hareid_il_logo_135.png









 

14.07. HAREID 2 OPNAR MOT TJØRVÅG 2

Vinnarlaget på HIL2-treninga torsdag denne veka.
Vinnarlaget på HIL2-treninga torsdag denne veka.

Hareid 2 er sannsynlegvis det laget på Sunnmøre med seinast sesongstart i år.

Ikkje før 29. august går årets første seriekamp. 

Grunnen er at Hareid 2 ikkje stilte lag i vårsesongen.

Men dei er påmelde sjuarfotball i haust.

Motstandar på heimebane 29. august er Tjørvåg 2.

Mange (nokre) vil kanskje hugse ein intens kamp mellom Hareid 3 og Tjørvåg 2 på Hareidsmyrane stadion hausten 2016 som Hareid tapte. Så her er det mykje å revansjere. Årets Hareid 2-lag er ganske likt Hareid 2-3-gruppa i 2016 og 2017.

Hareid 2 har trena heilt fram til denne veka. Alle dei tre siste øktene har hatt over 20 frammøtte. Men halvparten har vore a-spelarar eller folk som er heime på ferie (og ingenting gale i det).

Gruppa tek sikte på å starte på igjen å trene torsdag 8. august og kanskje spele ein treningskamp før 29. august. 

INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR