hareid_il_logo_135.png









 

12.10. Endeleg siger, no lever håpet!

Gårsdagens målscorar Ørjan Engen Grimstad og Sebastian Hansen Bjørlykke blir intervjua av Hareid IL sin eigen reporter, Anders Hjelle Øiestad.
Gårsdagens målscorar Ørjan Engen Grimstad og Sebastian Hansen Bjørlykke blir intervjua av Hareid IL sin eigen reporter, Anders Hjelle Øiestad.

I fleire av dei siste kampane har Hareid A-lag mista mange poeng etter mykje stong ut og marginar imot, men i går kom endeleg sigeren, heime mot Blindheim. No lever håpet om fornya kontrakt i 4. divisjon.

Frå start av i gårsdagens kamp såg ein på Hareid at dette var ein kamp som skulle vinnast. Spelarane sprang og sprang, og klinka til i kvar einaste duell. Dei kriga rett og slett for kvarandre, og dette gav resultat. For Hareid hadde for det meste full kontroll i 1. omgong, og skapte fleire farlege sjansar. Både Sebastian Hansen Bjørlykke og Steffen Ekern Glosvik kom blant anna til nokre store sjansar, men det skulle gå 40 minutt før målet kom. Då fekk Hareid nemleg frispark omkring 30 meter frå mål. Istaden for å skyte so "chippa" Bastian Rasmussen ballen over muren og inn i feltet. Der var Ørjan Engen Grimstad på rett plass til rett tid, og stussa ballen enkelt i eine hjørnet, 1-0 ledelsen var eit faktum. Etter målet skapte Hareid eit vanvittig press mot Blindheim, og den eine enorme sjansen blei etterfulgt av den andre. Men Blindheim var heldige, og laga gjekk berre til pause med 1-0 leiing til Hareid.

Til pause var det Hareid som gjekk inn som det førande laget, men ut til 2. omgong var rollene snudd. For dei ti første minutta av omgongen skapte Blindheim nokre enorme sjansar, men heldigvis for Hareid klarte dei ikkje å omsetje sjansane til scoring. I det 60. minutt skulle derimot utlikninga komme, då Blindheim fekk straffe. Frå 11-meteren var Aleksander Ervik sikkker, og stillinga var då 1-1.

Det som kjenneteikna Hareid denne kvelden var at dei verkeleg ikkje hadde tenkt å akseptere noko anna enn siger og tre poeng. Difor var det eigentleg ikkje so overraskande at 2-1 målet kom berre nokre få minutt seinare. Etter at banens bestemann Bastian Rasmussen hadde dribla seg forbi fleire mann slo han ei pasning til Benjamin Reite. Han fekk vendt opp og slo ei god pasning gjennom forsvaret til Blindheim. Pasninga gjekk til Sebastian Hansen Bjørlykke som mottok ballen på kanten av 16-metaren. Derifrå skaut han ballen knallhardt i nærmaste hjørne. Keeper var på ballen, men skotet var so hardt at ballen likavel gjekk i mål. Stillinga var med det 2-1 til Hareid. 

Dei siste 20-30 minutta av kampen handla for Hareid sin del berre om å sikre sigeren, og dei la seg med det litt lavare i bana. Då fekk Blindheim naturlegvis meir ball, og det blei med det eit visst press mot Hareid-forsvaret. For publikum var denne fasa av kampen litt vel nervepirrande, men Blindheim kom eigentleg aldrig dei store sjansane, og då dommaren blåste av kampen var det alt i alt ein fullt fortjent Hareid siger.

Takket vere gårsdagens utruleg viktige siger lever håpet om fornya kontrakt i 4. divisjon virkeleg vidare. No har Hareid berre eit og to poeng opp til dei nærmaste konkurrentane, og med siger i dei to siste kampane burde plassen vere sikra. For Hareid har no alt i eigne hender innfor dei to siste kampane på heimebane i år. Først ventar Larsnes/Gursken i neste runde, før laget som har tapt sju rake kampar ventar i siste runde, nemleg Nordborg/Brattvåg 2. Vi håper at alle som er glade i Hareid-fotballen tek turen for å støtte A-laget i desse to ekstremt viktige kampane!

Ref.

Hareid stilt med følgjande lag: Rikard Osnes - Henrik Hareide Holstad, Martin Longva, Ørjan Engen Grimstad, Håvard Bjåstad - Andreas Nesset, Benjamin Reite(Tarje Riise), Bastian Rasmussen - Steffen Ekern Glosvik, August Brandal(Sebastian Hansen Bjørlykke), Sebastian Hansen Bjørlykke(Fredrik Andresen)

***Bastian Rasmussen **Sebastian Hansen Bjørlykke *Henrik Hareide Holstad

|
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR