hareid_il_logo_135.png









 

14.04. DÅRLEG NYHEIT: SIGVE GIR SEG

Sigve for nokre år sidan.
Sigve for nokre år sidan.

Dårleg nyheit for Hareid-fotballen 12 dagar før seriestart: Sigve Overå Hide må kaste inn keeperhanskane og blir ikkje å sjå på bana i år. Sigve slit med ein hofteskade og ser ikkje anna val enn å ta ein lang pause frå fotballen. 

Utruleg synd for både Hareid og Sigve. Han debuterte i seniorfotballen for Hareid 2/Hjørungavåg i 2014, fekk to a-kampar året etter - og har meir eller mindre stått fast på a-laget dei tre siste åra. 

No får vi satse på at Rikard Johannes Osnes held seg skadefri. I tilfelle har Hareid ein bra keeper likevel. I bakhand har vi superveteranen Vagn Scheide Mork, men han vil helst konsentere seg om trenaroppgåver i klubben.

Takk for innatsen så langt og velkomen tilbake seinare, Sigve!

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2021 og Hareidhallen 2020/2021

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider-hadarhallen-2021.pdf
treningstider-kgb-2021.pdf
treningstider_hareidhallen_2021.pdf
Meld deg inn i hareid il

Spond Club

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på lenken under. Her kan du registrere deg og endre på personlege opplysningar. 

spond-logo.jpg
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR