hareid_il_logo_135.png









 

19.10. ØVRELID TOPPSCORAR FOR HAREID 2

Håvard Øvrelid fotografert tidlegare i år.
Håvard Øvrelid fotografert tidlegare i år.

Men Joar Møller scora flest totalt.

For to dagar sidan avslutta sjuarlaget Hareid 2 sesongen med bortesiger mot Bergsøy 4.

Håvard Øvrelid var ikkje med då, men han har spelt alle andre kampane til Hareid 2 tidlegare i år (sjølv om han som regel har kome til andre omgang grunna at han er seint ferdig på jobb).

Statistikken for Hareid 2 er ferdig og viser at nettopp Øvrelid er toppscorar med 16 mål.

Totalt har rett nok Joar Møller flest mål med 17. Men to av dei kom i ein treningskamp mot Hjørungavåg, då Øvrelid ikkje scora, så Øvrelid blir den offisielle toppscoraren i år. 

Pokal blir delt ut på årsfesten neste helg.

Vedlagt kan ein sjå heile statistikken for Hareid 2, som inkluderer ein treningskamp mot Hjørungavåg jonsokaftan og åtte seriekampar i haust.

statistikk_hareid_2_-_2019.pdf
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR