hareid_il_logo_135.png









 

Julehelsing frå Einar Orten Trovåg

Leiar i Hareid IL Fotball (a-lagsstyret) gler seg som ein unge til fotballsesongen 2009 på Hareid. Men formannen har andre planar for året som kjem. Han er no i dialog med eit nasjonalt kvinneblad, der han er ønska som modell. Han har vore på audtion, og har gott nettsida ein kolleksjon for publisering på nettsida.

Leiar i Hareid IL Fotball (a-lagsstyret) gler seg som ein unge til fotballsesongen 2009 på Hareid. Men formannen har andre planar for året som kjem. Han er no i dialog med eit nasjonalt kvinneblad, der han er ønska som modell. Han har vore på audtion, og har gott nettsida ein kolleksjon for publisering på nettsida.

Einar Orten Trovåg kjem her med ei julehelsing til nettsida sine lesarar.

Om ikkje lenge er julegåvene kjøpt inn, maten står på bordet og Møgster er ferdig med preika si. Vi er altså klare for jul, og deretter Grendacupen og nyttår. Som vanleg kjem Grendacupen til å bli kjempeartig. At dette tiltaket har blitt så populært i 2008 hadde vel få forutsett. Men etter nyttår begynner alvoret igjen. Hareid har auka treningsmengda, og André Skotheim og co har varsla tøffare tider med tanke på innsats frå spelarane. Det verkar lurt. Hareid var gode i 2007, faktisk betre enn på 15 år. Inneverande sesong klarte ikkje å følge opp fjorårets. Hareid leia faktisk tabellen seks runde før slutt, men så kom ein sprekk som gjorde at sesongen vart skuffande totalt sett.

Ei målsetjing før 2009 har ikkje blitt nemnt endå. Vi veit endå ikkje kva spelarar Hareid har til rådigheit i april 2009. Andreas Kurseth kjem, det er sikkert, og han kjem til å styrke laget. Nokre nye namn kan også dukke opp, men fleire kan også forsvinne. At Christian Mork vel ein annan klubb ligg nok i korta, men i verste fall (for Hareid) kan også Ruben-Kenneth Brandal, Ørjan Engen Grimstad og Kim-Tore Husøy reise. Det viktige for trenartemaet blir uansett å få så mykje som mulig ut av spelarane vi har. Hugs også at fleire namn vi har i stallen som ikkje vart så mykje nemnt i 2008, kan bli gode i 2009. Ronny Jørgensen er tilbake. Vi kan ikkje forvente at han følger opp sin fantastiske 2007-sesong, men han er ein viktig mann både på kamp og ikkje minst på trening. Torgeir Rusten var mykje skadeplaga i år. Får han trene meir i 2009 lovar det godt for den tidlegare Hødd-spelaren. I tillegg blir Sturla Pilskog berre betre og betre, om han satsar for fullt neste sesong. Kim-Tore Husøy gjekk skada nesten i heile årets sesong. Og vel han å spele for Hareid neste år, så er det slett ikkje umulig at han kan kome tilbake på det nivået han hadde frå 2004 til 2007, då han heile tida vart betre.

Vi håper at Hareid skal vere eit vanskeleg lag å møte i 2009. Underteikna er også opptatt av at ting skal fungere også i klubben med tanke på breidda. Vi har sett i gang tiltaket Hareid 2 for å få fleire på Hareid over 19 år til å spele fotball, sjølv om dei ikkje er gode nok eller ikkje vil satse på linje med a-laget. Det er også veldig viktig at vi får på plass eit juniorlag. Akkurat no er mykje usikkert rundt dette laget, men det er (dessverre) ikkje akkurat første gong situasjonen er slik. Vi får håpe at det like over nyttår er på plass ein hovudtrenar (to assistentar er spikra), og at eit tilstrekkeleg tal spelarar vel å bli med. Skjer ikkje det har Hareid IL eit kjempeproblem. Utan juniorlag ligg nesten fotballgruppa brakk.

Men no kan tankane rundt 2009 flyttast bak i bakhovudet. No skal den neste veka settast av til god mat, gåver og Grendacup, for å nemne noko.

Vi snakkast i Hareidhallen 28. og 29. desember, og sjølvsagt også i fotballsesongen 2009.

God jul og godt nyttår.

Einar Orten Trovåg

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR