hareid_il_logo_135.png









 

HAREID J19 VANN ÅRETS FØRSTE SERIEKAMP

20200818_185714.jpg

I januar var det ikkje noko lag på Hareid som var påmeldt i J19-klassa, men på grunn av rådande situasjon so bestemte det svært unge damelaget seg for å melde seg inn i 2. divisjon i denne klassa. Det gjer at dei som er opptil 19 år likavel får spele kampar på jentesida. 


I går spelte difor J19 sin første seriekamp, og motstandaren heime på Hareidsmyrane KGB var HaNo. For Hareid sin del so starta kampen på best mogleg vis. Det tok nemleg berre 8 minutt før Hareid gjekk opp i leiinga. Då utnytta Hanna Holstad Grimstad at motstandardkeeperen stod langt ute, og varta opp med ei fin avslutning over HaNo si sisteskanse, og til 1-0 leiing.


Ikkje lenge etterpå var Hareid veldig nærme å auke leiinga, då Kristiane Worren avslutta på innsida av stonga frå langt hald. Sjølv om det ikkje blei mål på den sjansen, so kom Hareid sitt mål nummer to rett deretter. For i det 32. minutt kom kaptein Helene Sjåstad Kleppe fri med ballen inne i 16-meteren. Ho gjor ingen feil, å plasserte ballen knallhardt til side for keeper.


Hareid var heldige at dei unngjekk redusering rett før pause, då HaNo hadde ein kjempesjanse i det 43. minutt. Men mål blei ikkje det, og stillinga var då 2-0 etter 45 minutt.
I 2. omgong tok HaNo litt meir kontroll over kampen, og i det 62. minutt kom reduseringa for bortelaget. Men fleire mål enn det blei det ikkje i sesongens første kamp, og det endå då med 2-1 siger til Hareid J19.


Vi gratulerar! 


Hareid J19 stilte med følgjande lag: Andrine Myrene Teigene, Anne Fjelly Mork, Elen Alme, Amalie Hong Hansen Koppen, Sandra Sarabanathan Moldskred, Andrine Øvrelid, Shaajeena Jeyathas, Hanna Holstad Grimstad, Andrea Holstad Grimstad, Helene Kleppe (K) og Kristiane Worren. Benk: Celine Skeide Bigset, Andrine Gaasø og Ronja Sarabanathan Moldskred

|
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR