hareid_il_logo_135.png









 

19.02. Årets første for Hareid 2

I utgangspunktet har ikkje Hareid 2 tenkt å bruke a-lagsspelarar i treningskampane, men Georg Rise Gaasø (her mot Haddal i 2010) har sendt inn ein formell søknad og fått ja til å bli med mot Hasundgot. Til venstre dommar Oddbjørn Aam.
I utgangspunktet har ikkje Hareid 2 tenkt å bruke a-lagsspelarar i treningskampane, men Georg Rise Gaasø (her mot Haddal i 2010) har sendt inn ein formell søknad og fått ja til å bli med mot Hasundgot. Til venstre dommar Oddbjørn Aam.

Hareid 2 spelar sin første kamp for året, og også sin første kamp sidan hausten 2010. Motstandar er Hasundgot på Hasundgot-kunstgraset. Hareid 2 satsar først og fremst på å få seg ei god gjennomkøyring.

Info:
 
Kampstart på Hasundgot kunstgras 20.00. Oppmøte 19.15 i garderobebygget der ute.
 
Ta med alt anna enn drakt sjølv.
 
Tropp:

Ali Khawari (keeper)
Frank Robert Moldskred
Robin Emdal Fure
Kim Lillebø
Einar Orten Trovåg
Ronny Holstad Hansen
Benjamin Slettebakk
Georg Rise Gaasø
Ivar André Aadland
Venthan Ketheeswaran
Hiwa Alipoor
Anders Lillebø
Marton Muren
Markus W. Hatløy
Robert Flø
Honar Alipoor
Preben Nedrelid
John Anders Liaset (?)
Antoni Gardshol (?, gir beskjed måndag)
Tore Rantapelkonen 
 
*
Som vi ser manglar to av lagets viktigaste spelarar. Espen Beiermann er langtidsskadd, medan kapteinen Per Ståle Nykrem er på jobbreise i Kina. Spørsmålsteikn rundt to av dei andre berebjekane, John Anders Liaset og Antoni Garshol.
Troppen består av mest vanlege HIL 2-spelarar, nokre juniorar, samt a-lagsspelaren Georg Rise Gaasø. Laget manglar keeper, men Ali Khawari har prøvd seg i mål i eit par innandørsturneringar og ser ut til å bli einaste tilgjengelge burvoktar til denne kampen.
 
Hareid 2 kjem ikkje til å legge vekt på resultatet denne kampen. Det handlar om å komme i gang kampmessig og å få kjenne kunstgras under føtene. Så langt i år har laget berre hatt ei og ei halv økt ute. Alle i troppen skal få speletid.
 
Hasundgot skal spele i 5.-divisjon i år, hakket over Hareid 2. Dimnøy-laget satsar relativt seriøst og ser ut til å få eit bra lag. Dei tapte 5-2 mot sterke ÅVK for eit par veker sidan.
|
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR