hareid_il_logo_135.png









 

18.12. HAREID 2-3: WARHOLM LIGAMEISTER DEL II 2016

Martinus Warholm etter treninga søndag kveld.
Martinus Warholm etter treninga søndag kveld.

Hareid 2-3-gruppa har tradisjon for å køyre "liga-treningar", det vil seie at ein (i løpet av til dømes eit halvt år) samlar poeng for sigrar på treningane. Søndag kveld vart det klart at Martinus Warholm vart ligameister del II i 2016. Han vann eitt poeng framfor Andreas Emdal Fure. Fredrik Fagerli Abrahamsen og Emil Johannes Dahlen Folkestad delte tredjeplassen. Vi gratulerer.

16.12. HAREID G16 MANGLAR KEEPER. ER DU DEN RETTE?

i208158_1473582138945.jpg

15.12. FORNYA SATSING PÅ DAMEFOTBALLEN I HAREID IL: ANITA WAAGE BLIR NY HOVUDTRENAR

Anita Waage saman med Lars Roar Holstad frå sportsleg utval torsdag føremiddag.
Anita Waage saman med Lars Roar Holstad frå sportsleg utval torsdag føremiddag.

15.12. LOKALFOTBALL: DUO HELD FRAM I GODØY

Stenerud som keeper under Hareid Group Vintercup for nokre år sidan.
Stenerud som keeper under Hareid Group Vintercup for nokre år sidan.

Godøy leverte ein strålande sesong i 4.-divisjon i 2016. Og no er det klart at duoen som leia øylaget tek éin sesong til: Jan Ove Austnes og Kristian Stenerud. 42 år gamle Austnes skal sjølvsagt også spele. Medan ex-keeperen Stenerud truleg blir mest å finne på sidelinja.

14.12. HAREID 4.-DIVISJONSOPNAR HEIME MOT LANGEVÅG

Hareid og Venthan Ketheeswaran møter Langevåg heime i første runde i 2017. I 2016 kom Langevåg til Hareid i andre runde. Då vann gultrøyene 3-0.
Hareid og Venthan Ketheeswaran møter Langevåg heime i første runde i 2017. I 2016 kom Langevåg til Hareid i andre runde. Då vann gultrøyene 3-0.

12.12. LOKALFOTBALL: MONSEN TEK OVER SKODJE

Stig Monsen er klar som ny trenar for Skodje. Det melder Geir Otto Ringstad frå Skodje på facebook. Monsen trena Hareid i 2015, og har elles trena lag som Hødd, Rollon og AaFK. Han trena også Skodje ein periode på slutten av 90-talet. Skodje rykte ned frå 4.-divisjon i år, men gav som vanleg mange lag god kamp. Vi ønskjer Stig lykke til i Skodje.

10.12. 12 LAG I 4.-DIVISJON I 2017 ETTER DRAMA PÅ KRINSTINGET

26 delegatar røysta for Ørsta IL sitt forslag om 14 lag i 4.-divisjon, men 26 røysta også imot (inkludert seks av seks i krinsstyret). Dermed vart ikkje forslaget til Ørsta godkjent, med minst mogleg margin. Ørsta og Valder spelar dermed i 5.-divisjon i 2017, og MSIL og Åmdal redda seg heller ikkje frå nedrykk til 6.-divisjon.

09.12. YMSE LOKALFOTBALL

07.12. SPAREBANK1 GRENDACUPEN: FIRE DAGAR TIL PÅMELDINGSFRISTEN GÅR UT

Venthan Ketheeswaran under cupen i fjor. Venthan har enno ikkje meldt på lag til årets turnering.
Venthan Ketheeswaran under cupen i fjor. Venthan har enno ikkje meldt på lag til årets turnering.

06.12. LOKALFOTBALL: LØWENSPRUNG OG HOEM VIL HA 12 LAG I #4DIVSUNN

Laurdag skal krinstinget avgjere om det blir 12 eller 14 lag i neste års 4.-divisjon. No er det sikkert ikkje mange trenarar som skal på krinstinget. Og det er heller ikkje alle aktuelle lag som har trenarteama for 2017 på plass. Men Sunnmørsposten har i alle fall fått tak i to 4.-divisjonstrenarar som er motstandarar av 14 lag i divisjonen; Rune Hoem (Langevåg) og Alexander von Løwensprung (Rollon). Les meir her.

02.12. LOKALFOTBALL: NESTE ÅRS BERGSØY-TRENAR ER KLAR

Tony Sandanger skal trene Bergsøy sitt a-lag neste år, melder bergsoy.com. Sandanger trena laget i haust etter at Lars Petter Rønnestad måtte trekke seg. Mange hugsar sikkert Sandanger godt som keeper for Gjerdsvika og Bergsøy i fleire år. Meir her.

01.12. LOKALFOTBALL: HERD OG BRATTVÅG HAR LAGT TRENARKABALANE

Frå ein kamp mellom Herd og Hareid i 2012.
Frå ein kamp mellom Herd og Hareid i 2012.

* Brattvåg: Karl Oskar Fjørtoft blir hovudtrenar, Rune Ulvestad hjelpetrenar. Fjørtoft har vore i Hødd og AaFK både som trenar og spelar, og har også trena Fortuna. Ulvestad hugsar vi godt som Herd-trenar i fleire år. Meir her.
* Herd: Her satsar dei noko yngre, med den tidlegare Hødd- og AaFK-spelaren Thomas Pedersen som hovudtrenar. Meir her.

01.12. FREDAG BLIR KAMPDAG i #4DIVSUNN

I 2016 spelte Hareid flest torsdagskampar. Men denne kampen mot Skodje gjekk på ein laurdag.
I 2016 spelte Hareid flest torsdagskampar. Men denne kampen mot Skodje gjekk på ein laurdag.

SFK melder i dag at fredag blir kampdag i neste års 4.-divisjon på Sunnmøre. Vidare blir 5.-divisjon flytta frå onsdag til torsdag, og 6.-divisjon frå måndag til onsdag. Les meir her.

29.11. 33 SPELARAR MØTTE TIL OPPSTARTSMØTE FOR G16 OG JUNIOR

Fredrik Andresen.
Fredrik Andresen.

Det vart i dag (tysdag) halde felles spelarmøte for G16 og junior 2017. Med i alle fall fire-fem som grunna sjukdom eller anna ikkje møtte, ser vi at det er eit potensial på nærare 40 spelarar i desse aldersgruppene komande sesong.

28.11. HAREID MED FORNYA SATSING PÅ JUNIORGENERASJONEN (NB. HUGS SPELARMØTE FOR JUNIOR OG G16 PÅ HUS TYSDAG 18.00)

Kim-Tore Husøy, her frå ein kamp mot Rollon i 2011.
Kim-Tore Husøy, her frå ein kamp mot Rollon i 2011.

Med Kim-Tore Husøy tilbake som trenar slår Hareid IL Fotball til med ei fornya satsing på juniorfotballen i klubben.

28.11. GODE PRESTASJONAR I "FUTSAL-CUP"

Grunna tekniske problem fekk vi dessverre ikkje oppdatert Hareid-sida i helga. Men kort oppsummert:
* SMG13 gjekk vidare frå både gruppespelet og mellomspelet i futsal-cup, men rauk til slutt ut mot Hødd i kvartfinalen (3-2-tap). Uansett godt jobba av det unge Hareid-laget.
* G16 derimot slo Hødd 1 i kvartfinalen, etter å ha tatt seg greitt vidare frå både gruppspelet og mellomspelet. I semifinalen vart det derimot 3-2-tap mot Ørskog/Stordal. Uansett ei god turnering av Hareid-karane. 
* Tre Hareid-lag har forresten nådd semifinalen i futsal-cup i haust. Ikkje verst. (Det blir ikkje spelt bronsefinalar i desse turneringane.)
* Hareid arrangerte i helga futsal-kampar i G11-klassen.
** Les meir om alt dette på Hareid IL sin facebook-profil.

25.11. TRADISJONEN TRU: HAREID SIDA TIPPA BEST

Det har vel skjedd oftare enn at det ikkje har skjedd: Hareid-sida tippar 4.-divisjonstabellen (før 3.-divisjonstabellen) betre enn dei andre lokal nettsidene. Det uvande i år var at Hareid-sida måtte dele førsteplassen med Godøy si nettside. Den einaste grove bommen vi gjorde i år var å tippe Valder på pallplass. Vi trefte fire plassar feil med avdelingsvinnarane SIF. Men alle dei andre sida trefte langt verre med dette laget, faktisk. Hareid hadde vi tippa på niandeplass. Det var også der vi låg omtrent 35 minutt før sesongen var slutt. Men etter ein hektisk spurt enda Hareid på ein oppløftande sjetteplass. Meir her.

25.11. LOKALFOTBALL: FJØRTOFT RE-STARTAR LAGET. DET GÅR UTOVER NORBORG. ELLER?

* Etter mange, mange år utan 11-arlag i herrefotballen skal Fjørtoft stille lag i 6.-divisjon neste år. Det kan det sjå ut som det går utover Norborg sitt 4.-divisjonslag - eller? På Norborg si nettside ser vi at fleire spelarar har meldt overgang til dei kvite og blå. Men ikkje alle desse har vore like sentrale på tangotrøyene sitt lag dei siste åra. Les meir her.
* Sunnmørsposten melder i dag at Steffen Oksnes Elde og Erlend Holm mest truleg blir spelande trenarar for IL Valder neste år, i alle fall om dei får med seg ein tredje person som kan leie laget frå sidelinja. Valder skal i utgangspunktet spele i 5.-divisjon neste år. Men som vi har meldt fleire gongar tidlegare; Valder og Ørsta kan redde plassane sine på krinstinget om eit par veker.

23.11. LOKALFOTBALL: KVEN SKAL TRENE 4.-DIVISJONSLAGA

Sunnmørsposten/Herøynytt har laga ei oversikt over kva trenarar som gir seg og kven som held fram (og kva klubbar som enno ikkje har lagt kabalane). Les meir her.

Forhånd.1234567...282Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR