hareid_il_logo_135.png









 

18.11. ÅRETS JULEGÅVE TIL IDRETTSINTERESSERTE HAREIDSDØLINGAR ER KLAR

Framsida og baksida.
Framsida og baksida.

Med 255 bilete frå 70 år med Hareid-fotball – og mykje meir.

23. desember fyller fotballgruppa i Hareid IL 70 år. I det høve gir fotballgruppa ut eit hefte med variert stoff frå desse 70 åra. Hefta er på 116 sider og for å skilje det frå eit tidlegare hefte har det fått namnet «Tid for tilbakeblikk 2».

- Kvifor skifta Hareid draktfarge frå gul til raud?
- Kven var endå yngre enn Fredrik Aursnes då han scora i a-debuten for Hareid?
- Kva var suksessformelen til Kisse då han gjorde Hareid til eit storlag tidleg på 80-talet?
- Var det ein grov dommmarfeil som gjorde at Hareid ikkje spelte i det som i dag heiter OBOS-ligaen på slutten av 80-talet?
- Korleis kunne ei jente frå Hareid bli verdsmeister i fotball?
- Kven åt éin liter boks-is rett før ein a-kamp, for deretter å ta på seg skulda for 7-0-tapet borte mot Langevåg?  
- Kva heitte Hareid-trenaren som var så ivrig då han prata taktikk at han gjekk ut av bilen – i fart?
- Er Åge Hareide den einaste tidlegare Hareid-spelaren som seinare har trena lag i Allsvenskan?

Dette, og mykje meir, får du svar på i dette heftet. Stoppinnhaldet er variert. Du får mellom anna sjå og lese:

* Lagbilete av alle Hareid-laga i 2016.
* Gamle lagbilete heilt frå oppstartsåret 1946.
* Andre bilete, gamle som nye.
* Intervju med og portrett av sentrale personar i Hareid-fotballen desse 70 åra.
* «Gode historier frå Hareid-fotballen», der vi også får møte (for mange) heilt ukjende personar som har spelt for Hareid.
* Overblikk over det som har skjedd i fotballgruppa frå 2013 til 2016, inkludert ein eigen bolk om Sparebank1-cup 2016.
* Ein eigen bolk med det meste du treng å vite om (Sparebank1) Grendacupen frå 1994 til 2015.
* Statistikk.

Totalt inneheld heftet heile 255 bilete.

Tindetrykk i Saunesmarka har stått for trykkinga av hefta.

Jubileumshefta er i sal frå neste veke av. Alle laga i fotballgruppa står for salet.
Hefta kostar 250 kroner. 

Girri, girri!

INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR