hareid_il_logo_135.png









 

25.06. TUNG KVELD I UGGEDALEN

Både Ruben-Kenneth Brandal og Henrik Hareide Holstad (gratulerer med 18-årsdagen) var involvert i mykje bra spel i kveld, men scoring rett veg vart det aldri.
Både Ruben-Kenneth Brandal og Henrik Hareide Holstad (gratulerer med 18-årsdagen) var involvert i mykje bra spel i kveld, men scoring rett veg vart det aldri.

Hareid gjekk på sesongen andre 4-0-tap på bortebane då Norborg/Brattvåg2 var motstandarar tysdag kveld.

Heimelaget stilte med fleire 2.-divisjonsspelarar. Og det seier jo seg sjølv at ein skal vere god for å stoppe slike spelarar.

Og det klarte dessverre ikkje Hareid i kveld.

Faktisk leia Hareid sjansestatisikken til pause med 3-2 ifølgje Norborg sin statistikkførar. Likevel leia heimelaget 2-0 halvvegs.

Hareid spelte nemleg god fotball i lange periodar før pause, men klarte aldri å setje sjansane. 

Norborg/Brattvåg2 let seg derimot ikkje be to gonger. I ein periode der Hareid spelte med ti mann grunna ein skade på Andreas Nesset jr. (og sannsynlegvis derfor vart spelt låge) scora heimelaget etter ein retur frå kort hald. Då var det spelt 19 minutt.

På 1-0 var både Gustav Bjørlykke Kløvning og Ola Kalvø Vattøy nær scoring. 

Derfor var det heilt typisk at heimelagets gode spiss Jonassen banka inn 2-0 etter 43 minutt.

Hareid opna 2. omgang friskt og heimepublikum meinte faktisk at Hareid skulle ha hatt ei straffe etter ein hands. Men på heimelagets første visitt i det 50. minutt vart Hareid spelte for enkelt ut og dermed 3-0.

Resten av kampen fekk ei slags treningskamp-stemning og Norborg/Brattvåg2 fekk også ei ny scoring utover i omgangen etetr slurv i Hareid-forsvaret.

Alt i alt ein kjedeleg kveld i Uggedalen. Ein veit aldri korleis det hadde gått om det til dømes hadde stått 1-1 til pause.

Men lærdomen får vere at ein må bli meir kynisk i boksen begge vegar. Igjen viste Hareid mykje bra spel, men det hjelpte fint lite i dag.

Vel, vel. Det er berre å slikke såra og ruste seg til ein knalltøff bortekamp mot LGFK fredag.

Ref.

Hareid (4-3-3): Rikard J. Osnes - Nauris Driksna, Mathias Holstad Grimstad, Markus Hareide, Henrik Hareide Holstad - Ruben-Kenneth Brandal (K), Andreas Nesset jr. (Sebastian Hansen Bjørlykke 83), Daniel Haanes (Nathaniel Eiksund Brekke 62) - Gustav Bjørlykke Kløvning (Kim A. Alvestad 69), Martinus Røyset Bakken (William Valde Bigset 62), Ola Kalvø Vattøy (Andreas Skotheim 62).

*** Hareide Holstad, ** Brandal, * Driksna

INFOTAVLA

Sparebanken Møre Fotballcamp

12.-15. August !

Påmelding her:

Påmeldingsskjema SBM Fotballcamp 12.-15.08.

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR