hareid_il_logo_135.png









 

17.01. POKAL DUKKA OPP ETTER 16 ÅR

Den hittil ukjende, eller i alle fall gløymde, pokalen.
Den hittil ukjende, eller i alle fall gløymde, pokalen.

I går fekk fotballgruppa i hende ein pokal som til no har vore ukjent, i alle fall gløymd, i lange tider.

Det er ein sølvpokal frå inne-KM i G16-klassen i år 2000. Det må bety at det var spelarar som Lars Roar Holstad og Gunnar Johann Ringstad som må ha vore sentrale på laget. Trenarar var truleg Tommy Torsvik og Stian André Slotterøy. Det var i alle tilfelle sistnemnde som har funne pokalen. Årsmeldinga til fotballgruppa frå år 2000 er ikkje spesielt fyldig, så det blir mest tipping.

Sølvpokalen har aldri blitt registert verken under "Merittar" her på heimesida (før no), eller i jubileumsheftet frå 2012, som tok føre seg både gull, sølv og bronse i KM inne og ute fram til då.

Vi får satse på at det blir retta opp til 100-årsheftet (eller boka) i 2022...?

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR