hareid_il_logo_135.png









 

28.05. Volda - Hareid 2-1: Suraste tapet i manns minne

Målscorar og Hareids bestemann; Lars Andreas Dahlen Folkestad.
Målscorar og Hareids bestemann; Lars Andreas Dahlen Folkestad.

At Volda leia 1-0 til pause var for så vidt greitt nok. Men kvar var Volda i 2. omgang - i ordinær tid? Etter pause var det nemleg Hareid som køyrde på og skape sjansar på løpande band. Utlikinga kom i det 88. minutt ved Lars Andreas Dahlen Folkestad. Men på overtid fekk Volda eit frispark som Stian Finnøy stussa i mål. Uff, uff, uff. Denne var tung å svelge. Vi kjem ikkje på eit surare Hareid-tap, i alle fall ikkje i farta.

Sidan verken Ørjan Engen Grimstad, Martin Nikolai Longva eller Ulrik Wingsternes var disponible måtte Hareid gjere ein del rokkeringar på laget. Eiliv-Tore Howlid (midtbane sist) og Lars Andreas Dahlen Folkestad (spiss sist) vart flytta ned i midtforsvaret, medan Runar Stranden (spiss) og Nauris Driksna (back) kom inn igjen på laget. Joar Møller vart flytta opp igjen på midtbana.

I 1. omgang låg Hareid lågt i bana for å hindre Volda bakrom. Og ei god stund fungerte det ganske dårleg. Stian Finnøy brente gode sjansar etter både 10 og 13 minutt for heimelaget. Så heva Hareid seg litt og fekk ei brukbar moglegheit ved Ola Kalvø Vattøy etter kvarteret. Volda tok leiinga ved Finnøy etter 32 minutt. Ein ball vart slått i bakrommet. Offside eller ikkje offside. Uansett lobba Finnøy ballen over Vagn Scheide Mork. 1-0 stod det seg til pause, noko som var greitt nok. 1. omgang var for så vidt ganske tam frå begge laga.

Men etter pause tok Hareid seg skikkeleg saman. Presset vart lagt langt inn på Volda sin banehalvdel. Innsatsen tok seg kraftig opp. Hareid skapte mange sjansar. Og Volda såg i periodar ut som eit slapt  lag frå divisjonen under (med all respekt for den). I tur og orden kom Hareid til desse store sjansane:
* 47 minutt: Nesten for Christer Adrian Mork etter ein sjeldan feil av Volda-keeper Aasen.
* 50 minutt: Mork nær med ei god heading.
* 58 minutt: Nesten igjen for Mork, men fekk ikkje heilt klaff på avslutninga.
* 64 minutt: Georg Eikrem Olsen med farleg avslutning.
* 69 minutt: Nesten for Håkon Orten Trovåg.
* 77 minutt: Ola Kalvø Vattøy nær ved å score, men Aasen gav retur.
* 79 minutt: Hareid med langt angrep som enda med at Vattøy avslutta utanfor.

Og så, etter 88 minutt, kom 1-1. Christer Adrian Mork hadde blitt flytta bak som stoppar, medan Lars Andreas Dahlen Folkestad spelte spiss. Georg Eikrem Olsen la vakkert inn frå høgre, og Folkestad heada ballen kontant i mål.

Hareid fekk blod på tann og jaga 2-1. Men ut i overtida fekk Volda eit frispark som Stian Finnøy stussa i lengste kryss.

Etter 2. omgang kjennest det svært, svært surt å ikkje få med seg poeng frå denne kampen.

Takk til dei om lag 20 supporterane frå Hareid som tok turen.

Ref. HIL

Kampfakta
4.-divisjon runde 6
Volda – Hareid 2-1 (1-0)
Volda stadion
Tilskodarar: 60
Mål: 1-0 Finnøy (32), 1-1 Folkestad (88), 2-1 Finnøy (90+2)
Dommar: Jan Erik Myklebust, Åmdal IL
Gule kort Hareid: Folkestad, Aadland
Hareid (4-2-3-1): Vagn Scheide Mork (K) – Robin Jackson Indreflø, Eiliv-Tore Howlid, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Nauris Driksna – Joar Møller (Ivar André Aadland 67), Alexander Nevstad – Håkon Orten Trovåg, Ola Kalvø Vattøy, Georg Eikrem Olsen – Runar Stranden (Christer Adrian Mork 46)
*** Folkestad, ** Howlid, * Nevstad

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR