hareid_il_logo_135.png









 
16.10. Hareid nesten i mål: 5-1-siger borte mot blindheim
Målscorarane Longva, Indreflø og Vattøy.
Målscorarane Longva, Indreflø og Vattøy.

Hareid er i god haustform. I kveld vann dei fortent 5-1 borte mot Blindheim torsdag kveld med god fotball og er truleg klare for 4.-divisjon 2015.

Av Hazhir Alipoor

Hareid var desidert best 1. omgang og var nære 1-0 etter fire minutt ved Hiwa Alipoor som var uheldig med avslutninga frå kort hald etter eit innlegg frå høgresida. Minuttet seinare slo Alipoor ei fin pasning til Ola Kalvø Vattøy som klinka ballen inn i krysset frå ca. 22 meter med venstrefoten. Etter 10 minutt prøvde Martinus Røyset Bakken skotfoten, men keeper redda. Etter 12 minutt var Ola Kalvø Vattøy sikker frå straffemerket og auka leiinga, etter at Martin Longa var felt i feltet etter ein cornersituasjon. Kampen blei etter det jamnt. Longva hadde ein OK sjanse etter ein innlegg frå Vattøy kvarteret før kvilen, medan Blindheim misbrukte ein del balltap frå Hareid-midtbanen dårleg.

To minutt etter kvilen kunne vertane redusere etter ei kontring, men fekk aldri avslutte skikkeleg. Etter dette kom måla etter kvarandre. Etter 58 minutt plukka høgreback (!) Robin Jackson Indreflø opp ballen i ei kontring og storma på venstresida før han sette fint forbi keeper. 4-0 kom etter eit sjølvmål der ein upressa Blindheim-spelar sette ballen i eige mål. Før målet hadde både Vattøy og Runar Stranden to OK skot, utan suksess. Etter 69 minutt reduserte Joakim Hagen for gjestane etter ei kontring. Longva scora dagens siste mål på flott vis etter eit innlegg frå Ulrik Wingsternes.

Trenar Hans Gisle Holstad sa følgjande om kampen og haustsesongen etter kampen:

- Det var vår største siger. Vi opna godt første 20 minutta, spelte raskt og effektiv. Etterkvart blei det jamnt. Vi scora fem mål mot eit svakt Blindheim-lag, der vi brukte 17 spelarar. Haustsesongen starta med ein dårleg periode der vi tapte jamne kampar på grunn av både karantene, skade, sjukdom og reise. Derfor var laget lite homogent, no er vi meir stabilisert.

Målscorar Indreflø hadde dette å seie om målet sitt og om den positive utviklinga i haustsesongen:

- Eg tenkte berre å springe frå dei og score. Det var viktig at vi heva oss etter svake kampar. Vi spelte bra mot Emblem (med ni mann ved kampslutt) og så kriga vi til siger mot eit bra Langevåg-lag sist runde.

Kampfakta
3.-divisjon runde 21
Blindheim – Hareid 1-5 (0-2)
Blindheim KGB 2
Tilskodarar: Ca. 20
Mål: 0-1 Vattøy (5), 0-2 Vattøy (str. 12), 0-3 Indreflø (58), 0-4 Sjølvmål (67), 1-4 Hagen (69), 1-5 Longva.
Dommar: Martin Solheim, Spjelkavik.
Gule kort: Wingsternes (Hareid). To til BIL.
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (Fredrik Lonbakken 71) – Robin Jackson Indreflø, Ulrik Wingsternes, Martin Longva, Nauris Driksna – Runar Stranden (Joar Møller 77), Simon Holstad Grimstad (Thor-Ove Brekke 55), Alexander Nevstad (Eiliv-Tore Howlid 73), Hiwa Alipoor (Georg Eikrem Olsen 71) – Ola Kalvø Vattøy, Martinus Røyset Bakken (Kristian Hove 65).
*** Longva
** Indreflø
* Vattøy

Andre resultat i kveld:
* Skodje - Rollon 3-1 (Men Skodje rykkjer likevel ned, Rollon på åttandeplass.)
* Emblem - Stranda 2-2 (Stranda kan som best bli nummer ti, og er derfor avhengige av at både Norborg og Bergsøy held seg. Det kan bli vanskeleg.)
* Godøy - Volda 1-3 (And the greens goes marching on...) (Godøy kan i beste fall bli nummer fem.)
* Valder - FKS 2-1 (Valder endar på fjerdeplass.)
* Ørsta - Langevåg 2-2 (Langevåg ligg på den usikre niandeplassen, men berre på målforskjell bak Rollon.)

Hareid blir nummer 5, 6, 7, 8 eller 9 i årets 4.-divisjon. Skal det bli niandeplassen (som betyr nedrykk dersom både Norborg og Bergsøy går ned) må Rollon slå Ørsta i siste runde, Hareid tape med mange mål mot Valder, og Langevåg vinne med mange mot Blindheim (totalt 11 mål i forskjell før siste runde.)

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR