hareid_il_logo_135.png









 

HAREID G16 IMPONERTE I SESONGENS FØRSTE KAMP

dsc09498.jpg

Forrige gong eit lag frå Hareid spelte kamp viste kalendaren februar - men i dag, etter over fem månadar med venting, so var Hareid G16 det første laget frå Hareid som endeleg fekk spele. 

Motstandaren i denne treningskampen var Hasundgot, på Hasundgot Stadion. Kampen var av det jamne slaget, men Hareid hadde både mest ball og kom til dei største sjansane, og imponerte tidvis spelemessig. Likavel so enda det dessverre med eit knepent 4-3 tap.

For sjølv om Hareid var det førande laget i store delar av kampen, so starta dei frykteleg dårleg. Det tok nemleg berre litt over eit minutt før Hasundgot fekk frispark rundt 20 meter frå Hareid sitt mål. Derifrå skrudde Hasundgot-spelaren ballen i lengste hjørne, og stillinga var då 1-0. 

Hareid fekk altso ein marerittstart på kampen, men det såg ikkje ut til å påvirke spelarane altfor mykje. For litt etter litt tok dei meir og meir kontroll over spelet. Etter 14 minutt kom Hareid sin første sjanse,  då dei kombinerte seg fint oppover høgrekanten. Emil Olai Hasund fekk avslutta frå skrå vinkel, men keeper fekk tilslutt kontroll på ballen. 

I staden for at Hareid reduserte so var det Hasundgot som auka leiinga si i det 35. minutt. Men denne gangen var ikkje det ein Hasundgot-spelar som scora, og for den del ikkje ein Hareid-spelar heller. Målscoraren var nemleg Hødd-spelaren Syver Skeide, som har deltatt på fleire landslagssamlingar, som Hasundgot hadde tatt med seg i dagens tropp. Han trilla ballen til side for keeper etter ei god kontring, og stillinga var då 2-0. 

Berre to minutt seinare var Hareid svært nære å få ei redusering rett før pause. Då blei nemleg Christoffer Ottesen fint spelt gjennom motstandaren sitt forsvar, men avslutninga innafrå sekstenmeteren gjekk dessverre til side for mål. Difor kunne Hasundgot gå til pause med 2-0 leiing, sjølv om Hareid hadde skapt klart flest sjansar.

I 2. omgong fortsette Hareid på same måte som i 1. omgong, og i det 55. minutt fekk dei endeleg utteljing for det. På ei god kontring kom nemleg reduseringa. Kontringa starta etter ei god pasning frå høgrebacken Mulue Berihu opp til Victor Peterson. Han førte ballen med seg oppover, før han la ei perfekt pasning bak Hasundgot-forsvaret til Benjamin Riise Erdal, som kom på eit godt løp. Åleine med keeper gjor han ingen feil, og plasserte ballen knallhardt til sida, til 2-1.

Under denne perioda var Hareid verkeleg gode, og berre fem minutt seinare kom utlikninga, nok ein gong på kontring. Denne gongen slo Emil Olai Hasund ei god pasning til Mulue Berihu, som kom stormande fram på høgrekanten sin. Om avleveringa til Mulue Berihu var meint som eit innlegg eller som eit skudd frå corner-området veit vi ikkje, men det vi veit er at det virkeleg overraska keeperen. Han fekk ei hand på ballen, men kunne ikkje hindre at ballen gjekk direkte i mål frå sida. Stillinga var med det 2-2, og Hareid hadde med det henta inn igjen ei 2-0 leiing. 

Hasundgot-benken blei nok relativt stressa etter utlikninga. For rett etterpå blei Syver Skeide bytta inn på igjen. Ikkje mange minutta etter dette blei Hasundgot tildelt straffe, og den var S. Skeide sikker på. Hasundgot leda nok ein gong, no med 3-2. 

Hareid nekta nok ein gong å gi opp, og berre fire minutt seinare kom ei ny utlikning. Denne gongen var det Christoffer Ottesen som var målscorar, etter at han blei spelt åleine med keeper.

Dette skjedde i det 74. minutt, og det var med det berre seks minutt igjen. Sjølv om det var knapt med tid fekk vi sjå to mål til før dommaren blåste av. Først so var det Benjamin Riise Erdal som kom seg fri og scora, men dessverre for Hareid so blåste dommaren av for det som må ha vore ein hårfin offside.

Som vi allereie har avslørt so enda det ikkje med uavgjort. For då det berre var nokre få minutt igjen so gjor Syver Skeide alt sjølv, og scora sitt tredje mål frå distanse. Hareid makta ikkje å utlikne endå ein gong, so då dommaren blåste av var stillinga 4-3 til Hasundgot.

Sjølv om det tilslutt blei eit knepent tap so kan Hareid G16 ta med seg svært mykje positivt frå dagens kamp - og ikkje minst fram mot neste søndag, då dei møtast igjen. 

Godt jobba! Girri, girri!

Lag: Eskil Grimstad Kirkebø - Mulue Berihu, Gabriel Olav Peterson, Estifanos Micael, Hilde Årsbog Bjåstad - Emil Olai Hasund, Daniel Hüttner Pilskog, Christoffer Ottesen - David Levi Karlsen, Benjamin Riise Erdal og Andreas Knardal.

Innbyttarar: Daniel Jacobs og Victor Peterson.

PS: Neste gong eit Hareid-lag skal i aksjon er på torsdag, då spelar juniorlaget bortekamp mot Bergsøy.

|
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR