hareid_il_logo_135.png









 
19.09. Hareid - Volda 2-3: Tap med bismak
Jubel for Ulrik Wingsternes sitt fanastiske 1-1-mål.
Jubel for Ulrik Wingsternes sitt fanastiske 1-1-mål.

"Seier med bismak. Hareid skulle hatt godkjent scoring til 3-3. Derfor teke vi ikkje seiersropet i dag!" Det skreiv Volda-kaptein Aarflot på Twitter etter kampen. Ja, alle trudde at Runar Stranden hadde sikra Hareid eitt poeng etter ein flott spurt mot serieleiaren. Men dessverre valde dommarane å annullere målet på feilaktig grunnlag. Dermed vart det 3-2-tap.

Etter 75 minutt trudde nok dei færraste at det ville oppstå ein slik matchavgjerande situasjon. For då gjekk Volda opp i 3-1 etter ei flott kontring. Hareid mista ballen høgt i bana, og den kjappe overgangen enda med at Christoffer Bjerknes scora. Å ta igjen ei tomålsleiing mot den suverene serieleiaren verka vanskeleg - på papiret. 

Men Hareid fekk inn fleire friske føter og sette etter kvart inn ein sluttspurt det lukta svidd av. Etter 89 minutt scora Ivar André Aadland etter forarbeid av Ulrik Wingsternes. Og like etter slurva ein Volda-spelar og sende ballen i eiga bakrom. Runar Stranden sprang forbi forsvaret, jobba opp ballen og scora åleine med Volda-keeper Aasen (som ikkje kunne ta ballen med hendene - sidan han kom frå ein medspelar). Men dette fekk altså ikkje dommarane med seg. Og at dei beklaga til Hareid etter kampen, samt at Volda kom med fleire sympatierkæringar, hjelpte dermed ingenting.

*

Hareid mangla ein del sentrale spelarar denne kampen, men skal ha for god innsats mot eit Volda-lag som ikkje har tapt enno i år. Etter ei roleg opning på kampen tok Volda leiinga etter 13 minutt. Tom Malins sende ballen i mål etter ein flott overgang. Vagn Scheide Mork hadde ei bra redning etter 21 minutt. Men Hareid var på ingen måte utspelte. Ulrik Wingsternes banka inn eit fantastisk frisparkmål frå 35 meter etter halvtimen. Volda kom deretter til eit par feite sjansar. Men på overtid i 1. omgang var Thor-Ove Brekke berre ei svært god Petter Aasen-redning unna å sende Hareid opp i leiinga.

Den første halvtimen av 2. omgang var Volda best. Og Håvard Hagen gav grøntrøyene leiinga etter 57 minutt, før det var ganske roleg inn mot det dramatiske avslutningskvarteret.

*

Trass i eit bittert tap kan Hareid ta seg med seg at fleire unge spelarar fekk prøve seg denne kampen. I tillegg gjorde Nikolai Røyset comeback etter over eitt år på sidelinja.

Men skal vi vere heilt ærlege; mange som såg kampen drøymer nok om 3-3-annulleringa i natt...

Ref. HIL

Kampfakta
4.-divisjon runde 17
Hareid - Volda 2-3 (1-1)
Hareidsmyrane stadion
Tilskodarar: 70
Mål: 0-1 Malins (13), 1-1 Wingsternes (30), 1-2 Hagen (57), 1-3 Bjerknes (75), 2-3 Aadland (89)
Dommar: Martin Solheim, Spjelkavik IL
Gule kort: 1 til Volda
Hareid (4-3-3): Vagn Scheide Mork (K) (Fredrik Lonbakken 81) - Kristian Myklebust (Nikolai Røyset 64), Martin Nikolai Longva, Ulrik Wingsternes, Nauris Driksna (Hazhir Alipoor 77) - Hiwa Alipoor, Simon Holstad Grimstad, Thor-Ove Brekke (Håvard Øvrelid 81) - Runar Stranden, Eiliv-Tore Howlid (Ivar André Aadland 68), Robin Jackson Indreflø
*** Longva, ** Wingsternes, * Stranden

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR