hareid_il_logo_135.png









 

12.10. FRÅ ARKIVET: MANNEN MED MÅLREKORDEN

Gunnar saman med dåverande fotballformann Stian Runne Brandal under årsfesten i 2014.
Gunnar saman med dåverande fotballformann Stian Runne Brandal under årsfesten i 2014.

I den fjerde historiske artikkelen frå jubileumsheftet frå 2016 har vi kome til 60-talet. Då sette Gunnar Aursnes ein rekord det skal bli vanskeleg å slå. 

Gunnar Aursnes: Mannen med målrekorden

Gunnar Aursnes har sett minst éin rekord i Hareid-fotballen det skal bli vanskeleg å slå.

Det var sesongen 1967 Aursnes scora heile 40 mål for a-laget. Hareid måtte spele kampane på Høddvoll det året, sidan det vart lagt gras på Hareid stadion. Men det var ikkje eit hinder verken for Gunnar eller Hareid. Laget vann fleire kampar med store siffer og rykte opp til 5.-divisjon med solid margin.
   - Eg hugsar Georg Eikrem Olsen spurde meg litt om rekorden i 2011. Han låg i rute til å ta han, men sakka litt av på slutten og enda på 32 mål, minnest Gunnar Øvrelid Aursnes, som er hans fulle namn, når vi møter han opp i heimen hans i Hovlia ein vårdag i 2016.

Eit stort engasjement. Gunnar har då nettopp vore gjennom ein akillesoperasjon, men let seg ikkje stoppe så lett. Dei som kjenner Gunnar veit han er ein arbeidsam type med stort engasjement. Og det har idretten i Hareid fått glede av på mange måtar – i mange år. Ser vi på fotballgruppa sin administrative adelskalender er Gunnar oppe i 34 år no. Ingen er i nærheita av det.

Oppdaga av Elvanes. Men som dei fleste begynte Gunnar som menig spelar. Han vaks opp på Hjørungavåg, og der hadde dei ikkje ei ordinær fotballgruppe på den tida. Ungdommane møttest og spelte «framatte» mot «utatte». Men så, truleg i 1961, skrapa ein gjeng frå Hjørungavåg saman eit lag for å møte Hareid til treningskamp. Einar Elvanes vart så imponert av både Gunnar Aursnes og Oddvar Pilskog, at han henta dei til Hareid. Og begge gjekk rett inn på a-laget i 1962.
   Men Gunnar fekk også med seg KM-tittelen til Hareid sitt gutelag i 1961.
   - Eg hadde gløymd at eg var med på det laget, fram til eg såg lagbiletet. Så eg var nok med truleg nokre av kampane. Den siste, då vi vart krinsmeistrar, meiner eg på vi vann 3-2 borte mot Spjelkavik. Tek eg ikkje feil redda (Arne Gunnar) Aschehoug straffe den kampen, fortel Gunnar.

Datt ut av laget. Gjennom 60-talet var ikkje treningsopplegget til Hareid spesielt seriøst. Det var som regel eit par økter i veka, der mesteparten av treningane gjekk med til spel. Gunnar var ein periode på sjøen og har også vore vekke grunna studiar. Men han kom tilbake og hevda seg godt, i fleire posisjonar på bana. Den første trenaren som hadde eit «seriøst» treningsopplegg på Hareid var Ola Christoffersen i 1975. Endå meir system vart det då Hans Gisle «Kisse» Holstad tok over framfor 1979-sesongen.
   - Med Kisse vart treningsopplegget og alt anna meir profesjonelt. Treningane kunne vere beinharde. Men på den tida var eg i ferd med å dette ut av laget. Det var fleire som meinte at eg framleis var god nok. Men Kisse ville satse på yngre spelarar, og det var fair nok, forklarer Gunnar.
   Som med mindre speletid heller tok på seg større oppgåver rundt laget. Til dømes i 1981 og 1982, dei to første sesongane i landsdelsserien, var Gunnar oppmann. Og for å ta kortversjonen: I fleire periodar har han vore med i fotballstyret, både som leiar, sekretær og ikkje minst kasserar. Han har trena aldersbestemte  i fleire etappar, både med og utan søner på laget. Han har trena a-laget ein periode, og han har lagt ned enormt mange timar med banemerking og anna anleggsarbeid.

PS. Alle dei tre sønene til Gunnar, Georg, Asgeir og Fredrik, har spelt a-lagsfotball for Hareid.

INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR