hareid_il_logo_135.png









 

21.01. A-lAGET: LITA OPPDATERING FRÅ LEIREN ETTER TRE TRENINGSVEKER

God avslutning på den tredje veka.

Vi kan ikkje påstå at alt har gått på skinner for a-laget så langt i år. Det har vore skadar, sjukdom, usikkerheit rundt enkeltspelarar og den slags. På nokre av treningane har det vore nede i 12-13 frammøtte.

Men 12 treningar er no gjennomførte. Og det er ingen tvil om at det har vore bra trykk og godt humør på treningane. Kenneth Moldskred og trenarteamet har lagt vekt på eit variert treningsopplegg så langt. Det har ikkje vore berre "geining", som mange er vande med å ha mykje av i januar. Eigentleg har det det blitt brukt mykje tid på tekniske øvingar. Men så har jo også treningsforholda vore veldig gode så langt. Då Moldskred trena Hareid sist for ti år sidan hadde Hareid berre tilgang til grus om vinteren. Og ofte var bana ikkje spelbar halve vinteren. Dermed var det mange joggeturar rundt Grimstadvatnet, intervallar rundt Hareid-kyrkja, og liknande. Slik trening har det ikkje vore noko av så langt.

Ofte tidlegare har det vore slik at treningsøktene tidleg i veka har vore best besøkt. Men denne veka var det faktisk omvendt, trass i at det er juniorkvalik i morgon. 18 spelarar møtte opp i dag (laurdag), noko som må seiast å vere bra, sjølv om dette inkluderte nokre juniorarar som vanlegvis ikkje trenar med a-laget. 

Ein offisiell stall er ikkje tatt ut så langt. Det er venta at det blir gjort rundt 1. februar. 

Og elles så gratulerer vi Naruris Driksna, som vart far denne veka! 

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2021 og Hareidhallen 2020/2021

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider-hadarhallen-2021.pdf
treningstider-kgb-2021.pdf
treningstider_hareidhallen_2021.pdf
Meld deg inn i hareid il

Spond Club

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på lenken under. Her kan du registrere deg og endre på personlege opplysningar. 

spond-logo.jpg
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR