hareid_il_logo_135.png









 

27.05. HAREID G11 VANN STOR KONKURRANSE I KAMPEN MOT RASISME

Det var svært glade gutar som i går fekk ei stor overrasking.
Det var svært glade gutar som i går fekk ei stor overrasking.

I løpet av dei seinaste månadane har alt av fotballkampar og tradisjonelle konkurransar blitt avlyst. Men det er ein kamp som ikkje er avlyst, og det er kampen mot rasisme. Kvart år sidan år 2000 har NISO(Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon) dreve ei kampanje som har gått under namnet "Gi rasisme rødt kort". Dei ønskjar å fremje toleranse, respekt og likeverd, og få ein slutt på alt av rasisme innanfor idrett. Det ønskjar Hareid G11 også. Difor meldte deira hovudtrenar, Cecilie Skeide, laget i hemmelegheit på konkurransa for årets "Gi rasisme rødt kort"-kampanje. 

Blant 340 lag so blei 3 av desse plukka ut som vinnarar, og eit av dei tre laga var Hareid G11. Gleda og overraskinga var difor veldig stor blant spelarane i går etter trening, då dei fekk vete at dei hadde vunne ny fotballar frå Select, treningsbagar merka med GRRK, drikkeflasker, armband og buffar. 

Ei veldig kjekk overrasking for gutane, som vi er sikre på kjem til å ha endå meir fokus på toleranse, likeverd og respekt framover!

|
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR