hareid_il_logo_135.png









 

29.09. FEM PÅ RAD FOR HAREID 2

Jan Robin Haraldsvik og Fredrik Fagerli Abrahamsen spelte begge sine første kampar denne hausten - og bidrog begge sterkt til bortesigereren. Haraldsvik med scoringar og Abrahamsen med målgjevande.
Jan Robin Haraldsvik og Fredrik Fagerli Abrahamsen spelte begge sine første kampar denne hausten - og bidrog begge sterkt til bortesigereren. Haraldsvik med scoringar og Abrahamsen med målgjevande.

Men det vart ingen enkel kamp borte mot Bergsøy-juniorane.

Bergsøy 3 betyr altså Bergsøy junior. Og dette laget skapte mykje trøbbel for eit mykje eldre Hareid 2-lag i Fiskarhallen søndag ettermiddag. 

Samtidig lugga det ein del for Hareid spelemessig samanlika med tidlegare kampar, spesielt i første omgang.

Til pause leia Hareid 3-2. Det var først og fremst ein god perode i starten av andre omgang (trass i at det også vart bomma på straffe denne perioden) som gjorde at Hareid drog frå og slutt vann 7-4. Men ingen følte seg trygge før Hareids bestemann denne kampen, Joar Møller, pirka inn det sjuande målet heilt på tampen.

Dermed har Hareid vunne fem av fem kampar i sjuaserien etter comebacket i haust. Men det blir ikkje tid til å kvile på laurbæra. Komande veke ventar både heimekamp mot Haddal og bortekamp mot Vanylven.

Vi merkar oss elles at tre mann spelte sine første kampar denne hausten: Moldskred, Abrahamsen og Haraldsvik. Alle var viktige til at dei tre poenga vart med heim i dag.

Ref.

Hareid: Odd-Magne Brandal (keeper), Martinus Warholm (K), Emil Johannes Dahlen Folkestad, Joachim M. Moldskred, Benjamin Slettebakk (1 mål), Andreas Rise (1 mål), Jan Robin Haraldsvik (2 mål), Joar Møller (3 mål), Fredrik Fagerli Abrahamsen, Håvard Øvrelid. 

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR