hareid_il_logo_135.png









 

18.08. NO VIL VI HA JENTENE PÅ BANA

Her ser vi 10-årsjentene til Hareid i 2012. No håper vi å få opp lag i klubben for jenter under 11 år. Det manglar vi per no.
Her ser vi 10-årsjentene til Hareid i 2012. No håper vi å få opp lag i klubben for jenter under 11 år. Det manglar vi per no.

Om ni dagar startar vi opp treningar for jenter under 11 år. Det håper og trur vi er eit etterlengta tilbod. 

Gladnyheit:

Hareid IL startar endeleg opp med fotballtreningar for dei yngste jentene. I år har Hareid mangla tilbod til jentene mellom seks og ti år. Det gjer vi no noko med.

Vi kallar med dette inn til prøvetrening for alle jenter mellom seks og ti år tysdag 27. august klokka 17.30-18.30.

Ein treng ikkje om å ha spelt fotball tidlegare for å møte. Her er det om å gjere å bli kjent med spelet og å ha det kjekt.

Etter kvart er målet å starte opp fleire jentelag, men i første omgang kallar vi inn til denne prøvetreninga for å sjå kven som er interesserte og kor gamle dei er.

Merk at det er heilt uforpliktande å møte til treninga tysdag 27. august, som blir leia av spelarar frå Hareid sitt damelag.

Treninga går på Hareidsmyrane stadion (kunstgras).

For Hareid IL Fotball: Einar Orten Trovåg, leiar

For evt. spørsmål: 90137211/trovaag@gmail.com

INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR