hareid_il_logo_135.png









 

14.11. frå årsmøtet: Her er det nye styret

det_nye_styret.jpg

Den 12. november blei årleg møte i Hareid Idrettslag Fotball holdt på klubbhuset. Her møtte mykje folk opp, og det er tydleg at engasjementet i Hareid-fotballen er sterkt.

På mange måtar har det vore eit litt turbulent år for fotballstyret. I løpet av året har styret hatt tre ulike leiarar, Per Johan Rise, Einar Orten Trovåg og Terje Giskeødegård Balsnes. Til tross for desse utfordringane har styret fått utretta mykje. Mykje takket vere at mange engasjerte i Hareid Fotball har lagt ned ein framifrå innsats.

Dei viktigaste sakene i styret i år har vore å følgje opp eksisterande lag, og starte opp igjen nye. Arrangere gode arrangement, og det er lagt mykje fokus på kategorien økonomi.

Prakteksempelet på oppstart av nye lag er Hareid 2, som styret og spesielt Einar Orten Trovåg har stabla på beina igjen etter ei tid utan eit andrelag på Hareid. Etter oppstart på våren, fekk dei dispensasjon til å spele i den lokale sjuarserien. Der blei det meldt inn ei bruttotropp på heile 30 spelarar, noko som er svært imponerande!

Når det kjem til arrangement har fotballgruppa arrangert supersøndag, to miniturneringar og Sparebanken Møre Fotballcamp. Fotballcupen blei ein braksuksess med heile 69 påmeldte barn, og det er noko som bør byggast vidare på. Når det gjeld økonomi har det vore eit litt trøblete år, men her har styret tatt grep og merka av ein eigen økonomileiar i neste års styre.

To av styret sine leiarar i år, Einar Orten Trovåg og Terje Giskeødegård Balsnes oppsumerar sesongen med at det har skjedd veldig mykje bra i år, og at innsatsen blant alle engasjerte har vore framifrå. Dei tenkjer at framtida til Hareid-fotballen slett ikkje ser so verst ut.

Årsmøtet

Under sjølve årsmøtet var det tydleg mykje engasjement frå dei fleste som var tilstades. Spesielt då det gjaldt fotballgruppa si årsmelding og reknskap for 2019, og då treningsavgiftene skulle fastsettast for sesongen 2020. Då blei det stemt fram at treningsavgifta for Jr. og Senior skulle reduserast til 2500 kr og 2700 kr. Økonomien var som sagt eit viktig tema, og budsjettet for Fotball 2020 blei gjennomgått og godkjent med merknadar.

So var det tid for val av det nye styret, der la valnemda fram følgande forslag, som også blei godkjent:

Styreleiar: Anders Riise valt for 1 år.

Nestleiar: Anders Eidsvik valt for 2 år.

Andre styremedlemmar - Sport - Ruben Kenneth Brandal, 2 år.

                                   -Materiell - Silja Øvrelid, 2 år

                                   -Økonomi - Terje Giskeødegård Balsnes, 1 år.

I tillegg sit Sonja Bjørlykke (arrangement), Sindre Breivik (anlegg) og Evelyn Røren (verdi).

Vi ønskjer det nye styret mykje lykke til, og takkar det gamle for ein framifrå innsats!

|
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR