Skriv ut

15.10. FRÅ ARKIVET: HAN MED HISTORIENE

Willy Nesset er ein stor Hareid-patriot. Han har også vore i politikken, og var ei stund ordførar. Då vi møtte Willy våren 2016 var det på kontoret hans på rådhuset. Men Willy er også ofte på jobb i Polen.
Willy Nesset er ein stor Hareid-patriot. Han har også vore i politikken, og var ei stund ordførar. Då vi møtte Willy våren 2016 var det på kontoret hans på rådhuset. Men Willy er også ofte på jobb i Polen.

I den femte historiske artikkelen frå jubileumsheftet frå 2016 har vi kome til 70-talet. Det er sjølvsagt sjølvaste Willy Nesset som fortel om dei glade 70-åra. 

Willy Nesset: Han med historiene

Skal du ha ei god historie frå Hareid-fotballen: Kontakt Willy Nesset.

Willy har vore innom det meste. Han har vore spelar, oppmann, trenar, fotballformann og stått i bresjen for Grendacupen. Mange som har hatt med Willy å gjere gjennom fotballen omtalar han som både ein god organisator og ikkje minst ein god historieforteljar. Willy har både skrive ned og lese opp kåseri med gode historier frå Hareid-fotballen.
   Sjølv var han med smågutelaget som vann Sunnmørspostens Guttecup i Ålesund i 1966, saman med blant andre Åge Hareide. A-lagsdebuten fekk Willy offisielt i 1970. Men han meiner at han fekk eit par kampar før den tid også. I gamle dagar var det nemleg slik at du måtte ha helsekort for å spele kampar, og det kunne hende at ikkje alle hadde med sine eigne kort til alle kampar…

Sving på sakene. I 1970 var det Harald Bror Johansen (som også har spelt for Hødd og Aalesund) som trena Hareid sitt a-lag. Og to år seinare fekk Jon Gjerde trenaroppdraget. Desse to skal ha mykje av æra for at 70-talet vart eit godt tiår for Hareid, etter at laga rota seg ned i dei lågaste divisjonane på 60-talet.
   - Tidleg på 70-talet begynte vi å få litt sving på det. Det kom opp ein del yngre spelarar, blant andre Karsten Holstad, Svein Dag Slettebakk og meg sjølv. Tidlegare hadde det vore så som så med treningar. Eg meiner å hugse at det kunne vere to obligatoriske og éi frivillig. Men etter at Harald Bror og Jon kom inn var det tre faste i veka. Desse trenarane fekk inn meir struktur i laget enn det som hadde vore vanleg tidlegare. Jon til dømes kom inn med heilt andre treningsmetodar enn vi var vande med. Det var som å trene med 50 kilo ekstra på ryggen, minnest Willy.

Eit godt miljø. Før i tida gjekk mange av treningane i den gamle brakka som stod ved Hareid stadion fram til nokre få år sidan. Det var i fleire år ein slags gymsal. Treningane der inne kunne vere rett så harde. Og Willy hugsar blant anna at Knut Holstad kom spyande ut frå brakka…
   Willy var i periodar kaptein for Hareid, men nokre sesongar midt på 70-talet måtte han grunna arbeidssituasjonen trappe litt ned, og spelte då på Haddal. I 1977 var han derimot tilbake for fullt. Først som spelar, og deretter både som spelar og oppmann. I fleire periodar sat Willy også i fotballstyret. Ikkje berre hadde Hareid eit godt sosialt miljø i spelargruppa. Men det var også ein god gjeng utanfor som tok på seg ei rekkje oppgåver.
   - Vi var ein gjeng som tok ansvar, og planla ei rekkje arrangement av forskjellige slag. Det kunne vere alt frå å ha noko ekstra på heimekampane for å trekke folk, til å arrangere dans eller «Hareid i skotet». Det var ei rekkje personar som var frivillige og stilte opp på alt mogleg, fortel Willy.

Ein god forteljar. Det var mange artige stunder for Willy og resten av  gjengen, og ikkje minst var det mykje positivt som skjedde etter at «det tok av» sportsleg frå 1979 og utover. Det var ikkje uvanleg med mange hundre tilskodarane på heimekampane. Og i ein cupkamp mot Molde skal det visst ha vore 2600, noko som er klubbrekord. Willy har både skrive ned historier frå Hareid-fotballen i 70- og 80-åra – og heldt kåseri på ulike tilstellingar. Ikkje alt eignar seg like godt på trykk. Men her er det Willy sjølv hugsar best frå opptakta til stordomstida til Hareid-fotballen:

«Eg er blitt beden av redaksjonen skrive litt om fotballen på syttitalet. Eg er ikkje 100% kvalifisert, sidan eg også hadde nokre sesongar i Haddal IL i denne perioden, men eg kjenner denne tida godt. Det var på ein måte ei brytningstid for fotballen i bygda. Dei gamle heltane som spelte på sekstitalet var på veg ut av a-gruppa, og oss som hadde slengt med på a-laget og spelt nokre få kampar med falskt legekort (noko som var vanleg den tida når du var litt for ung), kom mer og meir til syne. Enno hang der igjen legender som Einar Elvanes, Knut Holstad, Arne Gunnar Aschehoug osv. Og eit par stjerner hadde kome til, Jon Gjerde frå Hødd, og Harald Bror Johansen frå AaFK. Men sportsleg starta dette tiåret dårleg, i 1970 enda oss heilt sist i 4.-divisjon, og rykte ned. 1971 var heller ikkje mykje betre, oss enda desidert sist også i 5.-divisjon.

Det vart bestemt å ta grep, og frå 1972 kan ein ane konturane av eit sterkare Hareid-lag. Jon Gjerde vart hovudtrenar og oss susa gjennom 5.-divisjon og vann framføre Stranda. Oss var godt trena, Jon tilførte nye treningsmetodar, sikkert Hødd-inspirert,  og nye gode spelarar kom, mellom anna brørne Grimstad, Leiv Arne og Audun. Egil Andersson kom til, og Odd Brandal, Per Øvrelid, Gunnar Aursnes hang framleis med. Frametter 70-talet låg laget jamt å kiva oppe i toppen av 4.-divisjon, stundom høgt oppe og stundom litt lågare på tabellen, men Hareid framsto som eit godt sunmørsk fjerdedivisjonslag.

I perioden 76 og framover byrja det hende ting, oss som hadde vore unge på starten av syttitalet byrja merke stor konkurranse frå dei som kom til frå juniorlaget, og som storma fram! Kan fort nemne  Øystein Alme, Lars Pedersen, Mardon Hjelle, Jon Olav Slettebakk, Harald H. Rise, Lars Atle Flø, Erling O. Hareide, Tom Fredriksson, Geir og Arve Holstad osv. Kunne sikkert ha nemnt fleire. Laget vart homogent og godt organisert, og så kom etterkvart Hans Gisle Holstad til som trenar. Då nærmast eksploderte dette laget, og då oss heilt på slutten av syttitalet også makta lokke til oss den notoriske storscoraren Knut Strande, byrja det å smake fugl av laget! Den godaste Kisse styrte med fast hand, oss lytta og gjorde som han sa, og han framsto på mange måtar som Hareids Drillo! Slutten av dette tiåret tilhøyrde han og det unge framstormande laget, sjølv om oss i sesongen -77 sleit, og det same gjorde oss i tidleg på året i 1978, men frå utetter hausten det året var det full fart, og oss prylte dei fleste laga som prøvde seg mot oss. Då var det giri giri gasja og gomp i gara, og oss framsto som uslåelege!

1979 var ein jubelsesong der oss pløgde gjennom serien og vann med 7 poengs margin på Stranda, og det vart kvalik for 3.-divisjon, der oss dessverre tapte mot Åndalsnes etter tre tette kampar. Oss var utruleg skuffa men kanskje dette gav oss lærdom og ny giv fram mot komande sesongar. Og året etter var det ingen tvil, Hareid skulle opp og måle seg mot endå betre lag! Etter ein jamn fight med Herd vann oss serien med eitt poeng. Og åttitalet framstår som dei gylne åra for Hareidfotballen og det skulle vare  nesten til tusenårsskiftet, men det skal andre fortelje om. Folket på Hareid var elleville tilhengarar, busslastar fylgde oss, folk stilte i bunad  både her og der. Bakkely heiste flagg ved trepoengarar, grimstingane gjekk av skaftet nærast,  og det var ei herleg tid.

Som sagt var oss langt nede tidleg i syttitalet, lite publikum og ein god del motgang, og generasjonsskifte. Men tiåret enda i jubel, med fulle tribunar, stor entusiasme i bygda og endeleg var Hareidfotballen å rekne med her på Sunnmøre. Har også på tampen av innlegget mitt her lyst å nemne nokre trufaste hjelparar og oppmenn. Denne perioden kom det til mange gode hjelparar, men eg fornærmar ingen når eg trekkjer fram Henrik Fjelly. Av oppmenn hugsar eg godt Willy Almli, Gisle Erstad og Håkon Teigene. Der var andre også. Det er mange flotte historier å fortelje frå denne tida, ikkje sikker på at så mange av dei passer i ei bok som dette, men enno held gjengen saman. Oss mimrar av og til, og låtten og husken og kameratskapen står endå sterkt blant oss. Det var flott å få oppleve denne perioden, og flott å få vere med på reisa vidare i Hareidsfotballen tida som kom etter. Til slutt i dette innlegget har eg lyst til å seie at samhaldet som oss hadde i denne gruppa år etter år er noko klubben og spelarane må strekke seg etter. Då var det ikkje snakk om spesielle goder eller kontraktar, då var det eit motto som gjaldt: Ein for alle, alle for ein! Det skapte ein gullalder for Hareidsfotballen! Så kom an de som er aktive i dag, ein ny runde med giri giri gasja hadde vore fantastisk!»