hareid_il_logo_135.png

30.10. STATISTIKKEN ER KLAR: HHH SPELTE FLEST KAMPAR

Henrik Hareide Holstad har spelt det aller meste dei siste tre åra og er oppe i 80 kampar.
Henrik Hareide Holstad har spelt det aller meste dei siste tre åra og er oppe i 80 kampar.

A-lagsstatistikken for sesongen 2019 er klar.

statistikk_hareid_a_2019_pdf.pdf

28.10. BRANDAL I GJÆVT SELSKAP

"Rub" før sesongstart.
"Rub" før sesongstart.

Ruben-Kenneth Brandal vart endeleg årets spelar, medan Andreas Nesset jr. vart den tredje som er kåra til årets unge spelar to gongar dei siste 11 sesongane. Vi ser på historikken.

21.10. FRÅ ARKIVET: DÅ HAREID VAR BETRE ENN HØDD

Ein vårdag i 2016 møtte vi Harald Møller for å prate om 1988-sesongen, den beste Hareid sitt a-lag for menn har hatt. Her ser vi Harald saman med lagbiletet frå 88, som har fått sin plass på klubbhuset.

For vel 30 år sidan lukta Hareid sitt herrelag på det som i dag heiter Obos-ligaen. Både i 1987 og 1988 enda Hareid på tredjeplass på nivå tre, og i 1988 var Hareid også betre enn Hødd. Den åttande artikkelen frå jubileumsheftet (2016) handlar om nettopp denne sesongen. Trenar var Harald Møller. (Også ein niande artikkel med Lasse Flø som kjelde ligg ved her.) 

16.10. FRÅ ARKIVET: Kisse: Supertrenar i gullalder for Hareid-fotballen

Hans Gisle «Kisse» Holstad fotografert ein flott vårdag i 2016. Her på Hareid stadion har mange gode minne, både frå tida det låg grus på bana då han var spelar i ungdommen. Då «Kisse» vende tilbake som trenar i 1979 var grasbana 11 år gammal.

I den sjette historiske artikkelen frå jubileumsheftet frå 2016 har vi kome til slutten av 70-talet og starten av 80-talet. Då fekk Hareid-fotballen seg eit stort oppsving. Bak spakane sat ein kar som blir kalla "Kisse". 

15.10. FRÅ ARKIVET: HAN MED HISTORIENE

Willy Nesset er ein stor Hareid-patriot. Han har også vore i politikken, og var ei stund ordførar. Då vi møtte Willy våren 2016 var det på kontoret hans på rådhuset. Men Willy er også ofte på jobb i Polen.

I den femte historiske artikkelen frå jubileumsheftet frå 2016 har vi kome til 70-talet. Det er sjølvsagt sjølvaste Willy Nesset som fortel om dei glade 70-åra. 

12.10. FRÅ ARKIVET: MANNEN MED MÅLREKORDEN

Gunnar saman med dåverande fotballformann Stian Runne Brandal under årsfesten i 2014.
Gunnar saman med dåverande fotballformann Stian Runne Brandal under årsfesten i 2014.

I den fjerde historiske artikkelen frå jubileumsheftet frå 2016 har vi kome til 60-talet. Då sette Gunnar Aursnes ein rekord det skal bli vanskeleg å slå. 

11.10. FRÅ ARKIVET: MR. HAREID IL FOTBALL

8139.jpg

Den tredje historiske artikkelen får jubileumsheftet frå 2016 handlar om sjølvsaste Einar Elvanes. 

10.10. FRÅ ARKIVET: DET FØRSTE HAREID-LAGET I 1946

Bak frå venstre: Jon Rise, Kåre Rise, Lidvar Rise, Andor Engen, Einar Elvanes, Anders Bakke (ikkje Skjong), Johan "Morken" Mork, Ottar Brandal. Framme: Arne O. Grimstad,  Sverre Ekornesvåg, Gudmund Hovden. Hareid hadde gule og blå drakter i  den tidlege fasen, men då dette biletet var tatt hadde ikkje laget drakter i det heile.

For om lag tre og eit halvt år sidan vart det laga ein del artiklar om Hareid-fotballen si historie. Dei vart trykte i heftet som kom ut i høve fotballgruppa sitt 70-årsjubileum i 2016. No er planen å få lagt ut artiklane digitalt her på sida. Her kjem den første historiske artikkelen, som tek for seg oppstarten av fotballen i det som då heitte Hareid Turnlag i 1946. 

15.06. FLEIRE HAREID-LAG I GJERDSVIKA

Det var til saman fire Hareid-lag som deltok i turneringa i Gjerdsvika i dag: To G8-lag og to G9-lag. Her ser vi Ottar Røyset saman med åtteåringane. 

17.05. DISKUSJON MELLOM TO RUTINERTE TRENARAR

dsc_0015.jpg

Ein gong i tida hadde vi ei fin oversikt over kven som har trena Hareid a-lag sesong for sesong sidan oppstarten i 1946. Vi finn ikkje den her og no. 

08.05. HAREID STILLER FIRE LAG PÅ NORWAY CUP I ÅR

Hareid sitt guttelag på Norway Cup i 2006.
Hareid sitt guttelag på Norway Cup i 2006.

Hareid IL Fotball har store tradisjonar for å reise på Norway Cup. Første gong var faktisk allereie i 1978. I år stiller Hareid med fire lag: J14, J16, G14 og G16. G14 stiller 11-arlag, dei andre sjuar. Norway Cup-koordinator i år er Cecilie Bjørlykke. 

25.04. FLEIRE A-LAGSPROFILAR

Les meir om spelarane (og nokre av leiarane) på Hareid IL sin Facebook-profil + på Instagram. 

23.04. A-lAGET, OFFISIELT LAGBILETE 2019

Det vart i dag tatt lagfoto av både yngre og eldre lag på Hareid stadion. Dei blir presenterte på hareidil.no og Facebook dei neste dagane. Vi startar med dei eldste.

Trykk på pila til høgre for å sjå heile biletet.

22.04. DET FINST MANGE SLAGS SERIEOPNINGAR

DET GÅR I BØLGJER: Hareid vann 3-1 borte mot Godøy i serieopninga i 2014. Kampen etter vart det 7-0-tap mot Emblem, deretter tre nye sigrar.
DET GÅR I BØLGJER: Hareid vann 3-1 borte mot Godøy i serieopninga i 2014. Kampen etter vart det 7-0-tap mot Emblem, deretter tre nye sigrar.

22.04. A-STALLEN DEL 2

Les meir om kvar spelar på Hareid IL sin Facebook-profil og på Instagram. 

Vi manglar bilete av nokre få, som kjem utover i veka - håper vi. 

22.04. A-STALLEN DEL 1

Les meir om kvar enkelt spelar på Hareid IL sin Facebook-profil og på Instagram. 

20.04. HAREID-SIGER I TYRKIA MOT SVEITSISK LAG

hil784.jpg

Ingen veit heilt sikkert kva det sveitsiske laget heitte, sjølv om det heitaste tipset går på FC Egg. Det som er heilt sikkert er at Hareid vann 2-1. 

19.04. REISEBREV FRÅ TYRKIA DAG 4

tyrkia_x.jpg

A-laget sin treningsleir er no over halvvegs.

Denne gongen er det Andreas Skotheim og Christian Mork Breivik frå rom 2209 som har skrive reisebrev frå sydlege strøk. 

18.04. OPPDATERT OVERSIKT OVER "FOTBALLFORMENN"

Ottar Røyset leia fotballgruppa frå 2010 til 2012.
Ottar Røyset leia fotballgruppa frå 2010 til 2012.

Ordet "fotballformann" er vel med åra blitt noko utdatert og heller blitt erstatta med meir kjønnsnøytrale "leiar" eller "styreleiar". I alle tilfelle: Vi har oppdatert oversikta over Hareid IL sine fotballeiarar dei siste 40 åra.

16.04. FEMTE WEBREDAKTØR PÅ 15 ÅR

Anders H. Pilskog, ny webredaktør.
Anders H. Pilskog, ny webredaktør.

Sist veke vart Anders H. Pilskog (16) ny webedaktør for Hareid-sida. Ei oversikt viser at han er den femte redaktøren sidan sida vart starta opp på tampen av 2003. 

1234...282Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR