ikkje. Vi vart nummer to. Reiseavstanden var også eit moment. Derfor var det greitt for meg å skifte klubb. Og å kunne få til noko med Hareid hadde vore ein draum for meg heilt sidan gutedagane.

- Fin spelarmix. 70-talet hadde slett ikkje vore noko dårleg tiår for Hareid sitt a-lag, grovt sett, med fleire fine plasseringar på fjerde nivå. Men etter den sterke tredjeplassen i 1975 fekk Hareid tre plasseringar på nedre halvdel.
   - Då eg tok over laget hadde vi ein fin mix mellom lovande juniorar og meir rutinerte spelarar. Det beste var at spelarane var veldig lærevillige. Då eg nokre år tidlegare trena Hødd hadde eg ei gruppe spelarar der mange var eldre og utlærte, og dermed høyrte mindre på kva trenaren sa. Men denne utgåva av Hareid tok til seg alt eg sa. Eg innførte ein del speleprinsipp som var nye for dei. Og så vart det jo fokus på kondisjonen. Vi hadde noko som heitte 100 %-treningar, forklarer Kisse.
   100 %-treningar er noko dei som har hatt han som trenar seinare også kjenner godt. Desse treningane er ikkje for sarte sjeler. I alle tilfelle: Kisse ville ha åtte mann i angrep og åtte mann i forsvar samtidig, som han sjølv seier det, og då er kondisjon alfa og omega.
   Ein annan suksessformel var det gode sosiale miløet i gruppa. Mange av spelarane som var med då Kisse kom inn framfor 1979-sesongen er framleis gode venner. Hareid hadde dessutan fleire treningsleirar på 70- og 80-talet, gjerne på Austlandet, noko som sveisa spelarane og familiane deira endå tettare saman.
   - Store delar av gullalderen hadde vi ein stabil stamme som var med i alle fall i åtte-ti år. Vi hadde det veldig kjekt saman, seier Kisse.

Dømt vekk av Davy. Hareid var venta å gjere det betre i 1979 enn året før. Men sesongen gjekk over all forventing. Hareid vann avdelinga si på nivå fire. Og opprykkskampar mot Åndalsnes venta. Laga vann 1-0 i sine respektive heimekampar. Derfor måtte dei ut i ein tredje kamp, som vart spelt på Rekdal. Den tapte Hareid dessverre 2-0. Etter sesongen slutta både Jon Gjerde og Øystein Alme. Men laget fekk opp nye yngre krefter og tok ny sats. På ny vann Hareid avdelinga si på fjerde nivå. Og dette året var det ikkje kvalifisering, så Hareid var for første gong oppe i den såkalla landsdelsserien.
   Fotballinteressa på Hareid har neppe vore større enn på denne tida. Kisse hugsar godt 4-1-sigeren borte mot Herd i siste serierunde i 1980, kampen som sikra opprykket. På veg heim måtte han halde tale til supporterane.
   I første serierunde i landsdelsserien i 1981 hadde Hareid heimekamp mot Ny-Krohnborg. Ein storstilt snøryddingsaksjon (sjekk bilete) måtte til for å få bana klar. Dessverre tapte Hareid 3-2. Det er eitt av dei negative minna Kisse har frå «gullalderen».
   - Ja, av dei mindre positive kampane hugsar eg både den og då vi tapte mot Ny-Krohnborg der nede seinare i sesongen. Då var Davy Wathne dommar, og eg hugsar kor sint eg var på han. Det var vel Erling Hareide som møtte på Davy mange år seinare. Og Davy spurde Erling om «han Holstad framleis var sinna», flirer Kisse.

Fleire trenarperiodar. I 1981 sikra Hareid plassen i siste serierunde etter ein sterk 3-0-siger heime mot Sandviken. Året etter var ikkje Hareid i nedrykkstriden, og hamna på ein fin sjetteplass i avdelinga. 1982-sesongen vart også Kisse sin førebels siste som a-trenar i Hareid. Men han kom tilbake allereie sommaren 1984, og sat ut 1985. Så var han igjen tilbake halve sesongen 1989, så i 1994, og til slutt i 2013 og 2014.
   Underteikna (EOT) var oppmann under Kisse dei to siste sesongane. Det var to kjekke år som begge enda i 5.-plass i 4.-divisjon, noko som var bra med tanke på at Hareid fleire gonger var på randen av oppløysing i 2012. Men Kisse fekk merke at verken norsk fotball eller samfunnet elles var slik som 30 år tidlegare. Store delar av stallen hadde jobbar som gjorde at dei kunne måtte stå over treningar, og fleire hadde også sambuarar sin jobbsituasjon og kanskje også born å ta omsyn til. Og så var det dette med pengar då. På Hareid kosta det pengar å spele fotball, medan det i andre klubbar blir gitt pengar til spelarane.
   - Ei av utfordringane tidleg på 80-talet var jo at vi var så gode at fleire av spelarane var interessante for andre klubbar. I 1981 kunne eg jo seie at vi låg i same divisjon som Hødd og at vi hadde like gode treningar. Men det var jo også på den tida der eg forstod at pengane har gjort sitt inntog i norsk fotball. Og då hadde Hareid problem med å henge med. Med tanke på både økonomi og sportslege utfordringar så måtte eg ha forståing for at ambisiøse spelarar ville vidare, forklarer Hans Gisle.  

*

I heftet er det også ein ekstra artikkel om Kisse:

- Vi hadde enorm respekt for Kisse

Både spelarar i «gullalderen» og seinare framhevar Hans Gisle «Kisse» Holstad som ein trenar dei hadde enorm respekt for.

Og med spelarar som høyrer på det trenaren har å seie, ja så blir det suksess.
   - Kisse var ein trenar som fekk stell på det. Vi hadde ein enorm respekt for han. Sa han at vi skulle springe fram til Gamlebanken og ned igjen, så gjorde vi det. Og sa han at vi skulle gjere det éin gong til, så gjorde vi det også. Hareid hadde behov for noko meir mot slutten av 70-talet. Vi hadde fått fram fleire gode spelarar og hadde fått litt meir stell på ting enn tidlegare år. Og då passa det godt å få inn Kisse, som hadde treningar på høgt nivå. Eg minnest at det var eit par spelarar, som Leifen og Knut Strande, som ikkje alltid klarte å rekke ferja når vi skulle på kamp. Vi andre ville halde igjen ferja, men Kisse sa «at er det kamp, så er det kamp». Han var ein bestemt type slik sett. Men du verden, vi hadde det mykje moro, seier Willy Nesset.
   Som både var spelar under Kisse og oppmann saman med han – i forskjellige periodar.

- Stor tillit i gruppa. Harald Møller var både spelar under Kisse, og trenar saman med han. Harald til kom til Hareid midt i sesongen 1980, opprykksåret, etter å ha a-debutert for Ørsta tilbake i 1970 og også spelt for Blindheim.
   - Eg la merke til at Hareid hadde ei ung gruppe som var veldig samansveisa. Og Kisse hadde veldig stor tillit i spelargruppa. Spelarane trudde på det han la opp til. Og det vart eit godt organisert lag ut av det, seier Harald.
   Som også vil trekke fram at det var eit godt apparat rundt trenarane i klubben på den tida.
   - Det var mange vaksne stødige leiarar som tok klubben vidare der rundt 1980, som Per Øvrelid, Hallkjell Dahle og Gunnar Aursnes. Skal eit lag lykkast må organisasjonen vere éin divisjon betre enn det sportslege. Og på starten av 80-talet hadde Hareid det. Då var Hareid ein av dei best drivne klubbane på Sunnmøre, fortel Harald Møller.

Beinhardt opplegg. Gunnar Aursnes var ikkje den som fekk mest tillit som spelar under Kisse. Men det var uproblematisk. I staden tok Aursnes eit tak som oppmann då Kisse var trenar. Og dei har  også seinare samarbeidd, blant anna om å trene lag.
   - Med Kisse inn som trenar fekk vi eit meir seriøst treningsopplegg. Og det var beinhardt. Det var det klart mest seriøse vi hadde hatt på Hareid til då. Men det var uproblematisk. Spelarane var lojale. Og eg trur det hadde mykje å gjere med at Kisse hadde spelt på eit høgare nivå og var utdanna D-trenar (høgste trenarutdanninga i Norge den gongen).
   Aursnes har mange gode minne frå tida med Kisse, både som medspelar, spelar under Kisse som trenar, og som oppmann då Kisse var trenar. Spesielt hugsar Gunnar Aursnes flyturen til Åkra (Karmøy) i 1981. Då hadde Hareid leigd inn eit småfly som tok dei tur retur Vigra-Åkra.
   - Vi svinga innom fjell og fjordar langs den norske kysten. Og det var nok noko nervepirrande for mange. Eg trur ikkje Kisse var blant dei som var spesielt glade i å flyge i utgangspunktet heller. Og då andreflygaren midtvegs i turen brått tok fram NAF-boka, då såg eg på Kisse at han tenkte at no var hans siste time komen.

Amatør! Vagn Scheide Mork hadde Kisse som trenar i to periodar, først i 1994, og deretter i 2013 og 2014. Både i 1993 (laget heldt seg så vidt i 3.-divisjon etter kvalik) og i 2012 (rykte ned frå 3.-divisjon med brask og bram) hadde Hareid underprestert. Men Kisse kom inn og – om ikkje trylla – så i alle fall fekk heva laget fleire hakk.
   - Begge gongane låg Hareid nede med broten rygg. Kisse tok over laget og tilførte spelarane sjølvtillit. Om det ikkje akkurat vart gull av gråstein, vart det i alle fall sølv av gråstein. Ja, Kisse fekk mykje ut av laget, seier Vagn, som visst nok framleis vaknar om natta av at han drøymer at Kisse roper «Amatør!». Spesielt i sesongoppkøyringa 1994 brukte Kisse dette ordet heile tida når spelarane vart vende vekk for lett. Men då seriestarten kom vart det heldigvis mindre av denne ordbruken. For då hadde spelarane lært.

Kutta røyken. Lars Atle «Lasse» Flø var keeper då Kisse tok til som Hareid-trenar framfor 1979-sesongen.
   - Vi var jo vande med to treningar i veka og eit relativt roleg opplegg. Men det var vi spelarane sjølve som kontakta styret for å få dei til å hente inn Kisse som trenar. Og då fekk vi ein ny giv. Kisse innførte jo eit opplegg som var heilt nytt for oss. Men vi likte det. Eg minnest godt Cooper-testar og andre testar av oksygenopptak. Eg røykte jo på den tida. Men etter å ha gjort det elendig på den første kondisjonstesten med Kisse fann eg ut at eg måtte stumpe røyken, flirer Lasse i 2016.
   Då Hareid tok KM-tittelen (men ikkje rykte opp) i 1979 sleppte Lasse berre inn sju mål på 18 kampar. Året etter  vart det nokre fleire baklengs, men då rykte Hareid opp.
   - Eg tvilar på vi hadde rykt opp utan Kisse som trenar, meiner Lasse Flø.