hareid_il_logo_135.png









 

07.05. JON HISTORISK x 2: NORBORG - HAREID 1-1

Historiske Thue saman med assisterande oppmann Anders Hjelle Øiestad etter kampen.
Historiske Thue saman med assisterande oppmann Anders Hjelle Øiestad etter kampen.

Hareid slo tilbake etter den skuffande kampen mot Vartdal. Ei scoring av Jon André Thue gav utlikning og eitt poeng i Uggedalen. Og kvifor vart Thue historisk?

* Jau, fordi (med mindre reglane har vore som no også ein gong i ukjent fortid) han vart den første Hareid-spelaren som i seriesamanheng vart byta ut, for få minutt seinare å bli sett inn på igjen. Denne regelen er ny av året.

* Og ikkje berre vart Thue den første som vart byta ut, og så inn. Han vart også den første som vart byta ut, byta inn - og deretter scora mål.

Målet (82 minutt) kom etter ei mølje i Norborg-feltet etter ein corner. Ein kan gjerene seie at utlikninga var av det ufortente slaget, all den tid Norborg skapte klart fleste sjansar denne kvelden.

Men sånn er fotballen. Norborg har ikkje andre enn seg sjølve å skulde på for at dei ikkje scora fleire.

*

Hareid kunne ha lege under med to-tre mål etter fem minutt. For i starten av kampen sleit Hareid med alt - og Norborg kom til fleire sjansar. Hareid kom seg til hektene igjen og skapte ein stor sjanse ved Georg Eikrem Olsen, og eit par "halve". Likevel var det ikkje ufortent at Norborg tok leiinga etter 28 minutt.

Etter scoringa var derimot Hareid best inn mot pause. Simon Holstad Grimstad brende ein stor sjanse etter 38 minutt. Og elles viste Hareid mykje bra, både langs bakken og på dødballar.

*

2. omgang var ikkje like sjanserik som den første. Men Norborg hadde nokre feite moglegheiter til å gå opp i 2-0. Det klarte dei aldri. Og Hareid skal ha for at dei kjempa, sleit og aldri gav opp. Med den innstillinga kjem ein langt. Og slik kampen utvikla seg utover i 2. omgang var det derfor inga boma at 1-1 kom ved Thue.

*

Det viktigaste for Hareid var å slå tilbake etter den skuffande kampen mot Vartdal sist. Det klarte raudtrøyene. Dette var ein skikkeleg slitekamp, der poenget nesten føltest ut som ein siger. Norborg er slett ikkje noko dårleg lag. Få lag kjem til å ta poeng der oppe i år (samtidig som få lag kjem til å tape heime mot Vartdal). På veg heim igjen samlast Hareid-gjengen på McDonalds. Og så vidt vi kunne registrere er no godstemninga tilbake i Hareid-leiren etter ei tung veke. 

Ref. Kula70

Kampfakta
4.-divisjon runde 4
Norborg - Hareid 1-1 (1-0)
Uggedalen stadion gras
Tilskodarar: Ca. 70
Mål: 1-0 Hildrestrand (28), 1-1 Thue (82)
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL - 6 poeng
Gule kort: To til Norborg + Kragset, Nevstad, Vattøy
Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) - Nauris Driksna, Alexander Nevstad, Ole Magnus Ljøen Melchior, Joar Møller (Hiwa Alipoor 70) - Simon Holstad Grimstad (Kristian Larssen Hove 46), Jon André Thue (Ole André Kragset 70), Runar Stranden - Ola Kalvø Vattøy (Jon André Thue 75), Georg Eikrem Olsen.
*** Melchior, ** Brekke, * Thue

Andre resultat:

* Ørsta - Rollon 0-1 (Rollon med full pott og med luke på heile fem poeng ned til andreplassen, blir Rollon like suverene som Volda i fjor?)
* Vartdal - Vigra 0-1 (Vigra sine første poeng.)
* LGFK - Godøy 4-2
* Valder - Emblem 5-2
* Langevåg - FK Sykkylven 0-4

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR