Skriv ut

17.05. DISKUSJON MELLOM TO RUTINERTE TRENARAR

dsc_0015.jpg

Ein gong i tida hadde vi ei fin oversikt over kven som har trena Hareid a-lag sesong for sesong sidan oppstarten i 1946. Vi finn ikkje den her og no. 

Men det vi veit er at ingen har trena Hareid i fleire sesongar enn Hans Gisle "Kisse" Holstad, som gav seg i 2014 etter ni sesongar fordelte på ulike periodar. 

Folk som Jon Gjerde og Einar Elvanes har også trena laget i mange år, men tek vi ikkje mykje feil er også Kenneth Moldskred heilt opp i der. Han er no inne i sin sjuande sesong i sin andre periode. Her ser vi Holstad og Moldskred diskutere før 17. mai-toget i dag.

PS. I midten ser vi barnetbarnet til "Kisse", Simon Holstad Grimstad. Han rakk å spele over 100 a-kampar for Hareid før han i ein alder av 20 år måtte omprioritere grunna ein skade i år. No er han friidrettsmann for Dimna IL!