hareid_il_logo_135.png









 

29.10. VART ÅRETS SPELAR SJU ÅR ETTER TANTA

Damelaget sine prisvinnarar som vart heidra under årsfesten laurdag. Frå venstre: Hanna Holstad Grimstad (årets spelar), Shaajeena Jeyathas (innsatsprisen), Victoria Røren (toppscorar) og Helen Sjåsatd Kleppe (årets unge spelar).
Damelaget sine prisvinnarar som vart heidra under årsfesten laurdag. Frå venstre: Hanna Holstad Grimstad (årets spelar), Shaajeena Jeyathas (innsatsprisen), Victoria Røren (toppscorar) og Helen Sjåsatd Kleppe (årets unge spelar).

Det gjekk ikkje mange minutta frå vi indirekte etterlyste ei oversikt over årets spelar på damelaget siste åra til vi hadde ei slik oversikt på plass (mellom anna takka Lena Hansen!). 

I år var det Hanna Holstad Grimstad som stakk av med den gjæve prisen. Det gjorde ho to år etter at ho sjølv vart kåra til årets unge spelar, tre år etter at storebroren Simon vart kåra til årets unge spelar på a-laget - og sju år etter at tanta Gunhild Verås Grimstad (inngift) vart årets damespelar.

Her er alle vinnarane etter at damelaget gjorde comeback i 2011 (med lag for første gong sidan 1998):

2011: Therese Indreflø
2012: Gunhild V. Grimstad
2013: Arnhild Åsmo Bigset
2014: Victoria Røren
2015: Olea Flø Larsen
2016: Natalie Seljeseth Birkhol
2017: Caroline Overvåg
2018: Oda Johansen
2019: Hanna Holstad Grimstad

Dei siste åra har det også blitt kåra årets unge spelar:

2015: Kethleen Lorenzo
2016: Lone Sofie Bigset Gjerde
2017: Hanna Holstad Grimstad
2018 Shaajeena Jeyathas
2019: Helene Sjåstad Kleppe

Då står berre oversikta for Hareid 2 igjen. Kanskje vi klarer å kome med den i løpet av morgondagen. Det store spørsmålet er om det vart delt ut prisar i den ampurterte 2018-sesongen - eller om det vart droppa...

Alt om festen laurdag (eller ikkje alt, men mykje...)

Om a-laget og årets spelar

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR