hareid_il_logo_135.png









 

17.10. HAREID VART BESTE HAUSTLAG I SJUARSERIEN

Stemninga var god i Hareid-leiren etter sigeren i Fosnavåg seint torsdag kveld.
Stemninga var god i Hareid-leiren etter sigeren i Fosnavåg seint torsdag kveld.

Avslutta med krutsterk bortesiger mot erkerivalen.

No er det ingen pris eller pokal som heiter "årets haustlag". Men i og med at Hareid 2 kom inn i sjuarserien til sommaren var det det beste dei kunne oppnå. 

Og etter siste serierunde torsdag viser fasiten sju sigrar og eitt tap på åtte kampar. 

Ikkje verst etter at dei fleste på laget har hatt pause i nesten to år.

Ein kan trygt seie at laget tek vinterpause på topp. For bortekampen mot Bergsøy 4, som dei no heiter, var sterk. 

Dette Bergsøy-laget (som er det eldste av sjuarlaga deira) har for lengst vunne avdelinga og skal spele KM-finale neste veke, slik dei også har gjort fleire år på rad. 

Både i 2016 og 2017 enda Hareid (som heitte Hareid 3 på den tida) som nummer to i sjuarserien på Søre bak nettopp Bergsøy (som har kalla seg både 2, 3 og 4) - etter å ha tapt alle kampane mot dette laget - ofte med store siffer.

Derfor var det ekstra moro å slå Bergsøy 7-5 borte i serieavslutninga. 

Hareid mangla nokre sentrale spelarar (som toppscorar Håvard Øvrelid) og hadde generelt sett mange skadeforfall, men fekk med seg hospitantane William Valde Bigset og Christian Nykrem Korshaug. Begge var sterk deltakige i bortesigeren.

Og for ein dramatisk kamp det vart!

Hareid tok leiinga ved Joar Møller (på hovudet) etter åtte minutt. Men etter 41 minutt hadde Bergsøy snudd til 3-1.

Karol Jaczewski reduserte før pause.

Det gav blod på tann før ein 2. omgang der Hareid var best og leverte ein svært heilhjarta innsats.

Joar Møller utlikna til 3-3 i det 52. minutt. Etter to mål av William Valde Bigset - før og etter eit nytt Bergsøy-mål - stod det 5-4 til Hareid midtvegs i 2. omgang.

Så vart det ny spenning då Bergsøy utlikna i det 77. minutt.

Deretter vart det nokre ulidelege spennande minutt. Så tok lagkaptein Martinus Warholm ansvar og sette inn 6-5 etter eit raid to minutt før full tid.

På overtid fastsetje William Valde Bigset sluttresultatet til 7-5.

Svært godt jobba av alle mann alle. Dette var ei kjekk avslutning på ein kjekk haustsesong.

Så får vi sjå til vinteren om det er grunnlag for å stille lag neste år også.

Først er det i alle tilfelle både årsfest og søndagstreningar i hallen før jul.

Ref.

Hareid: Christer A. Mork (keeper), Martinus Warholm (K), Odd-Magne Brandal, Sander S. Moldskred (som dessverre vart skadd etter eitt minutt på bana), Benjamin Slettebakk, Joar Møller, William Valde Bigset, Christian Nykrem Korshaug, Jan Robin Haraldsvik, Robel Berihu, Karol Jaszewski, Andreas Rise. 

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR