hareid_il_logo_135.png









 
19.06. Langevåg - Hareid 1-0: Bittert tap etter god 2. omgang
Det vart mykje nesten for Hareid og Ola Kalvø Vattøy mot Langevåg i kveld.
Det vart mykje nesten for Hareid og Ola Kalvø Vattøy mot Langevåg i kveld.

1. omgangen på Langevåg stadion var jamn. Heimelaget spelte best, medan Hareid skapte mest. I 2. omgang tok Hareid over spelet og skapte den eine sjansen etter den andre. Men det var Langevåg som scora kampens einaste mål etter 81 minutt.

Hareid har spelt ti seriekampar i år. Med unntak av Emblem-kampen har alle vore jamne - anten resultat- eller spelemessig. Slik var det også med torsdagens bortemøte i Langevåg. 

Hareid mangla fleire sentrale spelarar til denne kampen, men fekk om ikkje anna skrapa saman ein bra 11-ar. På benken sat berre reservekeeper Lonbakken, Howlid og Møller (begge nyleg tilbake frå utlandet) og oppmann EOT.

I 1. omgang synest vi Langevåg var hakket betre enn Hareid med tanke på balltempo og samspel. Dei lukkast i å spele seg gjennom Hareid-midtbana fleire gonger. Men forsvaret kom dei sjeldan forbi. Langevåg kom denne omgangen til eit par halvsjansar pluss ein kvalifisert sjanse etter ei god heading (24 minutt).

Hareid opna litt tamt, men spelte seg opp utover i omgangen. Totalt sett ingen topprestasjon dei første 46 minutta, altså. Likevel vart det skapt to store sjansar. Åtte minutt var spelt då Øyvind Hagen la ut på ein vakkert raid som vart avslutta med at han plasserte ballen 20 centimeter over krysset. Ti minutt før pause heada Simon Holstad Grimstad rett i stonga på blank goal etter ein corner. 

I 2. omgang var Hareid gode. Balltempoet var godt, angriparane kom i mykje større grad med i kampen - og det vart skapt seks store sjansar. Både etter 47 og 53 minutt var det kø inne i feltet for å setje ballen i mål, men ingen i raudt makta det. I det 64. minutt avslutta Lars Andreas Dahlen Folkestad like utanfor. 

I løpet av det 73. minuttet kom Hareid til to store sjansar. Først var det igjen fleire umarkerte spelarar i raudt inne i feltet, men ballen kom for brått på Runar Stranden - som ikkje fekk styrt den mot mål. Like etter spelte Øyvind Hagen seg åleine mot LIL-keeper Halvorsen, som redda flott. 

Både etter 86 og 92 minutt noterte vi gode sjansar til Ola Kalvø Vattøy utan sukess. Men då hadde David Vågnes allereie sett inn 1-0 til heimelaget. Hareid var i angrep, men Langevåg kom på ei kjapp og god kontring. Det såg først ut som Hareid hadde kontroll, men med ein kombinasjon av hell og god teknikk fekk Vågnes plassert kula i mål frå kort hald. Det var det Langevåg skapte i 2. omgang (pluss to annullerte mål for offside).

Dermed gjekk Hareid på eit nytt bittert eittmålstap.

Ref. HIL

Kampfakta
4.-divisjon runde 9
Langevåg - Hareid 1-0 (0-0)
Langevåg stadion
Tilskodarar: Ca. 60
Mål: 1-0 Vågnes (81)
Dommar: Torbjørn Myklebust Krøvel, Ørsta IL
Gult kort Hareid: Folkestad
Hareid (4-4-1-1): Vagn Scheide Mork (K) - Robin Jackson Indreflø, Ørjan Engen Grimstad, Martin Nikolai Longva, Nauris Driksna - Runar Stranden, Ulrik Wingsternes (Joar Møller 78), Simon Holstad Grimstad (Eiliv-Tore Howlid 46), Øyvind Hagen (Einar Orten Trovåg 90) - Ola Kalvø Vattøy - Lars Andreas Dahlen Folkestad
*** Ø. Grimstad, ** Hagen, * Vattøy

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR