hareid_il_logo_135.png









 
03.10. ørsta - hareid 3-0: NY kamp, nye skuffelsar
Ulrik Wingsternes var ny lagkaptein i Vagn Scheide Mork sitt skadefråvær.
Ulrik Wingsternes var ny lagkaptein i Vagn Scheide Mork sitt skadefråvær.

Etter ein godkjent og heilt jamn 1. omgang sovna Hareid vekk utover i 2. omgang og tapte til slutt fortent mot Ørsta. Dei siste 20 minutta var Ørsta klart best, sjølv om siffera kanskje vart i største laget om vi ser på sjansestatistikken. 

Hareid stilte eit nykomponert lag denne kampen, men vi meinte både 11-aren og troppen var såpass gode at Ørsta skulle få hard kamp. Og det fekk dei - ei god stund.

1. omgangen er det ikkje mykje å referere frå. Begge laga hadde to gode overgangar som var utnytta svært dårleg og ikkje vart avslutta. Og begge laga hadde eit par headingar som kan kallast halvsjansar. Elles kunne det blitt farleg då Kristian Hove fekk ballen feilvendt inne i boksen åleine med keeper, men han vart takla i siste liten. Kort oppsummert var 1. omgangen traust, jamn og utan kvalifiserte sjansar. Vi vil tippe begge laga meinte dei hadde hatt god kontroll defensivt då dei første 45 vart oppsummert i pausen.

I 2. omgang skjedde det meir. Terje Rebbestad sende ørstingane i leiinga etter ein gjennomløp i det 53. minutt. Tre minutt seinare fekk Ola Kalvø Vattøy ein stor sjanse på bakarste stong, men Ørsta-keeper Liaskar redda fint. Hareid la om til 4-4-2 med Hove og Vattøy på topp. Og Vattøy fekk ein stor sjanse i det 66. minutt etter innlegg frå Hove, men førstnemnde fekk ikkje skikkeleg klaff.

Derifrå og ut handla det mest om Ørsta. Etter desse to Hareid-sjansane vart det typisk nok scoring imot då Magnus Liaskar scora på ein retur frå kort hald (69. minutt). Og trass i ein del byte klarte Hareid aldri å lage dei heilt store moglegheitene. Ørsta skapte ytterlegare to sjansar, og den eine scora Mats Øvrebotten på 14 minutt før full tid.

Alt i alt ein grei 1. omgang, men ein for svak 2. omgang av Hareid. Haustsesongen har stort sett vore ein lang og bratt motbakke. Men det er ikkje anna å gjere enn å slå sterkare tilbake neste veke. For Hareid må snart ha ein siger om det ikkje skal bli 5.-divisjonsspel neste år (pluss at Bergsøy må gjere jobben).

Ref. HIL

Kampfakta
3.-divisjon runde 19
Ørsta - Hareid 3-0 (0-0)
Hareidsmyrane stadion
Tilskodarar: 50
Mål: 1-0 Rebbestad (53), 2-0 M. Liaskar (69), 3-0 Øvrebotten (76)
Dommar: Kristian Melset, Sykkylven
Gule kort: To til Ørsta og to til Hareid (Vattøy, Wingsternes)
Hareid (4-3-3): Fredrik Lonbakken - Håkon Orten Trovåg, Ulrik Wingsternes (K), Martin Nikolai Longva, Hiwa Alipoor (Nikolai Røyset 81) - Ørjan Engen Grimstad, Eiliv-Tore Howlid (Joar Møller 77), Ola Kalvø Vattøy - Runar Stranden (Fredrik Andresen 76), Kristian Hove (Arthur Hareide 76), Georg Eikrem Olsen (Martinus Røyset Bakken 81)
*** H. Alipoor, ** Longva, * Wingsternes

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR