hareid_il_logo_135.png









 

22.12. Kim-Tore Husøy ny hovudtrenar

ny_hovudtrenar_kimmen.jpg

Kim-Tore Husøy, som har spelt over 300 kampar for A-laget, blir ny hovedtrenar for Hareid IL under 2020-sesongen.

Etter at Hareid A-lag har stått utan hovudtrenar dei siste vekene kan fotballstyret, med Anders Riise som styreleiar og Ruben Kenneth Brandal som sportsleg ansvarleg i spissen, presentere Kim-Tore Husøy som ny hovudtrenar for A-laget. 

Anders Riise seier: "Vi i fotballstyret er svært glade for å få med oss Kim-Tore Husøy som ny hovudtrenar. Det er ein trenar som både kjenner Hareid, klubben og kulturen svært godt. Han har og spelt sjølv og veit kvar nivået må ligge for at Hareid skal etablere seg som eit stabilt godt 4. divisjons lag." Anders Riise fortel og at det var viktig og få ei rask avklaring før jul slik at alt er klart før sesongoppkøyringa byrjar no i januar.

Hovudpersonen sjølv, Kim-Tore Husøy, seier at han er stolt over å få vere trenar for Hareid. Han fortel at han virkeleg gler seg til å få sette i gang arbeidet saman med ein god stall, med mange spennande unge spelarar. Kim-Tore Husøy vil fokusere på det offensive spelet, og meinar at det blei scora for få mål under årets sesong. Når det kjem til offensivt spel veit han verkeleg kva han snakka om, for han har nemleg scora over 150 mål for Hareid. Målsettninga hans er å få Hareid A-lag til å kjempe på øvre halvdel av tabellen.

Ruben Kenneth Brandal, som er ansvarleg for sport, forstod med ein gang han tok kontakt med Kim-Tore Husøy at dette er ein person som verkeleg brenn for Hareid fotballen. Han er sikker på at med Kim-Tore Husøy sin kunnskap og lidenskap for Hareid vil A-laget kunne fortsette å utvikle seg. 

|
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR