hareid_il_logo_135.png









 

24.01. SKADETRØBBEL I A-LAGSLEIREN

Ute i lang tid: Venthan Ketheeswaran.
Ute i lang tid: Venthan Ketheeswaran.

Betre no enn seinare, vil kanskje enkelte hevde. Men like fullt noko irriterande: Ei bølgje med skadar råkar Hareid a-lag om dagen.

Venthan Ketheeswaran sleit med ein lyske i fjor, og då han ikkje har blitt noko betre i det siste, har han fått beskjed med lege og hjelpetrenar Vidar Vollsæter om å ta fotballpause og trene alternativt i fleire veker. Kanskje til og med eit par månader?

Robin Jackson Indreflø trena godt innleiingsvis i sesongoppkøyringa, men er no skadd igjen, og trenar alternativt.

Håvard Knudsen Bjåstad vart som mange hugsar hardt skadd under Grendacupen, og blir ute ei god stund til.

Under måndagstreninga stod også August Brandal over grunna ein ankelskade. 

Legg på litt slitasje for nokre som spelte to junior-kvalikkampar søndag, så var det 14 mann på a-laget si trening måndag kveld. Det inkluderte keepertrenar Vagn Scheide Mork.

På plussida er både Alexander Nevstad og Eiliv-Tore Howlid no tilbake for fullt. Og vi kan også ta med at Martinus Røyset Bakken og Nikolay Sundgot, som berre var med delvis i fjor, har trena godt i heile januar så langt. Nikolai Røyset, som var vekke frå treningane i nesten to veker tidlegare i januar grunna eit bryllaup i Spania, er også tilbake i full trening.

NB. Treningskampen mot Volda har fått ny dato, sidan grøntrøyene måtte endre litt på opplegget grunna deltaking i NM. Oppdatert oversikt over treningskampar:

* Torsdag 9. februar: Hareid - Bergsøy
* Torsdag 23. februar: Hareid - Emblem
* Torsdag 2. mars: Hareid - ÅVK
* Torsdag 9. mars: Hareid - Hovdebygda
* Torsdag 23. mars: Volda - Hareid
* Tysdag 4. april: Hødd II - Hareid
* Tysdag 11. april: LGFK - Hareid

ARRANGEMENT

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR