hareid_il_logo_135.png









 
25.09. FKS-Hareid 4-2: To heilt forskjellige omgangar
Jubel for 0-1 i 1. omgang.
Jubel for 0-1 i 1. omgang.

Både sånn og slikt.

Endå ein gong stilte Hareid utan fleire sentrale spelarar (og vi reknar ikkje lenger med dei som forsvann i sommar, men spelarar som Howlid, Olsen, Vattøy og Nevstad). Og endå ein gong gjorde dei som var med ein heiderleg innsats. Og som så ofte før i haust; nesten er ikkje godt nok.

1. omgangen til Hareid lukta det svidd av. Det låg an til eit typisk krigekamp før pause, og Hareid meistra dette godt. FK Sykkylven verka frusterte, prata på seg fleire kort - og skapte berre éin sjanse i 1. omgang. Den kom på eit frispark frå Cruz etter 44 minutt. Og Vagn Scheide Mork redda både frisparket og returen.

Hareid spelte solid defensivt og skapte også fire kvalifiserte sjansar framover. Den første, etter 90 sekund, var eit skot frå Thor-Ove Brekke etter eit fint innlegg frå Kristian Mykebust. Etter ti minutt kunne Nauris Driksna ha sendt Hareid i leiinga, men frå kort hald redda FKS-keeper Skotheim meisterleg. 

Eit halvt minutt seinare kom 0-1. Martin Nikolai Longva kriga glimrande inne i boksen etter eit hjørnespark. Han fekk etter kvart lagt ballen til Simon Holstad Grimstad, som la han i lengste frå kort hald.

Etter 31 minutt avslutta Thor-Ove Brekke endå ein gong i tverrleggjaren, men mål vart det ikkje ved dette høvet heller.

*

Heimelaget var tydeleg skuffa over seg sjølve i pausen og ville i 2. omgang vise kvifor dei kjempar om medalje i 4.-divisjon. Det skulle dei då også gjere, etter kvart. Men først dobla Hareid leiinga. Thor-Ove Brekke slo ballen i bakrommet. Start-debutant Kristian Hove kom åleine med keeper Skotheim og runda han elegant før ballen vart sett i ope mål. Då vart det spelt 49 minutt.

Om lag fem minutt seinare tok FKS over matchen. Hareid klarte ikkje lenger å henge godt saman som lag, slik som i 1. omgang. Avstandane mellom lagdelane vart for store, medan konsentrasjonen og presisjonen vart redusert. Kombinert med at FKS heva seg vart det ein dårleg mix.

Først reduserte FKS etter 57 minutt før dei utlikna fire minutt seinare. Etter 2-2 roa kampen seg for ei lita stund. Men så small det, både slik og sånn.

I 1. omgang var det Hareid som fekk med seg 50-50-situasjonane når det kom til dømminga. I 2. omgang var det heilt motsett, av ein eller annan grunn. Etter 79 minutt kom Robin Jackson Indreflø seg åleine mot FKS-buret. Omtrent 18 meter frå mål vart han tatt stygt bakfrå. Dei fleste hadde nok gitt raudt kort til FKS-spelaren, men dommar Sunde frå MSIL meinte gult fekk halde. Frisparket frå Ulrik Wingsternes vart forresten redda. 

Og vidare: FKS kontra inn 3-2 etter 84 minutt. Då skulle nok Hareid hatt frispark høgt i bana like før. Men verre: Ein FKS-spelar kom åleine mot Vagn Scheide Mork, i ein nesten heilt identisk situasjon som den etter 79 minutt, berre at haldet var kortare og meir skrått (omtrent like stor sjanse). Nauris Driksna felte FKS-spelaren, og fekk raudt kort... 

Straffa Per Espen Lade i mål. Og sjølv om Hareid trykte bra på i eit 3-3-3-system i overtida var jo kampen i realiteten avgjort.

Vi kan ikkje ta Hareid på innsatsen, men spelet var langt betre i 1. omgang enn i 2. omgang, må vi innrømme. 

Ref. HIL

Kampfakta
4.-divisjon runde 18
FK Sykkylven - Hareid 4-2 (0-1)
Ikornnes kunstgras
Tilskodarar: 40
Mål: 0-1 Grimstad (10), 0-2 Hove (49), 1-2 Aure (57), 2-2 Blindheim (61), 3-2 Hanssen (84), 4-2 Lade (87, straffe)
Dommar: Henrik Sunde, MSIL
Gule kort: Fire til kvart lag
Raudt kort: Driksna, Hareid
Hareid (4-3-3): Vagn Scheide Mork (K) - Kristian Myklebust (Erik Kolstø 82), Martin Nikolai Longva, Ulrik Wingsternes, Nauris Driskna - Simon Holstad Grimstad, Thor-Ove Brekke (Nikolai Røyset 67), Kristian Hove - Runar Stranden, Robin Jackson Indreflø, Hiwa Alipoor
*** Longva, ** Wingsternes, * Brekke

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR