hareid_il_logo_135.png









 

22.04. DET FINST MANGE SLAGS SERIEOPNINGAR

DET GÅR I BØLGJER: Hareid vann 3-1 borte mot Godøy i serieopninga i 2014. Kampen etter vart det 7-0-tap mot Emblem, deretter tre nye sigrar.
DET GÅR I BØLGJER: Hareid vann 3-1 borte mot Godøy i serieopninga i 2014. Kampen etter vart det 7-0-tap mot Emblem, deretter tre nye sigrar.

Det finst mange slags serieopningar.

Til dømes har du dei som skaper falsk optimisme, dei som skaper falsk pessimisme - og så har du dei som gir eit noko lunde realistisk bilete av kor godt laget er og dermed korleis sesongen blir (både med positivt og negativt forteikn).

For å ta eit døme på ei overraskande god, men realistisk serieopning:

I 2007 var det dei færraste som hadde tru på Hareid. 5-0-tap borte mot nyopprykka Blindheim i generalprøven skapte ikkje akkurat optimisme. 5-2-tap mot FK Sykkylven i cupen måndag same veka som seriestarten gjorde ikkje ting betre. Men så kom fredagen og seriestart, også den i Sykkylven. Hareid vann 1-0, følgde opp med to nye sigrar – og kjempa om opprykk til 2.-divisjon i 21 av 22 rundar.

Men så har vi dei serieopningane som skaper falsk optimisme.

I 2012 vann Hareid 5-3 heime mot Stranda i første serierunde i 3.-divisjon. Resten av sesongen vann Hareid berre éin einaste kamp (den 4-3-kampen mot LGFK du kanskje hugsar, då Ola Kalvø Vattøy scora eitt av tidenes finaste Hareid-mål). Så har vi 2015, då Hareid knuste Valder 5-1 borte i serieopninga. Dei fleste trudde Hareid skulle køyre rett gjennom 4.-divisjon (også grunna at Hareid vann ni av ti treningskampar). Vel, til slutt var det berre Vigra og Vartdal som enda BAK Hareid.

Og slik kunne vi ha heldt på. Vi endar til slutt opp med at det blir delt ut like mange poeng i serieopningane som i alle andre seriekampar.

Både i 2003 og 2018 (begge sesongane leia av Kenneth Moldskred) starta Hareid utan ein einaste siger på dei fem første kampane. Begge åra greidde Hareid seg fint til slutt.

I 1998 tapte Hareid også dei fem første. Og tapte deretter nummer seks, sju, åtte, ni, ti og elleve. To poeng vart det til slutt på Hareid-laget som med brask og bram (kanskje eit for mildt uttrykk i denne samanhengen) rykte ned i 4.-divisjon, som noko lunde er det same som dagens 5.-divisjon.

I 2011 tapte damelaget 10-0 borte mot Hasundgot i serieopninga. Det var første gongen laget spelte kamp på 13 år, og det hadde heller ikkje blitt gjennomført mange treningar den vinteren. Laget vann til slutt ein kamp mot Vartdal utpå hausten. Vi kan seie at dei spelte seg i form.

La oss håpe Hareid-laga slepp det i år.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR