hareid_il_logo_135.png









 

23.07. Før Norway Cup: Hareid G14 i dødens gruppe

I dag er det på tide å presentere Hareid G14. Hareid G14 er eit lag som består av eit godt kollektiv, samtidig som det finst fleire spelarar som kan gjere det lille ekstra. Laget har blant anna landslagsspelarar, kretslagsspelarar, og spelarar som har hospitert med eldre lag.

 Vi har tatt ein prat med ein av trenarane til G14, Vagn Scheide Mork. Han snakkar blant anna om kvifor deira sitt lag er det einaste frå Hareid som er påmeldt i 11-ar klassa, om årets ambisjonar, om kvifor dei kanskje er i ei av dei tøffaste gruppene, og kva dei har lært frå fjorårets Norway Cup.

Då vi nemde at G14 er einaste laget som spelar 11-ar, fortel Vagn Scheide Mork at det var ei sjølvfølge å melde på laget i 11-ar klassa. I fjor spelte dei 9-ar under Norway Cup, samtidig som dei spelte 11-ar heile vårsesongen. Difor seier han at det ikkje var noko alternativ å melde på laget i 7-ar klassa, sjølv om motstanden sikkert hadde vore lettare. -Det er jo trass alt 11-ar dei skal spele resten av livet, avsluttar han med.

Når det gjeld ambisjonar seier han at målet er å gå vidare til A-sluttspel, og heller ta det derifrå. Men å gå vidare til eit A-sluttspel er virkeleg ikkje lett i 11-ar klassa, og spesielt ikkje med tanke på kva motstandarar dei møter. For i gruppa deira finn vi Lørenskog 1, Bækkelagets SK og Skånland OIF. Bækkelagets SK, som er arrangør laget, stiller nok med eit godt lag, men framfor alt stikker Lørenskog 1 ut. Dei er nemleg fjorårets vinnarar av Norway Cup, og driv blandt anna sitt eige akademi. Med det grunnlaget kan vi nok påstå at det er ein sterk kandidat til å vere "dødens gruppe". Men om G14 prestar opp mot sitt maksnivå skal dei nok ha gode moglegheiter til å gå vidare til A-sluttspelet.

For eit år sidan vann G14 pulja si og gjekk med det vidare til A-sluttspelet, men der rauk dei ut på straffer mot Ski IL. Vagn S. Mork håper at lærdommen frå fjorårets turnering er at dei denne gongen klarer å senke skuldrane.

Han avsluttar med å fortelle at sosiale er minst like viktig som det sportslege, og håpet er at spelarane forlet Norway Cup som endå betre kompisar enn då turneringa byrja.

Lykke til! Girri, girri!

Troppa er som følgjer: Andreas Knardal, Alvin Liavåg, Christoffer Ottesen, Daniel Hüttner Pilskog, Daniel Jacobs, David Levi Karlsen, Emil Olai Hasund, Gabriel Olav Peterson, Hilde Årsbog Bjåstad, Iben Andre Breivik, Jack Alme, Lukas Bjerke Osnes, Odin Bakke-Hareide, Olavius Bjåstad Vikebakk, Stian Klungsøyr Roset, Keerthan Sivapalan.

Trenarar er Vagn Scheide Mork, Olav Haug Vikebakk og Reidar Vikebakk.

lagbilete_g14.jpg
|
INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR