hareid_il_logo_135.png









 
Ruben Kenneth blei både årets toppscorar og årets spelar for A-laget.
Ruben Kenneth blei både årets toppscorar og årets spelar for A-laget.

Årsfesten oppsumert: her kan du lese kven som fekk dei ulike prisane (Stor bileteserie)

Som tradisjonen tilsei so blir kvar fotballsesong avslutta med ein årsfest. I går gjekk denne festen føre seg på klubbhuset. Der blei seniorlaga med medhjelparar feira etter ein godt gjennomført sesong, og som vanleg blei fleire prisar delt ut. (Stor bileteserie lengst nede i saka)

Alle dei tre seniorlaga delte ut tre felles prisar, årets spelar, årets unge spelar, og årets toppscorar. I tillegg blei fleire spelarar og medhjelparar heidra for ulike innsatsar i fotballgruppa. Under ser du ei oversikt over dei ulike prisvinnarane, og vi byrjar sjølvsagt med damene.

Damelaget

Årets spelar: Hanna Holstad Grimstad

Årets unge spelar: Helene Sjåstad Kleppe

Årets toppscorar: Victoria Røren

Innsatsprisen: Shaajeene Jeyathas

Frå støtteapperatet blei både Bård Grimstad og Lena Hansen heidra. Anita Waage var ikkje tilstades, men vil bli heidra ved ei seinare anledning.

Hareid 2

Årets spelar: Joar Møller 

Årets unge spelar: Håvard Øvrelid

Årets toppscorar: Håvard Øvrelid, 16 mål

Frå støtteapperatet blei Benjamin Slettebakk og Emil Johannes Dahlen Folkestad heidra. Einar Orten Trovåg fekk ståande applaus både for sin innsats for etableringa av Hareid 2 denne sesongen, og for sin utruleg gode innsats som styreleiar i fotballgruppa.

A-laget

Årets spelar: Ruben Kenneth Brandal 

Årets unge spelar: Andreas Nesset Jr.

Årets toppscorar: Ruben Kenneth Brandal, 9 mål

Frå støtteapperatet blei hovudtrenar Kenneth Moldskred, Rune Holstad, Vidar Vollsæter og Knut Helge Hovden heidra.

Benjamin Reite blei heidra etter 100 A-kampar og for forskjellige verv i fotballgruppa.

Fair play-prisen

Dette var ein heilt ny pris som vart delt ut av Fair play-ansvarleg i styret, Evelyn Røren.

Dei som fekk denne prisen var: Hanna Holstad Grimstad(damelaget), Magne Kjell Wingsternes (Hareid 2) og Rikard Osnes (A-laget).

Andre som blei heidra

Johs Riise, fleire forskjellige verv i fotballgruppa.

Sonja Bjørlykke, arrangementansvarleg i styret og fleire forskjellige verv. 

Evelyn Røren, fair play-ansvarleg i styret og fleire andre verv.

Cecilie Bjørlykke, sportsleg leiar i styret og fleire andre verv.

Cecilie Skeide, trenar for fleire ulike lag og med i sportsleg utval.

Frå arrangementkomiteen (komiteane): Astrid Hareide Holstad, Jenny Bjåstad Nesset, Arne Gunnar Nesset, Geir Alvestad, Jeanette Teigene.

G16-trenarane Håvard Knudsen Bjåstad (også SoMe-medarbeidar) og Gustav Bjørlykke Kløvning.

G11-trenar under delar av året, Fredrik Andresen.

Medieansvarleg, Anders Pilskog.

Instagram-ansvarleg, Rikard J. Osnes.

Fotballgruppa takkar alle involverte rundt seniorfotballen for ein framifrå innsats i 2019.

|
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR