hareid_il_logo_135.png









 

23.06. STATISTIKKHJØRNET: GÅR BRANDAL FOR TOPPSCORARTITTELEN?

Ruben-Kenneth Brandal har vore kaptein for Hareid store delar av vårsesongen. Han er også lagets toppscorar med god margin.
Ruben-Kenneth Brandal har vore kaptein for Hareid store delar av vårsesongen. Han er også lagets toppscorar med god margin.

Statistikkhjørnet etter 1-0-sigeren borte mot Blindheim laurdag:

* Ruben-Kenneth Brandal er no oppe i fem seriemål og sju totalt i år. Det er seriemåla som tel i kampen om å bli toppscorar (mål i treningskampane slår inn om det står likt i serien). Her har Brandal no tre mål ned til Martinus Røyset Bakken. Sistnemnde har blitt Hareid-toppscorar éin gong tidlegare, i 2017. Brandal har aldri blitt det. Så får vi sjå kor det går. Fjorårstoppscoraren August Brandal har knapt spelt i år grunna skadar. 2016-toppscoraren Georg Eikrem Olsen er også i stallen.

* Begge Hareid sine sigrar så langt i serien har blitt vunne med siffera 1-0

* Hareid har heldt nullen i tre av ni kampar. Ikkje verst!

* Når Hareid har scora to eller tre mål har det aldri blitt siger i år (tap mot SIF/Hessa og Hødd 2, uavgjort mot Bergsøy).

* Hareid vann også 1-0 i ein treningskamp borte mot Blindheim i vinter.

* Ruben-Kenneth Brandal spelte sin kamp nr. 130 mot Blindheim, Benjamin Reite sin 99. og Martinus Røyset Bakken sin 90. 

* Tre mann deler stjernetoppen så langt (åtte kvar): Mathias Holstad Grimstad, Martin Nikolai Longva og Ruben-Kenneth Brandal. Andreas Nesset jr. har seks. Fleire følgjer like bak. For å kunne bli årets spelar må ein ha spelt minst 70 prosent av kampane. Det har verken Holstad Grimstad eller Longva så langt.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR