hareid_il_logo_135.png









 
26.06. Hareid-Blindheim 2-2: Skuffande resultat i siste vårkamp
Ola Kalvø Vattøy sette inn 2-1 for Hareid, men leiinga heldt ikkje heilt inn.
Ola Kalvø Vattøy sette inn 2-1 for Hareid, men leiinga heldt ikkje heilt inn.

Hareid hadde full kontroll gjennom mesteparten av kampen, men endå ein gong mangla prikken over i-en. 2-2 mot Blindheim på heimebane var nesten å rekne som eit tap.

- Vi er slett ikkje nøgde med 2-2 denne kampen. Vi tok leiinga to gonger, men vi fekk to mål imot etter feil av oss. Vi var for lite aggressive og tøffe. Dette må vi jobbe med til hausten, sa ein skuffa Hareid-trenar Hans Gisle Holstad etter kampen.

Burde ha vinne

Han var ikkje den einaste i Hareid-leiren som var skuffa. For dette var ein kamp Hareid absolutt burde ha vunne – både med tanke på spel og sjansar. I 1. omgang spelte Hareid i kraftig motvind, men var likevel hakket kvassare enn Blindheim. I 2. omgang var det med få unntak berre spel mot Blindheim-målet. Men Hareid var ikkje konsenterte nok dei gongane Blindheim var frampå, og alle dødballane Hareid fekk vart ikkje utnytta godt nok.

Grimstad på topp

Om vi startar med starten: Hareid mangla ein del spelarar til denne kampen, og trenar Holstad valde å flytte midtstopparen Ørjan Engen Grimstad opp som midtspiss, medan Lars Andreas Dahlen Folkestad danna midtbaneduoen saman med comeback-kid Joachim Røyset. Grimstad var veldig ivrig dei første fem minutta, då Hareid dominerte fullstendig. Men heimelaget var ikkje kvasse nok inne i boksen, sjølv om eit Blindheim-spelar redda på streken ved eitt høve.

Mållaus 1. omgang

Midtvegs i omgangen kom Blindheim meir med i kampen, og etter 18 minutt fekk dei ein bra sjanse ved Viktor Eliassen. Hareid tok over kampen igjen, og Joachim Røyset var nær scoring frå kort hald etter 25 minutt. Inn mot pause avslutta Runar Stranden over frå kort hald (37 minutt), medan Blindheim hadde eit farleg skot utanfor (44 minutt).

Mista leiinga x 2

Hareid hadde medvind i 2. omgang og brente sjansar ved Ulrik Wingsternes (48 minutt) og Ørjan Engen Grimstad (51) før sistnemnde sette inn 1-0 etter 56 minutt. Dette var ei fin scoring som starta med eit raid av Ola Kalvø Vattøy på høgresida, heldt fram med eit blokkert skot frå Runar Stranden – før Grimstad trilla ballen i mål frå kort hald. Men berre minuttet seinare kom Blindheim for lett til. Vagn Scheide Mork gav ein retur som Henrik Omenås enkelt spaserte i mål. Begge laga heldt fram med å vere effektive. I det 63. minutt slo Martin Nikolai Longva ein lang ball i bakrommet. Ola Kalvø Vattøy kom åleine med keeper og sette inn 2-1. Seks minutt seinare ropte Hareid på frispark for ein tydeleg hands, medan Blindheim slo ein ball i bakrommet. Der dukka ein gammal kjenning opp. Johann Bjørn Valsson (ex. Langevåg) kjempa ballen i mål litt skrått frå venstre. Hareid pressa på slutten, og hadde mellom anna mange hjørnespark. Men det ville seg ikkje for verken Nauris Driksna eller nokon av dei andre som testa skuddføtene.

- Lause trådar

Hareid var venta å få ein tøff sesong i år, men opna veldig godt med fire sigrar på dei fem første. Utover våren og sommaren har Hareid spelt mange jamne kampar med dårleg utteljing. Fasiten viser 4-4-3.

- Dersom to av uavgjort-kampane hadde enda med siger hadde eg vore nøgd. Her er lause trådar å ta fatt i med tanke på sikkerheit med ballen og tøffheit, varslar Hans Gisle Holstad.

Kampfakta
4.-divisjon
Hareid – Blindheim 2-2 (0-0)
Hareid stadion
Tilskodarar: 60
Mål: 1-0 Grimstad (56), 1-1 Omenås (57), 2-1 Vattøy (63), 2-2 Valsson (69)
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL
Gult kort Hareid: Wingsternes
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Robin Jackson Indreflø, Martin Nikolai Longva, Ulrik Wingsternes, Nauris Driksna – Runar Stranden (Fredrik Andresen 75), Lars Andreas Dahlen Folkestad, Joachim Røyset, Georg Eikrem Olsen (Joar Møller 75) – Ola Kalvø Vattøy, Ørjan Engen Grimstad
*** Longva, ** Røyset, * Indreflø

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR