hareid_il_logo_135.png









 
06.08. Ørsta - Hareid 3-1: Varierande generalprøve
3.jpg

Hareid spelte ein ganske god 1. omgang og ein heller varierande 2. omgang i Ørsta. Einar Orten Trovåg reduserte til 3-1 heilt på tampen av kampen.

Hareid reiste innover med ein litt tynnare tropp enn tilfellet var mot Hovdebygda måndag. Laget var uansett slagkraftig. Og spesielt den første halvtimen viste Hareid fleire av dei gode tendensane offensivt som vart vist i 1. omgang mot Hovdebygda. Spelet flaut bra og Hareid kom til fleire gode sjansar. Men det var to store problem. Det første at Hareid ikkje sette sjansane (inkludert gode forsøk både ved Brekke, Vattøy, Grimstad, Aadland og Røyset denne perioden). Det andre var at Ørsta straffa Hareid sine defensive feil hardt. Før 1-0 etter fire minutt hadde i utgangspunktet Hareid full kontroll. Og 2-0 (28 minutt) kom etter at Hareid sjølve hadde hatt corner, før Ørsta kontra éin mot to og scora. 

Det siste kvarteret før pause var ikkje like godt av Hareid. Og i 2. omgang var det Ørsta som styrte det meste. Men då spelte Hareid betre defensivt og rydda bra opp i bakre rekkjer. Blant anna hadde den unge keeperen Fredrik Lonbakken eit par gode redningar. Stundom fekk Hareid til noko offensivt. Og etter 80 minutt brente Ørjan Engen Grimstad (spiss i 2. omgang) ein stor sjanse åleine med keeper. 3-0 til Ørsta kom etter markeringssvikt av innbytar Einar Orten Trovåg eit par minutt før slutt. Same mann bomma også på ein bra sjanse etter innlegg frå Ørjan Engen Grimstad i sluttminutta, men gjorde det godt igjen med å skli inn eit flott legg frå Runar Stranden på overtid. 

Ørsta vann 3-1 og ut frå det som skjedde siste timen var det greitt nok. Men Hareid burde fått nettkjenningar den første halvtimen. Ørsta gav etter kampen uttrykk for at dei var gode nøgde med keeperen sin (Martin Liaskar), så vi kan om ikkje anna ta med oss det.

Ref. HIL

Kampfakta
Treningskamp, 6. august
Ørsta - Hareid 3-1 (2-0)
Ørsta stadion
Tilskodarar: 40
Mål: 1-0 Jørgen Winjevoll (4), 2-0 Magnus Liaskar (28), 3-0 Terje Rebbestad (89), 3-1 Einar Orten Trovåg (90)
Dommar: Richard Olsen, Åmdal IL
Gule kort: 2 til Ørsta + Røyset, Hareid
Hareid (4-4-1-1): Fredrik Lonbakken - Fredrik Andresen, Ørjan Engen Grimstad, Ulrik Wingsternes, Thor-Ove Brekke (Einar Orten Trovåg 86) - Runar Stranden, Joachim Røyset, Ivar André Aadland, Ola Kalvø Vattøy (Ole André Kragset 46) - Simon Holstad Grimstad - Lars Andreas Dahlen Folkestad (Joar Møller 60)

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR